Stord sjukeheim
Stord sjukeheim har 117 institusjonsplassar. 97 langtidsplassar, 12 korttidsplassar og 8 heildøgnsomsorgsleiligheter.
Telefon: Tlf. 53 45 45 00
Adresse: Kringsjå 8, 5417 Stord.
Institusjonstenesta tilbyr
- Langtidsplassar
- Korttidsplassar
- Utredning og behandling av personar med demens
- Medisinsk behandling
Søknadsskjema finn du lenger nede på sida.
Sjukeheimen har 7 avdelingar:
Gullberg/Korttid
Avdelinga er delt inn i tre grupper. Gruppene ligg i A, B og C-bygg. A-bygg er ei somatisk gruppe med 9 plassar. B-bygg er og ei somatisk gruppe med 5 plassar. C-bygg har korttid og rullerande plassar. Denne gruppa har ingen faste plassar. Alle gruppene har eige avdelingskjøken og stove. Dei deltar og på fellesaktivitetar i Hauglandstova.
Måltid
Måltida finn stad i avdelingskjøkken.
Avdelinga har ulike målgrupper
Avdelinga gir tilbod til bebuarar med nedsett funksjonsnivå pga ulike kroppslege sjukdomar. Mange bebuarar har fleire diagnosar. Avdelinga gir og tilbod til bebuarar med alvorleg demenssjukdom. Bebuarane vert overflytta frå demensavdelinga når demenssjukdomen er blitt så alvorleg at bebuarane (etter ei fagleg vurdering) ikkje har glede/nytte av miljøtiltak og sosialt samvær, slik det vert tilbydd i demensavdelinga.
Heimekoselege rom
Standard møblering er seng, nattbord og gardiner. Me ønskjer at dei som bur her fast, har med seg både godstolen og ting dei set pris på frå heimen. Ei god leselampe kan og vera viktig. Besøk skal vera på rommet til pasienten. Når ein har besøk, vil me vanlegvis servera måltid på rommet. Pasientar på korttidsgruppa skal ikkje ha med seg møblar, her er det enkel møblering og TV på alle rom.
Intern flytting i sjukeheimen
Sjukeheimen gir tenester til ulike brukarar med mange forskjellige diagnosar. Det vil alltid liggja ei fagleg vurdering til grunn for flytting. Pårørande vil verta informert.
Visjon
Kultur, trivsel og omsorg i kvardagen
Mål
- Stord sjukeheim skal vera open og ein del av Stordsamfunnet.
- Alle som har heimen sin her, deira pårørande og alle andre som vitjar oss skal kjenna seg velkomne.
- Skapa tryggleik og trivsel i eit positivt miljø.
- Ta vare på den enkelte bebuar sine fysiske og psykiske ressursar, ynskje og behov, ut frå grunnleggjande prinsipp i sjukepleie.
- Leggja til rette for at tilværet for bebuarane vert så nært opp til tidlegare livsførsel som mogeleg.
- Samarbeida med pårørande for å oppretthalda det sosiale nettverket til bebuarane.
- Utøva oppgåver av fagleg høg kvalitet overfor bebuarar og pårørande.
- Gje personar under utdanning gode læresituasjonar.
- Personalet har høg fagkompetanse
Bergtun bufellesskap
Bergtun bufellesskap er ei avdeling med 8 omsorgsleiligheter som ligg i 3 etasje på Stord sjukeheim.
Heimekoselege rom
Standard møblering er seng, nattbord og gardiner. Me ønskjer at dei som bur her fast, har med seg både godstolen og ting dei set pris på frå heimen. Det er svært viktig at rommet ikkje vert overmøblelert, slik at ein sikrar rømmingsvegar og arbeidsforholda til dei tilsette. Når pasienten har besøk nyttar ein rommet eller fellerareal i 5. etg. Hagen kan og nytast.
Søknad og tildeling av plass/tenester
Søknad og tildeling av tenesta vert handsama av Tildelingskontoret. Romma er umøblerte, og dei som får plass møblerer romma sine sjølve eller saman med pårørande.
Bebuarane dekkjer utgifter på same måte som om dei bur i eigen heim. I eigenbetalinga ligg betaling for husleige m/straum, mat, leige og vask av handklede/sengetøy og privattøy. Kommunen vaskar fellesrom etter faste satsar.
