Vegvedlikehald

Du kan melde frå til kommunen dersom det er forhold ved ein kommunal veg som svekkjer framkomsten eller trafikktryggleiken.

Meld frå

Meld frå om feil på kommunal veg|(scfdv.no) Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.

Meld om mørke veglys – Hkraft.no Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.

I perioden 1. november til 1. april er det vintervakt. Saker som gjeld vintervedlikehald kan du melda frå om i publikumsportalen eller ringa arbeidsleiar veg, på dagtid mellom kl. 07.00 – 15.00. Etter kl. 15.00 og i helgar, kan du ringa vakttelefon 975 52 084.

Vegavdelinga har ansvar for dei kommunale vegane i kommunen.

Vegkart kommunal veg (vegvesen.no) Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.

Kommunen kan stengje ein veg dersom vêr- og føretilhøva ikkje gjer det mogleg å halde han open. Vedlikehaldet omfattar køyrebane, bankettar, skråningar og dreneringssystem. Omfanget av desse oppgåvene blir vurdert ut frå behov og kommuneøkonomi. Dersom vegtilstanden er slik at det oppstår skadar eller ulukker, gjeld dei alminnelege erstatningsreglane.

Oppgåvene våre kan vere:

  • asfaltering og reperasjonar 
  • tette slukar
  • feiing og reinhald
  • fjerning av boss
  • klipping av vegetasjon
  • rydding i kraftsoner
  • vegoppmerking og skilting
  • brøyting og strøing om vinteren

Stord kommune har ansvar for å brøyte, strø og salte det kommunale vegnettet. For private vegar har dei som nyttar vegen ansvaret for å brøyting og anna vedlikehald. 

Vegavdelinga i kommunen har følgjande prioriteringar og rutinar ved brøyting og strøing:

  1. Kollektivtrasear
  2. Skulevegar
  3. Andre kommunale vegar og plassar 

Brøyting av kommunale vegar startar når det er naudsynt. 

Oversikt over brøyteroder | vegvesen.no Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.

I følgje politivedtektene for Stord kommune § 16 , Snøfall og takras pliktar eigar av hus eller grunn mot offentleg stad å rydda fortauet utanfor eigedomen for snø og is etter takras. Innanfor Leirvik sentrum gjeld ryddingsplikta også etter snøfall. I følgje § 17 , Strøplikt har eigar av hus eller grunn mot offentleg stad plikt til å strø fortauet utanfor eigedomen når det er glatt.

Stord kommune har som målsetjing at fortau og gang / og sykkelvegar skal strøast så godt at fotgjengarar ikkje går i køyrebana. Strøing vert elles i hovudsak utført som punktstrøing dvs. det vert strødd i bakkar, svingar og inn mot vegkryss. Kommunen har plassert ut strøkassar på dei mest problematiske stadane. Under vanskelege køyretilhøve vert heile strekningar strødd samanhengande. Strøinga skal vera så god at vanleg vinterutrusta køyretøy kjem fram.

Det at snø kjem inn på privat eigedom som følgje av brøyting/fresing av kommunal veg/vegareal er innanfor tålegrensa i grannelova, med mindre det går føre seg på ein uforsvarleg og lite omsynsfull måte. 

Det forhold at snø som kjem inn i hagar og innkjørsle kan innehalda strøsand eller salt er noko oppsitjarar må pårekna. Grunneigarar må sjølv rydda eigen avkjørsle.

VegtypeVegmyndeVedlikehaldsansvarleg
Europaveg / riksvegStatens vegvesen

Statens vegvesen

Veitrafikksentralene | Statens vegvesen Lenke til et annet nettsted.

FylkesvegVestland Fylkeskommune

Vestland fylkeskommune

Meld frå om feil på fylkesveg - Vestland fylkeskommune Lenke til et annet nettsted.

Kommunal vegStord kommuneStord kommune - Varsle om feil (scfdv.no) Lenke til et annet nettsted.
 
Privat vegVeglag etter veglova § 55, sameige, aksjeselskap, grunneigar e.l.Når privat veg blir brukt som sams tilkomst for fleire eigedomar, pliktar kvar eigar, brukar eller den som har bruksrett, kvar etter same høvetal som gjeld for den bruk han gjer av vegen, å halde vegen i forsvarleg og brukande stand jf. veglova § 54. 
 

I tillegg til eigne mannskap vert det leigt inn 7 private (maskin + mann). Stord kommune har i dag 11 brøyteroder. Brøytinga av dei fleste rodene tek ca. 8-12 timar avhengig av mengde og konsistens.

  • Trafikksikringsplan for Stord kommune
  • Hovudplan veg 2014-2019

Brøyting og snørydding
Byggje- og aktivitetsforbod langs offentleg veg - dispensasjon
Ladeplass for EL-bil
Parkering
Parkeringskort for rørslehemma
Privat avkjørsel frå offentleg veg
Reklameskilt langs veg
Strøsand til eldre og uføre
Trafikksikring
Vegvedlikehald
 

Priser


Underetasjen på Bachertunet

Måndag - fredag kl. 07.00-19.00. Laurdag kl. 07.00-17.00. (anna tidsrom – gratis) kr 16 per time, inkl. mva. (anna tidsrom: gratis) 

Gratis parkering ved bruk av parkeringsskive

2 timar gratis i sentrum med bruk av parkeringsskive gjeld på følgjande stader: 

  • Torget
  • SKE-bygget i Lønningsåsen
  • Osen
  • Vidsteenstunet/Sorenskrivareigedomen
  • Borggata/Borggarden
  • Jens Hystadveg
  • Stord kommunale rehab. senter, Lønningsåsen
  • Snøggbåtterminalen
  • Torgbakken
  • Parkeringsdekke ved NAV

10 timar gratis parkeringgjeld på følgjande stader:

  • Sæ får 12 timars parkering
  • Vabakkjen  

Tidsavgrensinga er 07.00 - 18.00 på kvardagar og til 16.00 på laurdagar.

Maksimum parkeringstid gjeld også for el- bilar og personar med HC- kort.

Parkeringsskive er for sal i rådhuset til kr 30,-


Relatert informasjon

Sist oppdatert

Fant du det du var på jakt etter?