Bustadsosialt team

Bustadsosialt team (tidlegare PROBIS) jobbar med vanskelegstilte på bustadmarknaden, med særleg vekt på personar med rusmiddelvanskar og dobbeltdiagnosar (rus og psykiske helsevanskar). 

Arbeidstidene til dette teamet er måndag til fredag frå 08.00-15.30. 

Du kan nå teamet mellom 08.00 -15.30 på kvardagar på telefon 489 90 941. 

Metode og struktur

Busosialt team skal jobbe etter Housing first metoden.  Eit av dei overordna målet i  metoden er å støtte betringsprosessar hjå brukaren, dette vert og kalla recovery.

Me skal respektera brukarane i møte med dei «der dei er», vera fleksible og tilgjengelege og bruka tid på relasjonsbygging. Teamet skal vera ein støttespelar i endringsarbeidet til den enkelte.

Primærkontakt skal ha ansvar for kva som er viktig i høve den einskilde brukar og sjå til at Busosialt team følg dette opp.

Busosialt team skal driva lågterskel busosialt arbeid i Stord kommune. Teamet skal gje brukaren ei heilskapleg teneste i høve den enkelte sitt behov.

Me skal hjelpe brukarane til å få trygge og verdige butilhøve, der meistring og myndiggjering for brukarane er sentrale verdiforankringar. Busosialt team si rolle er å motivere gjennom praktisk bistand og opplæring slik at brukarane klarar å ta ansvar for eige liv.

Tenesta kan blant anna innehalde; Hjelp til å søkje bustad, hjelp til å behalde bustad, vekentlege tilsyn i bustad, økonomisk rettleiing, hjelp til å søkje behandling, hjelp til å kontakte fastlege og NAV mm.

Busosialt team har følgjande sentrale tema

Valfriheit i teneste og bustad

Respekt, varme og medkjensle hjå medarbeidarar

Seperasjon mellom bustad og tenester (dvs at brukar ikkje mister teamet, sjølv om vedkommande vert kasta ut av bustaden).

Skadereduksjon i fokus (vekentlege tilsyn av teamet)

Teamet har tett samarbeid med andre instansar; fastlege, DPS, spesialisthelsetenesta, NAV mm. Er med i ansvarsmøter.

Innsøkjingsrutinar; skjer i samarbeid med busosialt team og NAV-Stord kommune.

Sist oppdatert

Fant du det du var på jakt etter?