Etablerarprøven for serveringsverksemd
Etablererprøva skal hjelpe til å sikre at dagleg leiar har dei nødvendige grunnkunnskapane om økonomistyring og lovgiving som er sentrale for drift av serveringsstader.
Beskrivelse
Før ein serveringsstad kan få serveringsløyve, må dagleg leiar av serveringsstaden ha klart etablerarprøven. (Dette er ikkje det samme som kunnskapsprøven etter alkohollova.)
Etablerarprøven skal sikre at den som er ansvarleg for serveringsstaden, har dei nødvendige kunnskapane om økonomistyring og lovgjeving som har noko å seie for drifta. Kommunen skal halde prøven innan to månader etter at han har tatt imot melding om at du ønskjer å avleggje prøven.
Etablerarprøven er ein fleirvalsprøve. Du vil få 90 minutt til å svare på prøven. For å klare prøven må 40 av 50 svar vere rette. Ta med gyldig legitimasjon.
Spørsmål og svar i høve etablerarprøven. Lenke til et annet nettsted.
Bestill time for å ta etablererprøva Lenke til et annet nettsted.
Målgruppe
Dagleg leiar i ei verksemd som har eller søkjer om serveringsløyve
Regelverk
Sjå spesielt serveringslova § 5 Krav om etablererprøve
Prisar
Skjenkeløyve fast
Minstegebyret og gebyrsatsen per liter alkohol vert justert årleg og samsvarer til ei kvar tid med gjeldande satsar i Forskrift om omsetning av alkoholholdig drikk mv. (alkoholforskriften) - Kapittel 6. Bevillingsgebyr - Lovdata Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.
Serveringsløyve
Det er ingen gebyr for søknad om serveringsløyve.
Ambulerande skjenkeløyve til lukka lag for eitt enkelthøve
Kr 440,- per løyve.
Skjenkeløyve for eitt enkelthøve (ope arrangement)
Kr 6 400,- per løyve.
Sist oppdatert
