Pårørande ved demenssjukdom
Ved mistanke om demenssjukdom har pårørande behov for kunnskap og støtte. Innsatsen til pårørande har stor betydning både for den som er sjuk og for samfunnet. Dei gir omsorg til den som er sjuk og bidreg ofte med å organisere kvardagen, halde kontakt med helsevesenet og gi praktisk hjelp.
Mange står i pårøranderolla over lang tid – frå dei første demenssymptoma blir merkbare, til personen blir heilt avhengig av omsorg og hjelp frå andre. Dette kan ta fleire år.
Symptomar og tidlige teikn på demenssjukdom
Tidlege teikn på demens kan vere vanskelege å oppdage, både for personen sjølv og for dei rundt. Det finst ulike typar demens som kan gi ulike symptom. For nokon kan språk, hukommelse eller orientering vere det første som sviktar. For andre er det endringar i personlegdom og humør. Det kan handle om korleis vi tenkjer, oppfører oss eller rører oss. Dette blir ofte kategorisert som kognitive symptom, åtferdsmessige og psykologiske symptom, eller motoriske symptom.
Nokre tidlege teikn kan vere:
- Hukommelsessvikt
- Endra åtferd og humør
- Utfordringar med språk
- Problem med merksemd og konsentrasjon
- Sviktande orientering for tid og stad
- Vanskar med enkelte gjeremål
- Svekt dømmekraft
Dersom du er uroa for om du sjølv eller nokon nær deg kan ha demens, bør du ta kontakt med fastlegen. Det er viktig å få stilt diagnose, uansett om symptoma skuldast demens eller annan sjukdom.
Pårørande som den viktigste støttespelaren
Allereie tidleg i forløpet vil personar med demens ofte merke at dei blir meir avhengige av dei rundt seg. Når nokon blir råka av demens, kan familie og vener oppleve at det daglege samværet blir utfordrande. Gode stunder saman kan gjere det enklare å ta vare på fellesskapet og nærleiken.
Filmen under handlar om korleis ein kan kommunisere med personar med demens og skape gode stunder saman. Filmen kan vere nyttig både for pårørande og fagpersonar.
Gode stunder - full versjon on Vimeo Lenke til et annet nettsted.
Demensvennleg heim - Tips og råd
Med eit godt tilrettelagt fysisk miljø heime blir det enklare å finne fram, sjå, kjenne att og forstå kva gjenstandar skal brukast til. Forvirring og stress blir redusert, og auka meistring, tryggleik og velvære kan bidra til at den demenssjuke fungerer betre i kvardagen. Nedst finn du ei liste med forslag til endringar som kan bidra til å gjere heimen meir demensvenleg. Gjer nokre endringar om gongen, og vel det som passar for deg/dykk og familien din.
Ha det ryddig
Ryddige omgjevnader og faste plassar for gjenstandar gjer det enklare å finne ting og rom i bustaden. Uorden kan føre til at ting du treng blir vanskelege å oppdage fordi dei ligg skjulte i mengda av andre ting.
• Legg gjenstandar du brukar ofte på ein fast og synleg plass
• Rydd i rom, skap og skuffer
• Ha klede, sko og gjenstandar som høyrer årstida til lett tilgjengelege
• Rydd bort servise og kjøkenreiskapar du ikkje brukar
• Bruk gjennomsiktige behaldarar til oppbevaring av mat og gjenstandar slik at du ser innhaldet
• Byt til skapdører med glas slik at du ser innhaldet i skapet
• Fjern møblar, puter og gjenstandar som ikkje blir brukte
Bruk fargar og kontrastar
Medviten bruk av fargar kan gjere det enklare å finne fram. Fargar kan bidra til å framheve gjenstandar. Kontrastar får du ved å bruke fargar med ulik fargetone. Vel gjerne kontrastfargar på utstyr og gjenstandar, til dømes møblar, lampar, kjøkenutstyr, handkle, sengetøy og utstyr på badet.
• Sørg for fargekontrastar mellom servise og duk/brikke
• Vel kjøkenutstyr med fargar
• Framhev lysbrytarar med farga teip rundt brytaren
• Vel møblar med fargar i kontrast til golv og vegg
• Unngå sterke mønster, fordi du kan misforstå det du faktisk ser
• Bruk eit farga toalettsete i kontrast til golv og vegg
• Mal dørene i kontrastfarge til veggen for å synleggjere dei viktigaste romma
Sjekk syn og belysning
Eldre treng meir lys enn yngre, og lysbehovet aukar med åra. God grunnbelysning og punktbelysning er viktig. La lyset stå på i rom du nyttar når du er vaken. Godt lys kan bidra til at du held fram med aktivitetar du likar, og kan også førebyggje ulykker og fall. Dagslys frå vindauge gjer det lettare å følgje med på vêret og døgnrytmen. Nok dagslys gir betre nattesøvn.
