Oppretting av ny tomt

Ønsker du å dela eigedomen din (skilja ut tomt), må du søkja om oppretting av ny grunneigedom.

Ved oppretting av ny grunneigedom vert det etablert ein ny sjølvstendig eigedom med eige gards- og bruksnummer. Den nye eigendomen vert registrert i grunnboka og i matrikkelen (eigedomsregisteret).

Dersom du vil frådele eit areal som skal leggjast til ein anna eigedom, sjå arealoverføring.

 

Før du søkjer må du sjekka om delinga er i samsvar med gjeldande reguleringsplan. Dersom området ikkje er regulert, er det kommunedelplan/kommuneplan som gjeld. Kva plan som gjeld finn du her i kommunen si kartløysing "Stordkart" Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu..
Alternativt kan du kjøpe planinformasjon hjå Ambita infoland Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.. Produktet heiter "Gjeldande arealplanar med føresegner og plananalyse.

Dersom delinga ikkje er i samsvar med plan må det søkjast om dispensasjon. Dette kan gjerast samstundes med søknad om deling. Les her om dispensasjon. doc, 122 kB, åpnes i nytt vindu.

Gjeld delinga fortetting i eksisterande utbygd bustadområde er det føresegner § 2.1 i kommuneplanen for Stord 2010-2021 som gir føringar. Les meir om dette i kommuneplanen under vedlegg 1 på denne sida. Åpnes i nytt vindu. I LNF spreidd område er det §3.4 i kommuneplanen som gjeld.

Den nye eigedommen må tilfredsstille krav til vatn, avløp og tilkomst, jf. plan og bygningsloav kapittel 27. Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.  Vegrett kan som hovedregel sikrast ved at eigedommen har tilkomst frå veg som er open for allmenn ferdsel, eller ved tinglyst rettigheit til privat tilkomst. I uregulert område må det søkjast om utvide bruk av avkjørsel.

Rettigheit til å føre avløpsleidning over annans grunn, alternativ til å knytte seg til felles leidningsnett, skal vere sikra ved erklæring. VA-kart og førehandsuttale frå Tekniske tenester kan tingast her. Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu. I område der det ikkje er offentleg avløp må det søkjast om utsleppsløyve. 

Byggetomta må ha form, storleik og plassering som er eigna til bygging, og det må vere avklara at det er tilstrekkelig sikkerhet mot fare eller vesentlig ulempe som følge av natur- eller miljøforhold, jf. plan og bygningslova § 26-1, 28-1.

Har du spørsmål og ynskjer du å gå gjennom planane dine før du skal i gong med søknadsprosessen kan du tinga ein førehandskonferanse Åpnes i nytt vindu.

 

Kva skal søknaden innehalde:

 

 

  • Dokumentasjon på at det er tilstrekkelig sikkerhet mot fare eller vesentlig ulempe som følge av natur- eller miljøforhold, jf. pbl § 28-1.

 

 

Oppretting av ny grunneigedom skjer i to trinn: 

  • Sakshandsaming (vedtak om oppretting av ny grunneigedom i samsvar med plan- og bygningslova) 
  • Oppmålingsforretning (grensepunkta vert oppmålt og merka, og vidare registrert i matrikkelen. Det nye bruksnummer vert tinglyst)

Dersom det er nødvending å innhente uttale frå andre mynde og avklare forhold t.d. tid veglova, kulturminnelov eller jordlov, vil kommunen sende søknaden til uttale/handsaming. I LNF spreidd område må søknaden også handsamast etter jordlova, vanlegvis etter vedtak etter plan og bygningslova. Skjema kan du finna her.

Sakshandsamingsfristen er avhengig av om det vert søkt om dispensasjon. doc, 122 kB, åpnes i nytt vindu. For søknad utan dispensasjon er sakshandsamingsfristen 3 veker, medan for søknad med dispensasjon er fristen 12 veker.

Søknaden vert vurdert i forhold til:

  • Tomt skal vera eigna til å byggjast på både i høve til storleik, form og terreng, og avstand til grense og bygningar, jf. plan og bygningslova §26-1.
  • Gjeldande arealplanar (kommuneplanens arealdel m/ føresegner, reguleringsplan m/føresegner, utbyggingsplan).
  • Tilkomst og vegrettar. Ny tomt skal vera sikra lovleg tilkomst til veg som er open for alminnelig ferdse. Avkjørsel frå offentleg veg må vera godkjent.
  • Bustadtomt skal ha tilstrekkeleg tilgang til hygienisk trygt drikkevatn.
  • Avløpsvatn frå bustadtomter skal vera sikra i samsvar med forureiningslova.
  • Naturgitte tilhøve som stabilitet i byggegrunn, risiko for flaum, fare for skred m.m.

Når det er fatta vedtak om frådeling, vert saka overført til oppmålingsavdelinga som er ansvarleg for oppmålingsforretningen.

