Husahaugen bustadar

Avdeling Husahaugen er eit heilt nytt bufellesskap for personar med utviklingshemming. Hos oss har me 9 bustader. Kvar bustad inneheld 1 soverom i tillegg til stove/kjøkken. Det er tilknytt eigen personalbase til bustadane og det vert gitt heildøgns omsorg til dei bebuarane som har behov for det. Bustadane er kommunalt eigd, og bebuarane leiger hos Stord kommune.

Alle brukarane mottek tenester etter individuelle vedtak som er heimla i Helse- og omsorgstenestelova Lenke til et annet nettsted.. Tenestene vert gitt utifrå den einskilde brukar sine føresetnader, ønskjer og behov, i samarbeid med den einskilde brukar, pårørande og verje.

Alle bustadane samarbeider med arbeids- og aktivitetstilbod, pårørande, fastlegar, fysio- og ergoterapeutar, habiliteringstenesta m.fl.

Visjon:

Gode relasjonar skapar trivsel og meistring

Mål:

Overordna mål er å:
- skapa ein trygg og omsorgsfull heim
- gje god dagleg omsorg og sosial støtte
- leggje til rette miljøet for eigenmeistring
- bidra til eit godt samarbeid med pårørande

Priser

TilbodPris
Husleigeprisjustert med auken i KPI-indeksen (konsumprisindeksen). Melding vert sendt bebuarane.
Personretta tenester (heimesjukepleie)ingen eigenbetaling
Praktisk bistand (sjå over)
Mat per månadkr 5 005
Vask av tøy per månadkr 1 208

Bebuarane på Knutsaåsen omsorgssenter og Bergtun bufellesskap har inngått avtale med dagleg vask og leige av sengetøy, frotté samt vask av bebuartøy. Dette er gjort ut frå smitterisiko. Satsane vert heva med 3,5 % i 2026 og kompenserer for kostnadane Stord kommune har.

Stord kommune sine betalingssatsar skal til ei kvar tid vera i samsvar med:

Det er ingen eigenbetaling for følgjande tenester:

  • Personretta tenester (heimesjukepleie)
  • Avlasting
  • Støttekontakt

Praktisk bistand og opplæring 

Husstanden si nettoinntekt

Abonnement

Timepris

Inntil 2G2450
2G - 3G2 353588
3G - 4G3 529588
4G - 5G4 705588
Over 5G5 882588

Eigenbetaling per mnd/time

Sjå oversikt over grunnbeløpet (G) i folketrygden på Skatteetaten Lenke til et annet nettsted.

Minstepensjonistar betalar i samsvar med forskriftene, f.t. kr. 245 per mnd., uansett timetal.  

Ein legg opp til auke i timeprisen med 4 % i 2026 til kr 588. Abonnementsprisen er bygd opp på 4 x timepris  for 2G-3G, 6 x timepris for 3G-4G, 8 x timepris for 4G -5G, og 10 x timepris for inntekt over 5G. Tidsforbruket vert runda opp til næraste halve time. Ingen tenester skal kosta over 588 kr pr time.

Relatert informasjon

Sist oppdatert

Fant du det du var på jakt etter?