Brukarretta tenester

Heimesjukepleie vert tilbydd heimebuande personar med trong for nødvendig helsehjelp, slik at ein kan bu heime lengst mogleg på best mogleg vis.

Heimesjukepleie (personretta teneste)

I samarbeid med brukaren, ynskjer me å ivareta ressursane og dei grunnleggjande behova ved kort- eller langvarig funksjonssvikt. Tryggleiksalarm, hjelpemiddel og velferdsteknologi vil bli vurdert, slik at ein i størst mogleg grad kan oppretthalde ein sjølvstendig funksjon/eigenomsorg. Tenesta vil bli kontinuerlig vurdert og er ei gratis teneste som ein må søkje om hos Tildelingskontoret. Du finn søknadsskjem for helse- og omsorgstenester lenger nede på sida.

Kva kan heimebaserte tenester hjelpe deg med ?

  • Hjelp til personleg hygiene som stell, toalettbesøk, dusj, opplæring i bruk av inkontinensutstyr, stell av stomi, kateterisering og stell av kateter m.m
  • Handsaming av sår skal som regel vera vurdert av lege. Dersom det føreligg fagleg grunngjeving frå lege på at sårstell skal utførast av helsepersonell, kan ein få hjelp dersom det er vanskeleg for deg å kome deg til legekontoret.
  • Medisin. Hovedregelen er at du skal ta hand om medisinane dine sjølve. Dersom ein treng hjelp med administrering av medisiner, må ein søkje om multidose.
  • Ernæringsoppfølging. Kartlegging og oppfølging i forhold til ernæringsrisiko, kostrettleiing, samt oppfølging av vekt vert tilbydt. Om du ikkje klarer å lage måltida dine sjølve, kan du få hjelp til dette, men sistnevnte er ei betalingsteneste som du må ha vedtak på.
  • Prøvetaking/ undersøkjingar/ injeksjonar. Måling av blodtrykk, puls og blodsukker er undersøkingar som vert gjort som ledd i ein observasjon. Dette skal grunngjevast fagleg og væra tidsavgrensa. Tenester som du kan få tilbod om andre stader, vil hovedsakleg ikkje verta tilbydd av heimesykepleien. Til dømes : B12 inj., influensavaksine, blodprøver o.l . Ein må søkje Tildelingskontoret dersom ein av helsemessige årsaker ikkje kan få utført desse tenester hos fastlegen. Ein må sjølve tinga drosje for transport til lege og anna. Har du rett på transport via Pasientreiser, er det legekontoret eller sjukehusavdelinga som skal tinge. Følgje til lege, sjukehus, fotpleiar, frisør og anna, vert ikkje tildelt. Då må du nytta pårørande eller andre.
  • Tilsyn. Tilsynsbesøk/ringetilsyn vert hovedsakleg ikkje tildelt, det vert tilbydd tryggleiksalarm.
  • Ved kognitiv svikt. Personer med demens og kognitiv svekking, kan du ikkje l like stor grad som andre, få ansvar for eiga helse og livssituasjon, då dei ofte har avgrensa innsikt i eigne behov. I samarbeid med pårørande vert det lagt vekt på tillitsskapande arbeid for å få innpass til å gi nødvendig helsehjelp. Heimesykepleien må ofte ta kontroll over områder der ein ser at det sviktar hos brukaren. Her er det viktig med tett samarbeid med ergoterapeut frå aktivitet & rehabilitering (demensteam Lenke til et annet nettsted.), utføre kartlegging i forhold til demens og kognitiv svekking. Demensrådgjevar Lenke til et annet nettsted. tilbyr også råd og veileiing undervegs.

Heimehjelp ( praktisk bistand)

Praktisk bistand er ei betalingsteneste som du må søkje om. Praktisk bistand kan til dømes vere vask av klede, kaste boss og reinhald. Reinhald vert i utgangspunktet tilbydd ein gong kvar tredje veke. Ved heilagdagar fell tenesta vekk.

 

Priser

Stord kommune sine betalingssatsar skal til ei kvar tid vera i samsvar med:

Det er ingen eigenbetaling for følgjande tenester:

  • Personretta tenester (heimesjukepleie)
  • Avlasting
  • Støttekontakt

Praktisk bistand og opplæring 

Husstanden si nettoinntekt

Abonnement

Timepris

Inntil 2G2400
2G - 3G2 262565
3G - 4G3 392565
4G - 5G4 523565
Over 5G5 654565
Eigenbetaling per mnd/time

Sjå oversikt over grunnbeløpet (G) i folketrygden på Skatteetaten Lenke til et annet nettsted.

Minstepensjonistar betalar i samsvar med forskriftene, f.t. kr. 240 per mnd., uansett timetal.  

Ein legg opp til auke i timeprisen  med 4,5 % i 2025 til kr 565. Abonnementsprisen er bygd opp på 4 x timepris  for 2G-3G, 6 x timepris for 3G-4G, 8 x timepris for 4G -5G, og 10 x timepris for inntekt over 5G. Tidsforbruket vert runda opp til næraste halve time. Ingen tenester skal kosta over 565 kr pr time.

Alle betaler eigenandel for tryggleiksalarm.

Velferdsteknologi omfattar ulike sensorar eller hjelpemiddel som kan tryggje brukar og pårørande, samt effektivisere tenestene.

Type tilbodPris
TryggleiksalarmKr 303 per mnd.
Etableringsgebyr tryggleiksalarmKr 608
Etableringsgebyr nøkkelboksKr 888

Relatert informasjon

Sist oppdatert

Fant du det du var på jakt etter?