Vikjo (for personar med psykiske lidingar)
Avdelinga ligg i nedste etasje i nybygget (4.etg), og har plass til 18 bebuarar.
Avdelinga er delt inn i to grupper og er for personar med tilleggsdiagnoser innan psykiske lidingar. Avdelinga har tre stover og eitt kjøken der dei kan opphalda seg og få servert måltid.
Heimkoselige rom
Standard møblering er seng, nattbord og gardiner. Me ønskjer at dei som bur her fast, har med seg både godstolen og ting dei set pris på frå heimen. Det er svært viktig at rommet ikkje vert overmøblelert, slik at ein sikrar rømmingsvegar og arbeidsforholda til dei tilsette. Når pasienten har besøk nyttar ein rommet eller fellerareal i 5. etg. Hagen kan og nytast.
Alle romma har eigen terassedør og det er fint om de nyttar rommet til bebuaren, hagen, foajeen eller Hauglandsstova når pårørande er på besøk.
Backertunet (for personar med demens)
Avdeling Backertunet er bygd spesielt for personar med demenssjukdom, og har plass til 27 pasientar, fordelt på 4 grupper. Kvar gruppe har stove, kjøkken med spiseplass og servicerom (vaskerom, skyllerom, lager, vaktrom/kontor) i tillegg til pasientrom med eigne bad. Kvar gruppe har direkte utgang til hage.
Pasientane i denne avdelinga bør kunne gjere seg nytte av miljøtilbod og samvær med andre pasientar. Når demenssjukdommen er blitt så alvorleg at pasienten, etter ei fagleg vurdering ikkje har nytte av tilbodet, får han/ho flytte til ei gruppe i ein somatisk avdeling. Pårørande vil verte informert.
Heimekoselege rom
Standard møblering er seng, nattbord og gardiner. Me ønskjer at dei som bur her fast, har med seg både godstolen og ting dei set pris på frå heimen. Det er svært viktig at rommet ikkje vert overmøblelert, slik at ein sikrar rømmingsvegar og arbeidsforholda til dei tilsette. Når pasienten har besøk nyttar ein rommet eller fellerareal i 5. etg. Hagen kan og nytast.
Skjerma gruppe
Tlf: 53 45 45 14 evt 53 45 45 15
Stord kommune har eit spesialtilbod til personar med demenssjukdom med særleg behov for oppfølging. Gruppa her har plass til 6 pasientar. Her er det meir bemanning og betre avgrensa miljø. Eit tilbod i denne gruppa vil vere avgrensa i tid. Når pasienten etter ei fagleg vurdering ikkje lenger treng slik oppfølging, skal han/ho flytte til ei anna avdeling.
Det er utarbeidd kriterier for bruk av plassane i gruppa:
- Pasienten skal vere diagnostisert før innlegging
- Pasienten skal vere forholdsvis fysisk og mobil
- Pasienten har slik åtferd at det av omsyn til tryggleik og verdigheit er behov for skjerming og tett oppfølging
Bufellesskapet
Tlf: 53 45 45 12 evt 53 45 45 13
Midtgruppa
Tlf: 53 45 45 17 evt 53 45 45 18
Indre gruppe
Tlf: 53 45 45 19 evt 53 45 45 20
Ved tildeling av faste plassar i avdeling Bachertunet skal demensdiagnose skal vere stilt før innkomst.
Knausen/Kringsjå
Avdelinga gir tilbod til bebuarar med nedsett funksjonsnivå pga ulike kroppslege sjukdomar. Mange har alvorleg grad av demenssjukdom som har utvikla seg over tid.
Heimekoselege rom
Standard møblering er seng, nattbord og gardiner. Me ønskjer at dei som bur her fast, har med seg både godstolen og ting dei set pris på frå heimen. Det er svært viktig at rommet ikkje vert overmøblelert, slik at ein sikrar rømmingsvegar og arbeidsforholda til dei tilsette. Når pasienten har besøk nyttar ein rommet eller fellerareal i 5. etg. Hagen kan og nytast.
I 6. etg. er det eit smitterom som til dagleg vert brukt som korttidsrom. 7. etg. har ein stor takterasse med utsikt over heile Vikjo.
