Bedriftsetablering
Stord kommune ynskjer å vidareutvikla eksisterande næringsliv, og å leggja til rette for etablering av ny verksemd.
Treng du rettleiing i samband med etablering av verksemd, kan du venda deg til Atheno eller Samarbeidsrådet for Sunnhordland.
Samarbeidsrådet for Sunnhordland
Samarbeidsrådet for Sunnhordland er regionrådet for kommunane Austevoll, Bømlo, Fijtar, Kvinnherad, Stord, Sveio og Tysnes. Føremålet med selskapet er interkommunalt samarbeid med særleg vekt på ulike typar tiltaksarbeid og utviklingsarbeid.
Samarbeidsrådet for Sunnhordland har hatt ansvar for å forvalte Etablerarfondet for Sunnhordland. Her har gründerar kunna søkt midlar til oppstartsfasen av etableringa.
Det er diverre ikkje sett av midlar hos Vestland fylkeskommune til etablerarfond for 2021, men ein vonar ordninga trer i kraft igjen frå 2022.
www.samarbeidsraadet-sunnhordland.no Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.
Atheno
Atheno AS er Stord kommune sin samarbeidspartnar innan næring og etablering. I nær 40 år har dei hjelpt verksemder i Sunnhordland med å starta, utvikla og omstilla. Atheno kjenner regionen og dei kjenner vegen frå idé til drift, anten ambisjonen din er å leva av ei lita verksemd eller byggja noko som skal veksa.
Trygg start
Å starte for seg sjølv kan vere både spennande og sårbart, og det er mange spørsmål som dukkar opp. Hos Atheno kan du kome tidleg, midt i, eller når du har køyrt deg litt fast. Her møter du folk som lyttar, spør og hjelper deg å få orden i tankane, slik at det blir lettare å velja rett veg vidare.
Atheno oppstartsrettleiing
Dette er ein roleg og uforpliktande samtale der de saman finn kjernen i det du vil få til, kva som bør prioriterast no og kva som kan venta. Her ser de på moglegheiter, fallgruver og ei retning å styra etter, og de blir einige om eitt eller nokre få neste steg som er realistiske å gjennomføra. Om det er relevant, hjelper Atheno deg å orientera deg i støtteordningar og kven det kan vere lurt å snakka med vidare.
Atheno Inkubator
For verksemder med tydeleg vekstpotensial tilbyr Atheno tett oppfølging over tid. Inkubatoren er ein del av Siva sitt nasjonale program, og her jobbar de meir langsiktig for å få fart på marknad, sal, team og kapital.
Kurs og arrangement
Atheno arrangerer relevante kurs, seminar og faglege møteplassar gjennom året. Tilboda er for både etablerarar og verksemder i drift, og tek opp tema som leiing, styrearbeid, rekruttering, marknadsføring og økonomi, i tillegg til innovasjon og internasjonalisering. Kurs og arrangement blir annonserte fortløpande på Atheno sine nettsider: www.atheno.no Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.
Invest in Sunnhordland
Invest in Sunnhordland er etablert for deg som ynskjer å etablera deg i ein av Noregs mest innovative regionar. Dei gir deg og initiativet ditt nødvendig og relevant informasjon om regionen og tilgjengelege område, og dei set av tid til å kartleggja kva du treng. Dersom dei ser potensial og moglegheiter, bruker dei deira omfattande nettverk for å kopla deg med relevante miljø og enkeltpersonar, arrangera møte og akselerera prosessen.
På nettsidene til Invest In Sunnhordland ligg det blant anna ute ein oversikt over næringsområda i kommunane Fitjar, Bømlo, Kvinnherad, Tysnes og Stord som gir god informasjon om kvart område: www.investinsunnhordland.no Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.
Sist oppdatert
