Aktivitet for rusavhengige - I jobb

I JOBB er et tilbod til personer som har ulike utfordringer knytt til rus og/eller psykiske helseutfordringar, som opplever utanforskap og som vert rekna som å stå langt frå ordinært arbeidsliv.

Deltakerane får tilbod om jobb med tilhøyande utbetaling av honorar på dagar med oppmøte. Målet er å skapa ein meningsfull kvardag for deltakarar der meistring og oppleving av fellesskap vert vektlagt. På Byverkstedet produserer dei og sel lys. Gjennom faste avtalar med Stord kommune og andre aktørar, tømmer dei avfall, leverer ut strøsand og held gatene våre reine.

Dei har salskontor for gatemagasinet. ASFALT er eit gatemagasin som vert solgt av menneske med ruserfaring, og som er i ein vanskeleg livssituasjon. Selgarane kjøper bladet for kr. 50,- og sel det vidare for kr. 100,- Mellomlegget beheld selgaren som lønn.

Ta kontakt med oss på tlf. 474 51 255, e-post: liene.tolka@bymisjon.no eller stikk innom i opningstida: tysdag, onsdag og fredag kl. 09.30-14.00

Adresse: Borggata 37, på Leirvik.

Sist oppdatert

Fant du det du var på jakt etter?