 

Rekvirentan(e), naboar og eventuelle rettigheitshavarar til arealet som skal frådelast vert kalla inn til oppmålingsforretningen minst to vekjer i forkant, dersom ikkje anna er avtalt. Dersom nokon skal møta i staden for dei som er innkalt, må desse ha skriftleg fullmakt.

Det vert holdt oppmålingsforretning over eigedomen der partane bidrar til å påvisa eksisterande grenser i samsvar med målebrev/skuldelingsforretningar. Ny grense etter delingstillatelse vert påvist og stikka ut av landmålar. Grensemerker vert sett ned i marka og grensepunkta vert målt. Det skal førast protokoll over kva som er klarlagt og avtalt ved forretningen.

Sakshandsamingsfristen for oppmålingsforretning er inntil 16 veker.

Dersom det er tinglyst urådigheit (t.d. forkjøpsrett) på eigedomen arealet skal delast frå, eller det er andre forhold som hindrar tinglysing må dette ryddast opp i før det nye bruksnummeret kan tinglysast.

Når kommunen får tilbakemelding på at den nye matrikkeleininga er tinglyst, vedt det laga matrikkelbrev som vert sendt til rekvirentan(e).

Overskøyting av den nye parsellen til ny eiger må ordnast av partane sjølv. Dersom de treng hjelp til å fylla ut dokumenta som skal tinglysast, vert det anbefalt at de søkjer hjelp hos ein eigedomsmeglar eller advokat.

Meir informasjon om heimesovergong ved skøyte: Kartverket sin informasjon om skøyte Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu..

 

 

De som er partar i saka eller har rettsleg klageintresse kan klage på vedtaket. Her finner du meir informasjon om klageretten.

 

Priser

§ 5.1 Tidspunkt for gebyrfastsetting og fakturering 

Gebyr blir fakturert ved fullført oppmålingsforretning, og blir rekna etter satsane som gjeld den dagen saka blir fremma for kommunen. Kommunen krev i tillegg dekka naudsynte tinglysingsgebyr og eventuell dokumentavgift. Innbetaling av gebyr kan krevjast før matrikkelføring og tinglysing vert gjennomført. 

§ 5.2 Vinterforskrift 

Den generelle handsamingsfristen på 16 veker for saker etter matrikkelforskriftens § 18 tredje ledd gjeld ikkje i perioden 1. desember – 30. mars. 

§ 5.3 Grunngebyr 

Kommunen fakturerer grunngebyr for alle saker, med mindre denne forskrifta angir noko anna. Grunngebyret skal dekkje dei generelle oppgåvene i sakshandsamingsprosessen som er uavhengig av kompleksitet og storleik på tiltaket, eksempelvis innregistrering av søknad, journalføring, fordeling av sak og arkivering. 

Grunngebyr per søknad er kr 1 366,-

§ 5.4 Avbroten forretning 

Ved avbroten forretning skal rekvirent betale 1/3 av gebyrsatsane. 

§ 5.5 Gebyr for oppmålingsforretningar 

Samla gebyr består av både sakshandsamingsgebyr for kontorarbeid og gebyr ved oppmåling i marka. Dersom saka ikkje krev oppmåling i marka, fakturerast berre sakshandsamingsgebyr.

Gebyr for kontorarbeid 

Gebyret dekker kommunens sakshandsaming i samband med oppmålingsforretning, grensejustering, påvising av grenser, klårlegging av grenser mv., samt registrering i matrikkelen. 

Gebyr for sakshandsamingUtrekningseiningGebyr
Oppretting av grunneigedom og festegrunnPer eigedomKr 27 446
Tillegg for oppretting av fleire matrikkeleiningarPer ny matrikkeleiningKr 6 662
Oppretting av uteareal på eigarseksjon, inntil to tilleggsdelerPer eigarseksjonKr 16 388
Tillegg for fleire tilleggsdeler utover toPer tilleggsdelKr 4 397
Oppretting av grunneigedom av heil teigPer eigedomKr 16 788
ArealoverføringPer arealoverføringKr 22 117
Matrikulering av eksisterande umatrikulert grunnPer timeKr 1 599
Registrering av anleggseigedomPer eigedomKr 22 117
PunktfestePer punktfesteKr 15 855
Oppretting av matrikkeleining utan fullført oppmålingsforretningPer matrikkeleiningKr 30 287
GrensejusteringPer grensejusteringKr 14 789
Arealoverføring til offentleg vegPer timeKr 1 599
Grensepåvisning/klarlegging av tidlegare koordinatorfesta grenserPer søknadKr 11 059
Klarlegging av grense for grunneigedom som ikkje er koordinatfesta i tidlegare forretningPer søknad Kr 15 854

Gebyr for feltarbeid 

I saker kommunen må ut i marka kjem det oppmøtegebyr og gebyr per grensepunkt, i tillegg til gebyr for kontorarbeidet. Samanfallande grensepunkt telles som eit. 

Gebyr ved oppmåling i markaUtrekningseiningGebyr
OppmøtegebyrPer oppmøteKr 6 908
Grensepunkt som vert målt og merka i markaPer grensepunktKr 1 599

§ 5.6 Endring av godkjent frådelingsvedtak 

Endring av godkjent frådelingsvedtak.

