Ambulant team 

Ambulant team tilbyr personretta tenester.

Alle personretta tenester frå kommunen er gratis, men praktisk bistand må ein betala for. 

Alle som søkjer om personretta tenester frå kommunen må kontakta Tildelingskontoret.

Ambulant team 

Dette teamet tilbyr personretta tenester som blant anna legemiddelhandtering, stell, støttesamtalar, praktisk bistand med opplæring og miljøarbeid.

Tilsette i ambulant team  jobbar i todelt turnus dag, kveld og helg. Dei som jobbar i miljøet har lang erfaring og kompetanse til å takle ulike utfordringar/uforutsette hendingar som skjer i løpet av ei vakt.

Dagvakt tilgjengeleg i tidsrommet 07.00-15.00. Telefontid mellom     kl 0800 og 1100.

Kveldsvakt tilgjengeleg i tidsrommet 15.00-22.00. Telefontid mellom  kl 1600 og 1800.

Ambulant team  har fokus på å bidra til auka meistring i eige liv ved å tilby:

  • Støttesamtalar og rettleiing
  • Koordinering og utarbeiding av individuell plan
  • Verktøy slik at brukar kan meistre livet
  • Bustad, arbeid og sysselsetting
  • Fysisk aktivitet
  • God fagkunnskap og legemiddel knytt til psykiatri/rus/ og somatisk helse
  • Utlevering/tillaging av medisin
  • Koordineringstiltak/samarbeid med andre instansar som helsesjukepleiar, fastlege, DPS, Valen sjukehus, OT/PPT, NAV, fritidsaktivitetar og ansvarsgrupper

Relatert informasjon

Sist oppdatert

Fann du det du leita etter?