Gullskar
Avdelinga gir tilbod til bebuarar med nedsett funksjonsnivå pga ulike kroppslege sjukdomar. Mange har alvorleg grad av demenssjukdom som har utvikla seg over tid.
Heimekoselege rom
Standard møblering er seng, nattbord og gardiner. Me ønskjer at dei som bur her fast, har med seg både godstolen og ting dei set pris på frå heimen. Det er svært viktig at rommet ikkje vert overmøblelert, slik at ein sikrar rømmingsvegar og arbeidsforholda til dei tilsette. Når pasienten har besøk nyttar ein rommet eller fellerareal i 5. etg. Hagen kan og nytast.
Intern flytting i sjukeheimen
Sjukeheimen gir tenester til pasientar med mange ulike diagnosar. Det vil alltid liggja ei fagleg vurdering til grunn dersom det blir aktuelt med flytting til anna avdeling. Pårørande vil verta informert.
Aktivitetar
Det er tilsett ein aktivitør på Stord sjukeheim. På kvardagane (både på dag og kveldstid) er det tilbod om ulike aktivitetar i Hauglandstova. Sjå nytt oppslag kvar veke.
• Andaktar av prest og frivillige
• Frelsesarmeen annankvar tysdag på føremiddag
• Stovegubbane annankvar tysdag på føremiddag
• Kaffikos der lokale musikarar kjem annankvar tysdag formiddag
• Røde-kors kafe
• Høgtlesing av bladet Sunnhordland
• Arrangement i samarbeid med biblioteket/kulturskulen
• Besøk av barnehagar, kor og andre frivillige
Dagaktivitetstilbod for personar med demenssjukdom
Målgruppa er personar med ein mild til moderat demenssjukdom. Me ønskjer å gi denne gruppa aktive og meiningsfulle dagar, då beheld ein ferdighetene lenger. Samstundes kan pårørande få verdifull avlastning.
Tilbodet er lokalisert i Blåbygget i Sagvåg, og har opent 5 dagar i veka.
Dei som ynskjer eit slikt tilbod må søke om å få denne tenesta. Skjema (helse- og omsorgstenester) finn du lenger ned på sida. Ut frå behov kan ein få plass 1 eller fleire dagar i veka. Det er ein eigenandel på 208,- pr. dag for tilbodet.
Dagaktivitetstilbodet er delt inn i to grupper, som har kvar sine stover. Det vert servert eit lett måltid når ein kjem på morgonen, og middag før ein reiser heim. Tida mellom måltida vert nytta til ulike aktivitetar tilpassa brukargruppa. Dette kan være turar, trim, dans, spel og samtalar kring ulike tema ( til dømes frå bladet Sunnhordland). Det kan og være aktivitetar knytt til mat eller måltider.
Transport til og frå dagaktivitetstilbodet inngår i eigenandelen.
Demensteam Lenke til et annet nettsted.
Overordna mål for sjukeheimen
- Skapa tryggleik og trivsel i eit positivt miljø
- Ta vare på den enkelte bebuar sine fysiske og psykiske ressursar, ynskje og behov, ut frå grunnleggjande prinsipp i sjukepleie
- Leggja til rette for at tilværet for bebuarane vert så nært opp til tidlegare livsførsel som mogeleg
- Samarbeide med pårørande for å oppretthalda sosialt nettverk
- Utøva optimal kvalitet i tenestene innanfor tildelte ressursar
- Personalet har høg fagkompetanse
- Gje personar under utdanning gode læresituasjonar og fagleg rettleiing av høg standard
Priser
Institusjon
Teneste | Pris |
|---|---|
| Korttidsopphald / rehabiliteringsopphald* | 200 per døgn. Etter 60 døgn betaling som for langtidsopphald |
| Langtidsopphald | 75% av grunnpensjon og 85% av andre inntekter |
| Avlastingsopphald | Ingen eigenbetaling for opphald |
*Betalingssatsane for opphald i Stord kommune sine institusjonar er i samsvar med gjeldande Forskrift til lov om sosiale tjenester m.v - Kapittel 8. Vederlag for sosiale tjenester og for opphold i institusjon mv. – sosialtjenesteloven... - Lovdata Lenke til et annet nettsted.
Dagtilbod / amulerande dagaktivitetstilbod for personar med demens
Dagtilbod for personar med demenssjukdom
Eigenbetaling kr 208 per dag. Prisen er inklusive måltider og transport.
