Landbruksveg - bygging
Kort fortalt
Dersom du planlegg å byggje eller byggje om på ein landbruksveg på eigedommen din, må du få godkjenning av kommunen.
Beskrivelse
Du må ha godkjenning av kommunen ved nybygging eller ombygging av landbruksvegar. Det skal leggjast vekt på at vegen fremjar rasjonell landbruksdrift og tek vare på heilskaplege løysingar uavhengig av eigedomsgrenser. Konsekvensane som vegen vil ha for natur, kulturminne og friluftsliv, vil bli vurderte. Skal du opparbeide oppstillingsplass eller ein enkel driftsveg som berre fører til små inngrep i terrenget, treng du ikkje godkjenning.
Målgruppe
Landbruksføretak
Kriterier
- Skal du byggje ein landbruksveg med ei lengd på over 5 kilometer, må du ha ei godkjend konsekvensutgreiing før det blir gjort vedtak.
- Avkøyrsel frå offentleg veg og velteplassar som blir lagde inn til offentleg veg, skal på førehand vere godkjend av vegstyresmaktene
- linjeføring, teknisk utforming og miljømessig tilpassing av vegen
- skogsdrift (for vegar til skogbruksføremål) dersom det er påkrevt for å ta vare på dokumenterte miljøverdiar
Regelverk
Når hovudføremålet med vegen er landbruk, dvs. at meir enn 50 % av nytteverdien av vegen er landbruksrelatert verksemd, skal søknaden behandlast etter forskrift om planlegging og godkjenning av vegar for landbruksføremål. Når hovudføremålet med vegen ikkje er landbruksrelatert verksemd, blir søknaden behandla etter plan- og bygningslova.Sjå òg plan- og bygningslova § 29-7 Krav til produkter til byggverk.
Lover
Praktiske opplysninger
Veiledning - hvordan få utført eller motta tjenesten
Du sender ein skriftleg søknad til kommunen. På førehand må du underrette dei som veganlegget får følgjer for, til dømes naboar og rettshavarar. Opplys i søknaden om at dette er gjort. Gjer greie for dei driftsmessige og økonomiske fordelane du vil oppnå med tiltaket. Eventuelle alternative vegtrasear bør òg komme fram.
Vedlegg
Kartdel som viser
- planlagd veg og dekningsområde jamført med eksisterande vegar
- planlagde massetak i samband med vegbygginga
- lokaliseringa for alle kjende miljøverdiar i området
- eksisterande bygningar
Saksbehandling
Statsforvaltaren skal få høve til å uttale seg før kommunen gjer vedtak. Det gjeld òg kulturminneforvaltninga i fylkeskommunen, Samisk kulturminneråd og reindriftsagronomen når vegen kan ha følgjer for interessene i fagområda deira. Du vil få beskjed om at kommunen behandlar saka di, og du vil få høve til å uttala deg. Kommunen skal innhenta alle nødvendige opplysningar for å avgjera saka, og du har rett til å sjå dokumenta i saka. Vedtaket vil innehalda grunngivinga til kommunen, korleis dei kom fram til avgjerda, og kven som har vore involvert i behandlinga. Vedtaket vil bli sendt til deg skriftleg.
Saksbehandlingstid
Kommunen skal behandla saka så snart som mogleg. Viss saka ikkje kan avgjerast innan éin månad, skal du ha skriftleg svar om grunnen til dette med opplysning om når det er grunn til å tru at vedtaket blir gjort.
Klagemulighet
Dersom du er misnøgd med vedtaket, kan du klage til kommunen innan ein frist på tre veker frå du fekk det. Forklar kva du er misnøgd med og kvifor du meiner at vedtaket bør endrast. Dersom du treng rettleiing, kan du vende deg til kommunen. Dersom kommunen lèt vedtaket stå, blir saka sendt vidare til statsforvaltaren, som avgjer om klagen skal bli teken til følgje.
2025 KF (Kommuneforlaget AS), Oslo, KF Tjenestekatalog.
Tjenestebeskrivelsene i KF Tjenestekatalog viser lovpålagte kommunale tjenester til innbyggere og næring. Beskrivelsene blir oppdatert fortløpende ved endringer i lover og sentrale forskrifter.
Tjenestebeskrivelsen er automatisk oppdatert 06.01.2025
Prisar
Landbruk, havbruk og utsleppssaker
Landbrukssaker konsesjons- og delingssaker samt havbrukssaker
For handsaming av konsesjonssaker etter § 1a: kr 5 000 jf. gjeldande forskrift.
For handsaming av søknader om delingssamtykke etter §1 b: kr 2 000 (jf. gjeldande forskrift)
Havbrukssaker
Gebyr vert rekna per påbyrja time for sakshandsamar. For tida er taksten kr 1 300 per time, og eit minstegebyr på kr 5 000.
Relatert informasjon
Skjema
- Avtale om spreiing av husdyrgjødsel (word)
- Byggherre erklæring
- Eigenerklæring om konsesjonsfridom ved overtaking av fast eigedom etter konsesjonslova
- Innmarksbeite som spreieareal gjødselvarer - Søknad om godkjenning (PDF)
- Konsesjon - søknad
- Kvittering for levert husdyrgjødsel
- Miljøtiltak i jordbruket - søknad om tilskot (SMIL)
- Tilskot til tiltak i beiteområde
- Jordlova - søknad om samtykke
Relaterte artiklar
- Landbruksvei - bygging
- Avkøyrsel - privat avkøyrsel frå offentleg veg
- Avkøyrsle og byggegrense
- Bompengar - privat veg
- Driftsbygning i landbruket
- Konsesjon og buplikt - landbrukseigedom
- Deling av landbrukseigedom
- Landbrukseiendom - deling
- Landbrukseigedom - deling
- Driveplikt på landbrukseiendom - søknad om fritak
- Driveplikt på landbrukseigedom - søknad om fritak
- Konsesjon og boplikt - landbrukseiendom
- Konsesjon og buplikt - landbrukseigedom
- Eanandoalloopmodat - juohkin
- Tilskot til drenering - søknad
- Produksjonstilskot i jordbruket
- Regionalt miljøtilskott i jordbruket
- Bygdeutviklingsmidlar
- Spesielle miljøtiltak i jordbruket (SMIL)
- Erenoamáš birasdoaimmat eanandoalus (SMIL)
- Spesielle miljøtiltak i jordbruket (SMIL)
- Økologisk landbruk - direkte tilskott
- Tilskot til tilak i beiteområde
- Bruk av gjødsel i jordbruket
- Bruk av gjødsel i jordbruket
- Nydyrking av areal til jordbruksformål
- Driftsbygning i landbruket
- Driftsbygning i landbruket
- Nydyrking av areal til jordbruksformål
- Landbruksplan for Stord og Fitjar
- Trafikksikring
- Varsling om arbeid på vass- og avlaupsnettet
- Vegvedlikehald
- Bu- og driveplikt
- Deling av eigedom (skilja ut tomt)
- Grensejustering
- Arealforvaltning
Sist oppdatert
