Kommunale utleigebustadar
Stord kommune har fleire bustadar til leige. Dette er omsorgsbustadar, bustader øyremerka flyktningar, bustadar med heildøgn omsorg og vanlege utleigebustadar.
Kommunale bustadar har ikkje automatisk vaktmeistertenester inkludert. I sommarhalvåret må hagar/uteområde haldast ved like av bebuar (plen klippast/blomebed lukast) og om vinteren skal bebuar sjølv halde innkøyrsel frå offentleg veg fram til inngangsdør fri for snø. Her vert ikkje brøytt eller lagt ut strøsand om vinteren.
Utvendig vedlikehald på bygg er det driftsavdelinga som har ansvar for.
Merk! Det er forbode å røyke inne i kommunale utleigebustadar. Dyrehald er også forbode og må først søkjast om.
Søkja om kommunal bustad
Søknad vert handsama av bustadkonsulenten hjå bustadkontoret i rådhuset.
For å leige bustad må ein søkje skriftleg og dokumentere at ein tilfredstiller krava for å få kommunal bustad. Søknadsskjema finn du nedafor.
Dersom ein vil søkje plass på Knutsaåsen omsorgssenter HDO eller Backertunet HDO, må ein henvende seg til tildelingskontoret på rådhuset.
Fleire av dei kommunale utleigebustadane ligg plassert i burettslag. Det er ofte mogleg å kjøpe bustaden ein leiger kommunalt i burettslag. For spørsmål om kjøp, kontakt eigedomsforvaltar.
Relatert informasjon
Relaterte artikler
- Kommunal bustad
- Utleigebustad
- Assistance in Securing Housing
- Suohkana ásodat
- Муниципальное жильё
- Logement social
- Halk konutları
- المسكن البلدي
- Hjelp til å skaffe bustad
- Hjelp til å skaffe bolig
- Husahaugen bustadar
- Saghaugen bustadar
- Sæbøhaugen B
- Valvatna bustadar
- Åsen bustadar
- Butilbod for funksjonshemma
- Studalen bustadar
- Bustadrådgjevingsteneste
- Bustadsosial handlingsplan
- Ambulant team psykisk helse
- Tildelingskontoret
Sist oppdatert