Betalinga skal skje ut frå vedtak. Det kan gjerast frådrag for fråvær utover ei veke.
Ambulerande dagaktivitetstilbod for personar med demens
Eigenbetaling kr 96 per dag eks. måltid.
Knutsaåsen omsorgssenter og Bergtun bufellesskap
| Tilbod | Pris |
|---|---|
| Husleige | prisjustert med auken i KPI-indeksen (konsumprisindeksen). Melding vert sendt bebuarane. |
| Personretta tenester (heimesjukepleie) | ingen eigenbetaling |
| Praktisk bistand | (sjå over) |
| Mat per månad | kr 4 836 |
| Vask av tøy per månad | kr 1 167 |
Bebuarane på Knutsaåsen omsorgssenter og Bergtun bufellesskap har inngått avtale med dagleg vask og leige av sengetøy, frotté samt vask av bebuartøy. Dette er gjort ut frå smitterisiko. Satsane vert heva med 4,1 % i 2025 og kompenserer for kostnadane Stord kommune har.
Relatert informasjon
Lover og forskrifter
- Forskrift om politivedtekt, Stord kommune, Vestland
- Forskrift om tildeling av langtidsopphald i sjukeheim eller tilsvarande bustad særskilt lagt til rette for heildøgns tenester - kriterier og ventelister, Stord kommune, Hordaland
- Forskrift om tildeling av langtidsopphald i sjukeheim eller tilsvarande bustad særskilt lagt til rette for heildøgns tenester – kriterier og ventelister, Stord kommune, Hordaland
Relaterte artikler
- Buhcciidruoktu – duddenfálaldat
- Huzurevi – Rahatlama konaklaması
- Maison de santé - séjour de repos
- Nursing Home - Respite Stay
- Sjukeheim - avlastingsopphald
- Sykehjem - avlastningsopphold
- Дом для престарелых и инвалидов — временное пребывание
- المستشفى - الإقامة بغرض تخفيف الأعباء
- Nursing Home - Short-Term Stay
- Sjukeheim - korttidsopphald
- Sykehjem - korttidsopphold
- دار المسنين - الإقامة القصيرة الأمد
- Buhcciidruoktu – oanehisáiggeorrun
- Huzurevi – kısa süreli konaklama
- Maison de santé - séjour temporaire
- Tildelingskontoret
- Avlasting
- Дом для престарелых и инвалидов — краткосрочное пребывание
- Duddenfálaldat dahje helpen
- Respite Care
- Yükünü hafifletme
- تخفيف الأعباء
- Avlastning
- Soutien aux aidants
- Отпуск по уходу
- Buhcciidruoktu – guhkesáiggeorrun
- Huzurevi - uzun süre konaklama
- Maison de santé - séjour de longue durée
- Nursing Home – Long-Term Stay
- Sjukeheim - langtidsopphald
- Sykehjem - langtidsopphold
- Дом для престарелых и инвалидов — долгосрочное пребывание
- دار المسنين - الإقامة الطويلة الأمد
- Søk sjukeheimsplass
- Knutsaåsen Omsorgssenter
- Tiltak for heimebuande personar med demens og deira pårørande
- Bustadsosial handlingsplan
- Informasjon til barn og unge med nedsett funksjonsevne
- Foreldre til barn og unge med nedsett funksjonsevne
- Dearvvašvuođa- ja fuolahusbálvalusat báhtareddjiide, dorvoohcciide ja sidjiide geat leat bearrašiin deaivvadan
- Health and Care Services for Refugees, Asylum Seekers, and Family Reunification Beneficiaries
- Helse- og omsorgstenestetilbod til flyktningar, asylsøkjarar og familiesameinte
- Helse- og omsorgstjenestetilbud til flyktninger, asylsøkere og familiegjenforente
- Mülteciler, sığınmacılar ve yeniden birleşen aileler için sağlık ve bakım hizmetleri teklifi
- Offre de services de soins et de santé aux réfugiés, demandeurs d’asile et bénéficiaire du regroupement familial
- Медико-санитарные услуги для беженцев, лиц, ищущих убежища и воссоединенных членов семьи
- الخدمات الصحية والرعوية للاجئين وطالبي اللجوء والقادمين عبر جمع الشمل الأسري
Sist oppdatert
