Sjukeheim - langtidsopphald

Kort fortalt

Sjukehjem er eit heildøgns omsorgstilbod for deg som er pleietrengande, med behov for medisinsk- og sjukepleiefagleg oppfølging og stell gjennom døgnet.

Beskrivelse

Langtidsopphald på sjukeheim er for deg som treng pleie og stell gjennom heile døgnet. Du må søkje kommunen om plass på sjukeheim. Før saka kan avgjerast, vil vi kartleggje ønska og behova dine. Normalt vil vi komme på heimebesøk. Hvis du oppfyller kriteriene for langtidsopphald, har du rett til å få eit skriftleg vedtak om dette, sjølv om det ikkje er ledige plassar. Får du tildelt sjukeheimsplass, skal hjelpebehovet ditt gå fram av vedtaket.

Kriterier

Kommunen skal ha ein forskrift med vilkåra for tildeling av plass på sjukeheim.

Pris for tjenesten

Kommunen kan krevje vederlag av bebuaren. Vederlaget er fastsett i statleg forskrift (sjå under Lover og retningsliner).

Regelverk

Kommunen pliktar å sørgje for denne tenesta. Sjå blant anna helse- og omsorgstenestelova § 3-2 og § 3-2a og pasient- og brukarrettslova kapittel 7.

Lover

Praktiske opplysninger

Veiledning - hvordan få utført eller motta tjenesten

Du kan kontakte kommunen for å få hjelp til å søkje om langtidsopphald på sjukeheim. Du har rett til å la næraste pårørande hjelpe deg med søknaden. Andre har også rett til å hjelpe deg. Det kan til dømes vere ein nabo. Men da må du gje ei skriftleg fullmakt som du legg ved søknaden.

Vedlegg

Du må leggje ved fullmakt dersom det er nokon som søkjer for deg.

Saksbehandling

Før saka kan avgjerast, vil vi kartleggje ønska og behova dine nærare. Normalt vil vi komme på heimebesøk. Får du tildelt sjukeheimsplass, skal hjelpebehovet ditt gå fram av vedtaket. Du vil få beskjed om at kommunen behandlar saka di, og du vil få høve til å uttala deg. Kommunen skal innhenta alle nødvendige opplysningar for å avgjera saka, og du har rett til å sjå dokumenta i saka. Vedtaket vil innehalda grunngivinga til kommunen, korleis dei kom fram til avgjerda, og kven som har vore involvert i behandlinga. Vedtaket vil bli sendt til deg skriftleg. Det kan hende at det ikkje er ledige plassar, sjølv om du oppfyller vilkåra for sjukeheimsplass. I så fall får du eit skriftleg vedtak fra oss om at du oppfyller vilkåra og du blir sett på venteliste.

Saksbehandlingstid

Kommunen har plikt til å behandle saka så snart som råd. Dersom saka ikkje kan avgjerast innan éin månad, skal du ha skriftleg svar om årsaka til det, med opplysningar om når ein meiner at vedtaket vil bli gjort.

Klagemulighet

Dersom du er misnøgd med vedtaket, kan du klage til kommunen innan ein frist på tre veker frå du tok imot det. Forklar kva du er misnøgd med og kvifor du meiner vedtaket bør endrast. Treng du rettleiing, kan du vende deg til kommunen. Lèt kommunen avgjerda stå, kan du klage vidare til statsforvaltaren. Du kan òg klage på sjølve utføringa av tenesta. Klagen sender du til kommunen eller direkte til tenesteytaren.


2025 KF (Kommuneforlaget AS), Oslo, KF Tjenestekatalog.
Tjenestebeskrivelsene i KF Tjenestekatalog viser lovpålagte kommunale tjenester til innbyggere og næring. Beskrivelsene blir oppdatert fortløpende ved endringer i lover og sentrale forskrifter.
Tjenestebeskrivelsen er automatisk oppdatert 07.01.2025

Prisar

Teneste

Pris

Korttidsopphald / rehabiliteringsopphald*200 per døgn. Etter 60 døgn betaling som for langtidsopphald
Langtidsopphald75% av grunnpensjon og 85% av andre inntekter
AvlastingsopphaldIngen eigenbetaling for opphald

*Betalingssatsane for opphald i Stord kommune sine institusjonar er i samsvar med gjeldande Forskrift til lov om sosiale tjenester m.v - Kapittel 8. Vederlag for sosiale tjenester og for opphold i institusjon mv. – sosialtjenesteloven... - Lovdata Lenke til et annet nettsted.

TilbodPris
Husleigeprisjustert med auken i KPI-indeksen (konsumprisindeksen). Melding vert sendt bebuarane.
Personretta tenester (heimesjukepleie)ingen eigenbetaling
Praktisk bistand (sjå over)
Mat per månadkr 4 836
Vask av tøy per månadkr 1 167

Bebuarane på Knutsaåsen omsorgssenter og Bergtun bufellesskap har inngått avtale med dagleg vask og leige av sengetøy, frotté samt vask av bebuartøy. Dette er gjort ut frå smitterisiko. Satsane vert heva med 4,1 % i 2025 og kompenserer for kostnadane Stord kommune har.

Relatert informasjon

Sist oppdatert

Fann du det du leita etter?