Startlån bustad
Kort fortalt
Startlån er lån til etablering av den første bustaden din. Du kan søkje kommunen om startlån.
Beskrivelse
Har du langvarige finansieringsproblem med bustaden, kan startlån bidra til at du kan skaffe deg ein nøktern og rimeleg bustad. Startlånet kan bli gjeve som topp- eller fullfinansiering til
- kjøp av bustad
- utbetring og tilpassing av bustad
- toppfinansiering ved bygging av ny bustad
- refinansiering av dyre lån slik at husstanden kan bli buande i bustaden
Startlånet er behovsprøvd, og kommunen kan gje startlån til personar som ikkje får lån eller tilstrekkeleg lånebeløp i ordinære kredittinstitusjonar. I vurderinga legg kommunen vekt på om du har langvarige problem med å finansiere eigd bustad og har nytta moglegheita til sparing innanfor dei økonomiske rammene du har.
Treng du avdragsfriheit på startlånet ditt?
Då må søkja om dette. Søknaden skal leverast skriftleg med grunngjeving på kvifor ein søkjer om avdragsfriheit, med følgjande vedlegg:
- Skattemelding - utskrift av siste godkjente
- Dokumentasjon inntekt pr søknadstidspunkt
- Dokumentasjon gjeld pr søknadstidspunkt
- Dokumentasjon eventuell formue pr søknadstidspunkt
- Informasjon om kva disponibel sum avdrag skal nyttast til
- Utskrift frå gjeldsregisteret som dokumentasjon for gjeld
- Siste tilgjengelege takst på bustaden
Kriterier
Busituasjonen din er ikkje tilfredsstillande. Du må kunne dokumentere kva husstanden kan betale samla og vere i stand til å betene renter og avdrag på lånet. Du må ha evne til å betene lånet over tid og fortsatt ha nødvendige midlar igjen til livsopphald.
Pris for tjenesten
Startlån frå kommunen skal ta utgangspunkt i rente- og avdragsvilkåra i Husbanken.
Tilknyttede brosjyrer, dokumenter, kart og lignende
Samarbeidspartnere
Tilbodet er utvikla i eit samarbeid mellom KS, Husbanken, Sparebankforeningen, Finansnæringens hovedorganisasjon og staten.
Regelverk
Lover
Praktiske opplysninger
Veiledning - hvordan få utført eller motta tjenesten
Du må søkje elektronisk. Bruk lenkja nedanfor. Du kan kontakte kommunen for å få hjelp til å søkje om startlån.
Vedlegg
- Sjølvmelding for det siste året
- Lønsslipp/trygdeutbetaling for dei to siste månadene
- Dokumentasjon på anna inntekt enn løn eller trygd
- Stadfesting av annan finansiering/eigenkapital
- Kopi av gyldig legitimasjon
Saksbehandlingstid
Kommunen skal behandle saken så snart som mogleg. Dersom saka ikkje kan avgjerast innan éin månad, skal du ha skriftleg melding om grunnen til det. Du skal samstundes få opplyst når ein ventar at vedtaket blir gjort.
Klagemulighet
Dersom du er misnøgd med vedtaket, kan du klage til kommunen innan ein frist på tre veker frå den datoen du tok imot vedtaket. Forklar kva du er misnøgd med og kvifor du meiner vedtaket bør endrast. Treng du rettleiing, kan du vende deg til kommunen. Held kommunen fast på avgjerda, blir saka send vidare til klagenemnda i kommunen for behandling.
2025 KF (Kommuneforlaget AS), Oslo, KF Tjenestekatalog.
Tjenestebeskrivelsene i KF Tjenestekatalog viser lovpålagte kommunale tjenester til innbyggere og næring. Beskrivelsene blir oppdatert fortløpende ved endringer i lover og sentrale forskrifter.
Tjenestebeskrivelsen er automatisk oppdatert 06.01.2025
Relatert informasjon
Relaterte artiklar
- Tilskot til utgreiing og prosjektering
- Subvention à l’immobilier pour l’acquisition de son propre logement
- Subvention pour aménager un logement
- Doarjja iežas orrunviesu háhkat
- Doarjja orrunviesu heiveheapmái
- Evde uyarlama için yardım
- Tilskudd til etablering i egen bolig
- Tilskudd til tilpasning av bolig
- Tilskudd til utredning og prosjektering
- Субсидия на адаптацию жилья
- Субсидия на покупку собственного жилья
- المعونة المتعلقة بتأثيث المسكن
- المعونة لإجراء تغييرات مناسبة في المسكن
- Establishment grants for housing
- Grant for Assessment and Project Planning
- Housing Adaptation Grant
- Konut edinme yardımı
- Startlån bolig
- Sosialtenester for innsette i fengsel
- Tilskot til etablering i eigen bustad
- Tilskot til tilpassing av bustad
- Hjelp til å skaffe bustad
- Hjelp til å skaffe bolig
- Bustønad
- Bustadrådgjevingsteneste
- Tildelingskontoret
Sist oppdatert
