Hjelp til å skaffe bustad
Kort fortalt
Har du problem med å kome deg inn på bustadmarknaden, eller problem med å bli buande i den bustaden du har? Då kan du søkje kommunen om råd og hjelp.
Beskrivelse
Nokre vil ha problem med å kome seg inn på bustadmarknaden eller å bli buande i den bustaden dei har. Kommunen har eit ansvar for å hjelpe til at alle har ein god og trygg stad å bu. Ut frå din situasjon, kan kommunen hjelpe deg med
- råd om økonomi
- ulike tenester du kan søkje om
- hjelp til å søkje støtte eller lån
- leie av kommunal bustad
- hjelp i ein kjøps- eller leigeprosess
- hjelp til meistring i ein busituasjon.
Målgruppe
Personar som ikkje klarer å skaffe eller behalde ein permanent bustad.
Kriterier
For å få denne tenesta må du ha lovleg opphald i Noreg og kommunen må vurdere at du er vanskelegstilt på bustadmarknaden.
Regelverk
Dette er ei lovpålagd oppgåve.Lover
Praktiske opplysninger
Veiledning - hvordan få utført eller motta tjenesten
Når du ber om hjelp vil kommunen ta stilling til om du er vanskelegstilt på bustadmarknaden. Kommunen fattar eit enkeltvedtak om å gi bistand eller å avslå bistand. Viss kommunen vurderer at dei skal gi deg hjelp, vil det stå i vedtaket kva hjelpa skal gå ut på.
Saksbehandlingstid
Kommunen skal behandle saka så snart som mogleg. Viss saka ikkje kan avgjerast innan éin månad, skal du ha skriftleg beskjed om grunnen til dette. Du skal samtidig få opplyst når det er grunn til å tru at vedtaket blir gjort.
Klagemulighet
Viss du er misfornøgd med vedtaket eller meiner at kommunen ikkje har følgt reglane for saksbehandling, kan du klage. Klaga blir send til Statsforvaltaren i fylket ditt. Kommunen kan hjelpe deg med klaga.
Relatert informasjon
Relaterte artiklar
- Hjelp til å skaffe bolig
- Bustadrådgjevingsteneste
- Kommunal bustad
- Utleigebustad
- Муниципальное жильё
- Logement social
- Suohkana ásodat
- المسكن البلدي
- Assistance in Securing Housing
- Halk konutları
- Utleigebustadar
- Tilskot til utgreiing og prosjektering
- Subvention à l’immobilier pour l’acquisition de son propre logement
- Subvention pour aménager un logement
- Doarjja iežas orrunviesu háhkat
- Doarjja orrunviesu heiveheapmái
- Evde uyarlama için yardım
- Tilskudd til etablering i egen bolig
- Tilskudd til tilpasning av bolig
- Tilskudd til utredning og prosjektering
- Субсидия на адаптацию жилья
- Субсидия на покупку собственного жилья
- المعونة المتعلقة بتأثيث المسكن
- المعونة لإجراء تغييرات مناسبة في المسكن
- Establishment grants for housing
- Grant for Assessment and Project Planning
- Housing Adaptation Grant
- Konut edinme yardımı
- Startlån bustad
- Startlån bolig
- Tildelingskontoret
- Sosialtenester for innsette i fengsel
- Tilskot til etablering i eigen bustad
- Tilskot til tilpassing av bustad
- Bustønad
- Butilbod for funksjonshemma
- Husahaugen bustadar
- Saghaugen bustadar
- Studalen bustadar
- Sæbøhaugen B
- Åsen bustadar
- Valvatna bustadar
- Bustadsosial handlingsplan
- Ambulant team
Sist oppdatert
