Butilbod for funksjonshemma
Me har ulike buformer for personar med funksjonshemming. Buformen avhenger av den enkelte sitt funksjonsnivå.
- leiligheit i bufellesskap eller samlokalisert bustad - for personar som har ulike behov for tilrettelegging og støtte frå fagpersonar
- frittliggande leiligheit som du leiger av kommunen - for personar som kan klara seg med bistand frå miljøtenesten
Kven kan få tilbodet?
Du kan søkja butilbod fra kommunen dersom:
- du av ulike grunnar ikkje har moglegheit til å skaffa deg ein eigna bustad sjølv
- du har behov for særleg tilpasning på grunn av funksjonshemming
Slik søkjer du
I søknadsskjemaet gjer du greie for hjelpebehova dine. Me vurderer hjelpebehovet ditt og finn det tilbodet som passar best for deg. Søknadsskjema finn du nedanfor.
Kva skjer etter at eg har søkt?
Etter at du har sendt inn søknaden din, vil ein sakshandsamar ta kontakt med deg for å vurdera behovet ditt.
Kva kostar det?
Du teiknar leiekontrakt med Stord kommune og betalar husleige etter kommunale satsar. Straumutgifter etter avtale. Du kan også søkja om bustønad etter visse vilkår. Les meir om bustønad her.
Klage
Har du klage på vedtak, ta kontakt med Bustadkontoret her.
Priser
Knutsaåsen omsorgssenter og Bergtun bufellesskap
| Tilbod | Pris |
|---|---|
| Husleige | prisjustert med auken i KPI-indeksen (konsumprisindeksen). Melding vert sendt bebuarane. |
| Personretta tenester (heimesjukepleie) | ingen eigenbetaling |
| Praktisk bistand | (sjå over) |
| Mat per månad | kr 5 005 |
| Vask av tøy per månad | kr 1 208 |
Bebuarane på Knutsaåsen omsorgssenter og Bergtun bufellesskap har inngått avtale med dagleg vask og leige av sengetøy, frotté samt vask av bebuartøy. Dette er gjort ut frå smitterisiko. Satsane vert heva med 3,5 % i 2026 og kompenserer for kostnadane Stord kommune har.
Relatert informasjon
Relaterte artikler
- Bustadrådgjevingsteneste
- Husahaugen bustadar
- Saghaugen bustadar
- Sæbøhaugen B
- Valvatna bustadar
- Åsen bustadar
- Studalen bustadar
- Tildelingskontoret
- Bustadsosial handlingsplan
- Informasjon til barn og unge med nedsett funksjonsevne
- Foreldre til barn og unge med nedsett funksjonsevne
- Kommunal bustad
- Utleigebustadar
- Utleigebustad
- Assistance in Securing Housing
- Suohkana ásodat
- Муниципальное жильё
- Logement social
- Halk konutları
- المسكن البلدي
- Tilskot til tilpassing av bustad
- Tilskot til etablering i eigen bustad
- Bustønad
- Sævarhagen avlastingsbustad
- Hjelp til å skaffe bustad
- Hjelp til å skaffe bolig
- Ambulant team psykisk helse
- Avlasting
Sist oppdatert
