Sosialtenester for innsette i fengsel
Kort fortalt
Innsette i fengsel har rett til å søkje om å få sosialtenester på lik linje med andre i kommunen.
Beskrivelse
Innsette i fengsel kan søkje sosialtenesta i den kommunen dei haldt til i før innsetting, om økonomisk sosialhjelp og andre tenester. Det er ein føresetnad at ein først undersøkjer om fengselsvesenet kan dekkje det behovet ein har. Pårørande kan få dekt reiseutgifter til fengselsbesøk dersom dei ikkje har pengar til å dekkje det sjølve. Når den innsette er sett fri, kan han/ho søkje tenester i den kommunen han/ho vel å bu i. Tenesta kan omfatte økonomisk rådgjeving og stønad til utgifter som
- klede
- briller og andre hjelpemiddel
- tannhelseteneste
- kost og losji under permisjonar
- klede og sko
- midlertidig husvære
- hjelp til å hjelp til å skaffe ein permanent bustad.
Kriterier
Tenestene blir tildelte etter ein individuell vurdering.
Regelverk
Kommunen har plikt til å sørgje for denne tenesta. Sjå spesielt- Barnevernslova Kapittel 3 Hjelpetiltak
- Sosialtenestelova §§ 17, 18 og 19
- Lov om kommunenes ansvar for det boligsosiale feltet.
Lover
Praktiske opplysninger
Veiledning - hvordan få utført eller motta tjenesten
Du kan vende deg til den kommunen du budde i før arrestasjonen. Dersom du ikkje hadde opphald i Noreg da du blei arrestert, kan du vende deg til arrestasjonskommunen.
Saksbehandling
Det vil bli gjort eit vedtak. I vedtaket går det fram om du har fått tildelt tenesta eller ikkje, og kva tenesta eventuelt omfattar.
Saksbehandlingstid
Kommunen har plikt til å behandle saka så snart som råd. Dersom saka ikkje kan avgjerast innan éin månad, skal du ha skriftleg svar om årsaka til det, med opplysningar om når ein meiner at vedtaket vil bli gjort.
Klagemulighet
Du kan klage på vedtaket innan ein frist på tre veker frå du fekk det. Klagen sender du til den instansen som har gjort vedtaket. I klagen skal du føre opp kva du ønskjer endra i vedtaket og grunngje det. Kommunen vil kunne gje deg rettleiing. Klageinstans er Statsforvaltaren. Før klagen blir send dit, skal den instansen i kommunen som gjorde vedtaket, vurdere om det er grunn til endre det.
2023 KF (Kommuneforlaget AS), Oslo, KF Tjenestekatalog.
Tjenestebeskrivelsene i KF Tjenestekatalog viser lovpålagte kommunale tjenester til innbyggere og næring. Beskrivelsene blir oppdatert fortløpende ved endringer i lover og sentrale forskrifter.
Tjenestebeskrivelsen er automatisk oppdatert 27.06.2023
Relatert informasjon
Relaterte artiklar
- Økonomisk sosialhjelp
- Sosialtjenester for innsatte i fengsel
- المساعدات المالية الاجتماعية
- Financial Social Assistance
- Ekonomalaš sosiálaveahkki
- Mali sosyal yardım
- Social Services for Inmates
- Aide financière sociale
- Экономическое социальное пособие
- Økonomisk sosialhjelp
- Tilskudd til etablering i egen bolig
- Tilskudd til tilpasning av bolig
- Tilskudd til utredning og prosjektering
- Subvention à l’immobilier pour l’acquisition de son propre logement
- Subvention pour aménager un logement
- Startlån bustad
- Startlån bolig
- المعونة المتعلقة بتأثيث المسكن
- المعونة لإجراء تغييرات مناسبة في المسكن
- Establishment grants for housing
- Grant for Assessment and Project Planning
- Doarjja iežas orrunviesu háhkat
- Doarjja orrunviesu heiveheapmái
- Evde uyarlama için yardım
- Konut edinme yardımı
- Housing Adaptation Grant
- Субсидия на адаптацию жилья
- Субсидия на покупку собственного жилья
- Tilskot til utgreiing og prosjektering
- Bustønad
- Hjelp til å skaffe bolig
- Hjelp til å skaffe bustad
- Tilskot til etablering i eigen bustad
- Tilskot til tilpassing av bustad
- Bustadrådgjevingsteneste
- NAV kommune
- Tildelingskontoret
Sist oppdatert
