Bustadrådgjevingsteneste
Bustadrådgjevingsgruppa i kommunen skal gje råd og rettleiing til deg som har behov for å gjera endringar i bustaden din. Dei kan og vurdera fysiske behov, hjelpemiddel, byggtekniske løysingar og personlig økonomi/behov for finansiering (lån/tilskot).
Er du eldre eller har nedsett funksjonsevne? Treng du å tilpassa bustaden din for å fungera betre og kunne verta buande i heimen din? Du har sjølv ansvaret for bustaden din, og at denne er godt eigna for deg. Men kommunen kan hjelpa med råd og rettleiing dersom du treng å gjera endringar i bustaden din.
Personar med nedsett funksjonsevne kan få både faglege råd og økonomisk stønad til å tilpassa bustaden sin. Bustadrådgjevingsgruppa i kommunen kan vurdera fysiske behov, hjelpemiddel, byggtekniske løysingar og personlig økonomi/behov for finansiering (lån/tilskot) i ein samanheng.
Ei slik utgreiing av behova dine og dei byggtekniske og økonomiske mogleikane vil gi deg betre grunnlag til å bestemma kva du ønskjer å gjera med bustaden din. Dette skal vera med å sikra ei god løysing som kan fungera for deg over tid og som du har råd til.
Du kan ta kontakt med bustadrådgjevingstenesta på tildelingskontoret for meir informasjon, eller spør ergoterapeuten din om dette er noko for deg.
Dersom det berre er behov for små grep i heimen din, vil ergoterapitenesta hjelpa deg med råd samt nødvendige hjelpemiddel, men du må gjerne ta kontakt med bustadrådgjevingstenesta dersom du har spørsmål.
Merk at dersom du likevel skal pussa opp bustaden din, bør du tenka på at bustaden skal fungera også dersom du får nedsett funksjonsevne. Det er mogeleg for eldre å søka tilskot til tiltak som gjer bustaden betre tilpassa før behovet er til stades. Dette er behovsprøvd og avhengig av nok midlar å tildela.
Det er og laga ein funksjonsattest som kan nyttast ved vurdering av bustaden.
Relatert informasjon
Relaterte artiklar
- Tildelingskontoret
- Bustønad
- Tilskot til etablering i eigen bustad
- Tilskot til tilpassing av bustad
- Hjelp til å skaffe bustad
- Hjelp til å skaffe bolig
- Butilbod for funksjonshemma
- Bustadsosial handlingsplan
- Ambulant team
- Kommunal bustad
- Utleigebustad
- Logement social
- Suohkana ásodat
- المسكن البلدي
- Assistance in Securing Housing
- Муниципальное жильё
- Halk konutları
- Utleigebustadar
- Subvention à l’immobilier pour l’acquisition de son propre logement
- Subvention pour aménager un logement
- Startlån bolig
- Tilskudd til etablering i egen bolig
- Tilskudd til tilpasning av bolig
- Tilskudd til utredning og prosjektering
- Субсидия на адаптацию жилья
- Субсидия на покупку собственного жилья
- Doarjja iežas orrunviesu háhkat
- Doarjja orrunviesu heiveheapmái
- Evde uyarlama için yardım
- المعونة المتعلقة بتأثيث المسكن
- المعونة لإجراء تغييرات مناسبة في المسكن
- Establishment grants for housing
- Grant for Assessment and Project Planning
- Housing Adaptation Grant
- Startlån bustad
- Tilskot til utgreiing og prosjektering
- Konut edinme yardımı
- Sosialtenester for innsette i fengsel
- Husahaugen bustadar
- Saghaugen bustadar
- Studalen bustadar
- Sæbøhaugen B
- Valvatna bustadar
- Åsen bustadar
Sist oppdatert
