Heimehjelp
Kort fortalt
Du skal få den hjelp og tryggleik du treng, uansett alder eller funksjonsnivå. Heimehjelp er et tilbod til deg som fortsatt vil bu heima, men trenger hjelp til rengjering eller handling.
Beskrivelse
Kva kan du få hjelp til av praktisk bistand etter kartlegging og vurdering (blir skildra i vedtak)
Reinhald av rom som du nyttar i det daglege kvar 3. veke |
Sengeskift kvar 14. dag |
Tilrettelegging av måltid |
Vask av klede |
Bestilling av matvarer |
Ta inn og ut av oppvaskmaskin |
Bistand til å ta ut boss vert vurdert der dette er naudsynt |
Hente post vert vurdert der dette er naudsynt, postkasse på husvegg (søknad til posten) |
Kva praktisk bistand team ikkje gjer
Stryke klede |
Reingjering av område over skulderhøgde |
Vask av vindauge |
Støvsuging av møblar og inventar |
Reingjering av rom som ikkje er i bruk |
Opplæring i hushald |
Hagearbeid |
Nedvask |
Bake og matlaging |
Rydde og vaske etter besøkande |
Hjelp til kjæledyrhald |
Hente post og pakkar |
Flytte bossdunkar og frakte boss til bossfylling |
Gjera istand til høgtider |
Flytte møblar |
Måke snø |
Henta ved og fyre i omnen |
Bytte batteri i røykvarslar og bytte pære/lys |
Kriterier
Du har krav på bistand dersom du ikkje kan dra omsorg for deg sjølv eller er avhengig av praktisk hjelp for å greie dei daglege gjeremåla. Du har eit særleg behov for hjelp på grunn av sjukdom, funksjonshemming eller av andre årsaker.
Pris for tenesten
Dersom heimehjelparen skal bistå deg med personleg stell (toalettbesøk, å stå opp, av- og påkleding, osb.), skal den delen av tenesta vere gratis. Kommunen kan ta eigenandel for annen type praktisk hjelp.
Tilknyttede brosjyrer, dokumenter, kart og lignende
Regelverk
Dette er ei lovpålagd teneste etter helse- og omsorgstenestelova. Sjå blant anna helse- og omsorgstenestelova § 3-2. Om betaling, sjå kapittel 8 i forskrift til lov om sosiale tjenester.Lover
Praktiske opplysninger
Veiledning - hvordan få utført eller motta tjenesten
Du kan kontakte kommunen for å få hjelp til å søkje om heimehjelp, eller du kan be andre hjelpe deg dersom du har behov for det. Dersom ein annan søkjer på dine vegner, må vedkommande ha fullmakt.
Vedlegg
Du må leggje ved fullmakt dersom det er nokon som søkjer for deg.
Saksbehandling
Du vil få beskjed om at kommunen behandlar saka di, og du vil få høve til å uttala deg. Kommunen skal innhenta alle nødvendige opplysningar for å avgjera saka, og du har rett til å sjå dokumenta i saka. Vedtaket vil innehalda grunngivinga til kommunen, korleis dei kom fram til avgjerda, og kven som har vore involvert i behandlinga. Vedtaket vil bli sendt til deg skriftleg.
Saksbehandlingstid
Kommunen skal behandle saka så snart som mogleg. Dersom saka ikkje kan avgjerast innan éin månad, skal du ha skriftleg melding om grunnen til det. Du skal samstundes få opplyst når ein ventar at vedtaket blir gjort.
Klagemulighet
Dersom du er misnøgd med vedtaket, kan du klage til kommunen innan ein frist på tre veker frå du tok imot det. Forklar kva du er misnøgd med og kvifor du meiner at vedtaket bør endrast. Dersom du treng rettleiing, kan du vende deg til kommunen. Dersom kommunen lèt vedtaket stå, blir saka sendt vidare til statsforvaltaren, som avgjer om klagen skal takast til følgje. Du kan også klage til Statsforvaltaren i fylket ditt over uforsvarleg utføring av tenesta, utilstrekkeleg eller feil informasjon eller brot på teieplikta. Skulle det skje ei svært alvorleg hending i samband med tenesta kan du som pårørande eller pasient sende ei varsling direkte til Statens helsetilsyn på telefonnummer 474 86 882.
Prisar
Heimebaserte tenester
Stord kommune sine betalingssatsar skal til ei kvar tid vera i samsvar med:
- Forskrift til lov om kommunale helse- og omsorgstenester
- Rundskriv – presisering av regelverk for eigenbetaling for helse- og omsorgstenester
- Gjeldand rundskriv om fribeløp og eigendelar for kommunale pleie- og omsorgstenester
- Forskrift om endring i forskrift om egenandel for kommunale helse- og omsorgstjenester - Lovdata Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.
Det er ingen eigenbetaling for følgjande tenester:
- Personretta tenester (heimesjukepleie)
- Avlasting
- Støttekontakt
Praktisk bistand og opplæring
Husstanden si nettoinntekt | Abonnement | Timepris |
|---|---|---|
| Inntil 2G | 245 | 0 |
| 2G - 3G | 2 353 | 588 |
| 3G - 4G | 3 529 | 588 |
| 4G - 5G | 4 705 | 588 |
| Over 5G | 5 882 | 588 |
Eigenbetaling per mnd/time
Sjå oversikt over grunnbeløpet (G) i folketrygden på Skatteetaten Lenke til et annet nettsted.
Minstepensjonistar betalar i samsvar med forskriftene, f.t. kr. 245 per mnd., uansett timetal.
Ein legg opp til auke i timeprisen med 4 % i 2026 til kr 588. Abonnementsprisen er bygd opp på 4 x timepris for 2G-3G, 6 x timepris for 3G-4G, 8 x timepris for 4G -5G, og 10 x timepris for inntekt over 5G. Tidsforbruket vert runda opp til næraste halve time. Ingen tenester skal kosta over 588 kr pr time.
Relatert informasjon
Relaterte artiklar
- Hjemmehjelp
- المساعدة المنزلية
- Home Assistance
- Ruoktoveahkki
- Ev işlerinde yardım
- Aide à domicile
- Социальное обслуживание на дому
- Fellesfunksjonar
- Tiltak for heimebuande personar med demens og deira pårørande
- Innbyggjardialog / digihelse
- Husahaugen bustadar
- Studalen bustadar
- Sæbøhaugen B
- Valvatna bustadar
- Åsen bustadar
- Brukarretta tenester
- Kontakt heimebaserte tenester
- Tildelingskontoret
Sist oppdatert