• Sjekk at brillene er reine og har rett styrke
• Trekk frå gardinene på dagtid
• Sørg for nok lys i rommet og der du utfører aktivitetar
• Sørg for at det er enkelt å finne stikkontakt og lysbrytar (merk med farga teip)
• Bruk gjerne fjernstyring på lampar
• Bruk sensor som slår lys av og på automatisk
Sjekk høyrsel og støy
Svekt høyrsel er ein del av den normale aldringsprosessen. Det er lettare å halde fram med ein aktivitet når merksemda ikkje blir forstyrra av andre lydar. Forstyrrande lydar kan opplevast som støy. Det er enklare å delta i samtalar og oppfatte kva andre seier når det er roleg rundt deg. Be personar snakke mot deg, og be dei gjenta dersom du ikkje forstår.
• Sjekk høyrsel og behov for høyreapparat
• Kontroller jamleg at høyreapparata verkar og om batteria må bytast
• Reduser støy. Unngå at musikk, radio og TV står på samstundes
Skap trygge og sikre omgjevnader
Hjelpemiddel, velferdsteknologi og tilrettelegging av bustad kan gjere kvardagen tryggare, og du kan unngå brann og ulykker. Snakk gjerne med familien eller helsepersonell i kommunen om korleis du kan førebyggje uheldige og farlege situasjonar i heimen din.
- Sjekk røykvarslarar, og skaff brannalarm og vasslekkasjestoppar
- Skaff tidsur og komfyrvakt til elektriske apparat
- Skaff tryggleiksalarm
- Skaff støttehandtak, rekkverk og sklisikring til trapper og golv
- Bruk termostat for å regulere temperaturen inne
- Sørg for å ha ei dørlås som er enkel å opne og lukke
- Gjer gjerne vegen frå senga til toalettet tryggare med nattlys
- Ha telefonnummer til ambulanse (113), brannvesen (110) og politi (112) lett tilgjengeleg ved fasttelefonen eller lagra på mobiltelefonen din
Bruk kvardagsteknologi
Det gir meining å treffe vener og familie og halde fram med kjende aktivitetar. Praktiske kvardagsprodukt, digital teknologi og ulike program (appar) for mobiltelefon og nettbrett kan vere til hjelp i heimen. Mykje finst i vanlege butikkar, men noko kan òg søkjast på (mellom anna digital kalender). Du kan skaffe deg hjelpemiddel for å halde orden på tida, hugse avtalar, meistre oppgåver heime og oppretthalde kontakt med dei nærmaste.
• Monter ei tavle for beskjedar og avtalar
• Skaff kalender og klokke med tydeleg tid og dato
• Skaff ein telefon som er tilpassa dine behov
• Skaff ein enkel fjernkontroll til TV og merk viktige knappar
• Kjøp ein radio med enkle knappar og still inn på kanalane du likar
Demensvennleg rom
Andre tips og ideer til endringer du kan gjera heima:
Det er utarbeidd ei liste med forslag til endringar du kan gjere i ulike rom. Ved å gjennomføre nokre forandringar kan det bidra til at heimen din blir meir demensvennleg.
