Sjukeheim - avlastingsopphald
Kort fortalt
Dersom du er omsorgsperson for ein som er pleietrengande, kan du ha rett til avlastingsopphald for pasienten på sjukeheim.
Beskrivelse
Personar som har omsorgsoppgåver heime, kan søkje om avlastingsopphald på sjukeheim. Den hjelpetrengande sjølv - som også kan søkje - får eit tidsavgrensa opphald i institusjon.
Målgruppe
Omsorgsytarar som har et særleg tyngjande omsorgsarbeid.
Kriterier
Personen som får avlasting, må ha eit særleg tyngjande omsorgsarbeid i heimen. Moment som ein kan ta omsyn til, er mellom anna om søkjaren arbeider mange timar pr. månad med omsorgsarbeid, om arbeidet er meir tyngjande enn vanleg og om det fører til avbrot i nattesvevn eller sosial isolasjon.
Pris for tjenesten
Kommunen kan ikkje krevje vederlag for avlastingsopphald.
Tilknyttede brosjyrer, dokumenter, kart og lignende
Regelverk
Kommunen pliktar å sørgje for denne tenesta, jf. helse- og omsorgstenestelova § 3-6.Lover
Praktiske opplysninger
Veiledning - hvordan få utført eller motta tjenesten
Det er ikkje noko krav om at søknaden skal vere skriftleg. Du kan søkje munnleg over telefon.
Saksbehandling
Du vil få beskjed om at kommunen behandlar saka di, og du vil få høve til å uttala deg. Kommunen skal innhenta alle nødvendige opplysningar for å avgjera saka, og du har rett til å sjå dokumenta i saka. Vedtaket vil innehalda grunngivinga til kommunen, korleis dei kom fram til avgjerda, og kven som har vore involvert i behandlinga. Vedtaket vil bli sendt til deg skriftleg.
Saksbehandlingstid
Kommunen skal behandle saka så raskt som råd. Dersom saka ikkje kan avgjerast innan éin månad, skal du ha skriftleg svar om årsaka til det. Samstundes skal du få opplyst om når ein meiner at vedtaket vil bli gjort.
Klagemulighet
Både omsorgsytaren og den hjelpetrengande sjølv kan klage på avgjerda. Du kan klage til kommunen innan ein frist på tre veker frå du tok imot vedtaket. Forklar kva du er misnøgd med og kvifor du meiner at vedtaket bør endrast. Om du treng rettleiing, kan du vende deg til kommunen. Dersom kommunen let avgjerda bli ståande, blir saka send vidare til statsforvaltaren, som avgjer om saka skal bli teken til følgje.
2025 KF (Kommuneforlaget AS), Oslo, KF Tjenestekatalog.
Tjenestebeskrivelsene i KF Tjenestekatalog viser lovpålagte kommunale tjenester til innbyggere og næring. Beskrivelsene blir oppdatert fortløpende ved endringer i lover og sentrale forskrifter.
Tjenestebeskrivelsen er automatisk oppdatert 21.10.2025
Prisar
Institusjon
Teneste | Pris |
|---|---|
| Korttidsopphald / rehabiliteringsopphald* | 200 per døgn. Etter 60 døgn betaling som for langtidsopphald |
| Langtidsopphald | 75% av grunnpensjon og 85% av andre inntekter |
| Avlastingsopphald | Ingen eigenbetaling for opphald |
*Betalingssatsane for opphald i Stord kommune sine institusjonar er i samsvar med gjeldande Forskrift til lov om sosiale tjenester m.v - Kapittel 8. Vederlag for sosiale tjenester og for opphold i institusjon mv. – sosialtjenesteloven... - Lovdata Lenke til et annet nettsted.
Knutsaåsen omsorgssenter og Bergtun bufellesskap
| Tilbod | Pris |
|---|---|
| Husleige | prisjustert med auken i KPI-indeksen (konsumprisindeksen). Melding vert sendt bebuarane. |
| Personretta tenester (heimesjukepleie) | ingen eigenbetaling |
| Praktisk bistand | (sjå over) |
| Mat per månad | kr 5 005 |
| Vask av tøy per månad | kr 1 208 |
Bebuarane på Knutsaåsen omsorgssenter og Bergtun bufellesskap har inngått avtale med dagleg vask og leige av sengetøy, frotté samt vask av bebuartøy. Dette er gjort ut frå smitterisiko. Satsane vert heva med 3,5 % i 2026 og kompenserer for kostnadane Stord kommune har.
Relatert informasjon
Lover og forskrifter
- Forskrift om politivedtekt, Stord kommune, Vestland
- Forskrift om tildeling av langtidsopphald i sjukeheim eller tilsvarande bustad særskilt lagt til rette for heildøgns tenester - kriterier og ventelister, Stord kommune, Hordaland
- Forskrift om tildeling av langtidsopphald i sjukeheim eller tilsvarande bustad særskilt lagt til rette for heildøgns tenester – kriterier og ventelister, Stord kommune, Hordaland
Relaterte artiklar
- المستشفى - الإقامة بغرض تخفيف الأعباء
- دار المسنين - الإقامة القصيرة الأمد
- Nursing Home - Respite Stay
- Nursing Home - Short-Term Stay
- Maison de santé - séjour de repos
- Maison de santé - séjour temporaire
- Huzurevi – kısa süreli konaklama
- Huzurevi – Rahatlama konaklaması
- Sykehjem - avlastningsopphold
- Sykehjem - korttidsopphold
- Buhcciidruoktu – duddenfálaldat
- Buhcciidruoktu – oanehisáiggeorrun
- Дом для престарелых и инвалидов — временное пребывание
- Sjukeheim - korttidsopphald
- Stord sjukeheim
- تخفيف الأعباء
- Respite Care
- Duddenfálaldat dahje helpen
- Yükünü hafifletme
- Дом для престарелых и инвалидов — краткосрочное пребывание
- Отпуск по уходу
- Soutien aux aidants
- Avlastning
- Søk sjukeheimsplass
- دار المسنين - الإقامة الطويلة الأمد
- Nursing Home – Long-Term Stay
- Maison de santé - séjour de longue durée
- Huzurevi - uzun süre konaklama
- Sykehjem - langtidsopphold
- Buhcciidruoktu – guhkesáiggeorrun
- Дом для престарелых и инвалидов — долгосрочное пребывание
- Sjukeheim - langtidsopphald
- Tildelingskontoret
- Knutsaåsen Omsorgssenter
- Tiltak for heimebuande personar med demens og deira pårørande
- Bustadsosial handlingsplan
- Avlasting
- الخدمات الصحية والرعوية للاجئين وطالبي اللجوء والقادمين عبر جمع الشمل الأسري
- Health and Care Services for Refugees, Asylum Seekers, and Family Reunification Beneficiaries
- Mülteciler, sığınmacılar ve yeniden birleşen aileler için sağlık ve bakım hizmetleri teklifi
- Offre de services de soins et de santé aux réfugiés, demandeurs d’asile et bénéficiaire du regroupement familial
- Dearvvašvuođa- ja fuolahusbálvalusat báhtareddjiide, dorvoohcciide ja sidjiide geat leat bearrašiin deaivvadan
- Медико-санитарные услуги для беженцев, лиц, ищущих убежища и воссоединенных членов семьи
- Helse- og omsorgstjenestetilbud til flyktninger, asylsøkere og familiegjenforente
Sist oppdatert