- Gjennomfør nokre endringar om gongen for å sjå om det fungerer
- Prøv deg fram og sjå kva som passar for deg og familien din
- Sjekk lista og kryss av for dei endringane som er aktuelle heime hos deg
- Treng du hjelp, spør familie, venner eller helsepersonell i kommunen
Kjøkken:
- Rydd i skap og skuffer og fjern det du ikkje treng
- Legg reiskapar og servise godt synleg når dei blir brukte ofte
- Vel farga kjøkenutstyr
- Bruk gjennomsiktige behaldarar til oppbevaring av mat og gjenstandar
- Bruk kontrastfargar på servise og duk/brikke
- Merk skuffer og skap med tekst og bilete/symbol som viser innhaldet
- Byt til skapdører med glas, slik at du ser innhaldet
- Kontakt ergoterapitenesta i kommunen for å få hjelp til å søkje komfyrvakt* og tidsur til elektriske apparat
Bad:
- Plasser toalettartiklar som blir brukte dagleg, lett tilgjengeleg. Merk gjerne artiklane
- Skaff handkle og klutar i kontrastfargar
- Bruk eit farga toalettsete som står i kontrast til toalettet, golvet og veggen
- Merk vasskrana med kvar varmt og kaldt vatn er, for eksempel med eit skilt ved krana
- Merk toalettdøra slik at ho blir synleg
- La lyset stå på om natta, eller bruk sensor som slår på lyset automatisk
- Bruk dusjmatte i og ved dusjen, og vurder dusjstol/dusjkrakk ved behov
Gang/entré:
- Ha berre klede og sko framme som høyrer til årstida
- Ha ein fast plass for nøklar, telefon og andre nødvendige gjenstandar
- Ha ein stol eller krakk tilgjengeleg
- Installer lys i eller utanfor skap slik at det er lett å finne klede, nøklar og utstyr
- Monter støttehandtak, rekkverk, sklisikring og lys i trappa for å unngå fall
- Mal karmar og merk dører til viktige rom
Soverom:
- Bruk farga sengetøy
- Merk skuffer og skap med kva dei inneheld
- Rydd og fjern klede, sko, møblar og gjenstandar du ikkje brukar
- Installer lys som slår seg på når du går ut av senga
- Sørg for at høgda på senga er tilpassa behovet ditt
- Fjern tepper og fest lause leidningar for å unngå fall
- Gjer vegen til toalettet tryggare med nattlys
Tilbod til pårørande
I tråd med gjeldande lovverk og prioriteringsveiledar skal kommunen tilby nødvendig pårørandestøtte i form av opplæring, rettleiing, avlastningstiltak og omsorgsstønad. Ta kontakt med Tildelingskontoret for meir informasjon.
Pårørandekurs / Pårørandetreff
Stord Fitjar Demensforening
Stord Fitjar Demensforening arrangerer treffpunkt for personar med demens/hukommelsesvansvar og pårørande.
Les meir informasjon om på Facebook: Stord Fitjar Demensforening
Stord Røde kors - Besøksvenn
For ein som er einsam kan det ha stor verdi å få vitjing. Frivillige i vitjartenesta stiller opp for dei som treng det mest, gjennom hyggelege møte i kvardagen.
Les meir informasjon her: Besøksvenn - Røde Kors Lenke til et annet nettsted.
Demenslinjen
Har du spørsmål eller uro knytt til demens? Ta kontakt med Demenslinja på telefon 23 12 00 40, og snakk med erfarne sjukepleiarar. Demenslinja er open måndag til fredag frå klokka 9.00 til 15.00.
Sjå meir informasjon på nettsida: Demenslinjen Lenke til et annet nettsted.
Pårørandesenteret - Pårørandelinja
Pårørendesenteret er eit nasjonalt senter for alle pårørande og fagpersonane som møter dei – uavhengig av diagnose eller relasjon.
Pårørendelinja er open for både pårørande og fagpersonar alle kvardagar frå kl. 10.00 til 17.00
(sommartid frå kl. 10.00 til 15.00).
Ring tlf. 90 90 48 48 eller bruk chatten på nettsidene deira.
Sjå meir informasjon på nettsida til Pårørendesenteret:
Pårørendesenteret Lenke til et annet nettsted.
Møteplass for meistring - Kurs for yngre personar med demens og deira pårørande
Møteplass for mestring er et landsdekkende kurstilbud der personer som har fått demensdiagnose før 65-års alder deltar sammen med en nær pårørende, fortrinnsvis ektefelle/partner. Kurset er lagt opp over tre dager med overnatting.
Sjå meir informasjon her: Møteplass for mestring - Nasjonalt senter for aldring og helse Lenke til et annet nettsted.
Tilbod til personar med demens
Tiltak for heimebuande personar med demens og deira pårørande
Oversikt over kva tilbod som finnes til heimebuande personar med demens, og kven som forvaltar kva i kommunen og andre sentrale samarbeidspartar, finn du her: Tiltak for heimebuande personar med demens og deira pårørande Lenke til et annet nettsted.
Dagaktivitetstilbod for personar med demens
Dagaktivitetstilbodet er for personar med mild til moderat demens og gir aktive, trygge og meiningsfulle dagar. Tilbodet bidreg til å vedlikehalde funksjonar, samtidig som pårørande får avlasting.
Tilbodet held til i Hauglandstova på Stord sjukeheim og har ope fem dagar i veka. Ein kan få plass éin eller fleire dagar etter behov.
Sjå mer informasjon her: Dagaktivitetstilbod for personar med demens Lenke til et annet nettsted.
Fullmakt på Helse Norge
Som pårørande kan du få fullmakt til å bruke Helsenorge på vegner av ein annan person, anten digitalt eller på papir. Fullmakta må givast av den personen du skal få ho frå.
Fullmakt til å bruke Helsenorge på vegne av andre - Helsenorge Lenke til et annet nettsted.
Sist oppdatert