Ved ynskje om endring som rekvirent legg fram i forkant av oppmålingsforretninga eller på denne og som må godkjennast av planavdelinga kostar kr 7 042,- per endring. 

§ 5.7 Gebyr for anna fakturerbart arbeid 

AnnaUtrekningseiningGebyr
Arbeid med referanse til stadfestingsavtale om eksisterande grense eller stadbunden rett, jf. matrikkelforskrifta § 44Per timeKr 1 599
Utarbeiding av matrikkelbrev inntil 10 sider.Per brevKr 175,-
Utarbeiding av matrikkelbrev over 10 sider.Per brevKr 350,-

Gebyrpliktig arbeid etter matrikkellova som ikkje fell inn under andre føresegner i denne forskrifta, vert fakturert etter medgått tid. Timeprisen dekker sakshandsaming, støttefunksjonar og administrasjon. 

Anna fakturerbart arbeid Gebyr per time
Gebyr for medgått tid kontorarbeid.Kr 1 599
Gebyr for medgått tid feltarbeid.Kr 1 599

I spesielle saker/atypiske saker kan kommunen på forhånd bestemme at saken vert fakturert etter medgått tid.

§ 5.8 Gebyr for avslutta sak før vedtak, ved avvising og ved avslag

Gebyr for avslutta sak før vedtak, ved avvising og ved avslag

Vnr.

Sak

Utrekningseining

Gebyr

Vnr.Y

Sak som avsluttast/returnerast pga. vesentlege manglar

Per sak

kr 7 614

Vnr.Y

Sak som blir trekt før vurdering

Per sak

Grunngebyr

Vnr.Y

Sak som blir trekt av søkjar etter at kommunen har satt i gong handsaming, men før endeleg vedtak

Per sak

Grunngebyr + 50 % av saks- handsamings gebyr

Vnr.Y

Sak som kommunen avslår

Per sak

Fullt gebyr

§ 4.1 Grunngebyr 

Kommunen fakturerer grunngebyr for alle saker, med mindre denne forskrifta angir noko anna. Grunngebyret skal dekkje dei generelle oppgåvene i sakshandsamingsprosessen som er uavhengig av kompleksitet og storleik på tiltaket, eksempelvis mottakskontroll, innregistrering, journalføring, fordeling av sak og arkivering. 

Grunngebyr per søknad kr 3 689,-

§ 4.2 Mangelfull søknad 

Dersom søknad ikkje følgjer krava i eierseksjonsloven § 11 og kommunen må sende mangelbrev, kjem det eit tilleggsgebyr frå og med det andre mangelbrevet, på kr 2 856,- per brev.

§ 4.3 Oppretting av eigarseksjonar 

Oppretting av eigarseksjonar, nybygg og eksisterande byggGebyr
For ein til fire seksjonar, per søknad.Kr 14 039.-
Frå fem seksjonar, tillegg per ny seksjo.nKr 1 785.-

§ 4.4 Reseksjonering 

ReseksjoneringUtrekningseiningGebyr
For ein til fire seksjonarPer søknad Kr 19 750,-
Frå fem seksjonar, tillegg per ny seksjonPer seksjon Kr 2 141,-

§ 4.5 Sletting/oppheving av seksjonert sameige 

Det er sakshandsamingsgebyr for å slette seksjonar på ein eigedom på kr 4 759,- per søknad.

§ 4.6 Tilleggsgebyr 

Gebyr kjem i tillegg til sakshandsamingsgebyret. 

TilleggsgebyrUtrekningseiningGebyr
Gebyr for synfaringPer synfaringKr 3 213,-
Gebyr produksjon av ny planteikningPer planteikningKr 2 856,-
Tilleggsgebyr ved seksjonering av anleggseigedomPer sakKr 4 759,-
Pålegg om reseksjonering etter § 22 eierseksjonsloven.Per sakKr 9 756,-

§ 4.7 Gebyr for avslutta sak før vedtak, ved avvising og ved avslag

Gebyr for avslutta sak før vedtak, ved avvising og ved avslagGebyr per sak
Sak som vert avvistKr 7 614,-
Sak som blir trekt før vurderingGrunngebyr
Sak som blir trekt etter at kommunen har satt i gong handsaming, men før endeleg vedtakGrunngebyr + 50 % av sakshandsamingsgebyr
Sak som kommunen avsluttar på grunn av manglande oppfølging frå søkerGrunngebyr + gebyr for mangelbrev
Sak som kommunen avslårFullt gebyr

§ 4.8 Gebyr for anna fakturerbart arbeid 

Gebyrpliktig arbeid etter eierseksjonsloven som ikkje fell inn under andre føresegner i dette kapitelet, vert fakturert etter medgått tid. Timeprisen dekkjer blant anna sakshandsaming, støttefunksjonar og administrasjon. I spesielle saker/atypiske saker kan kommunen på førehand avgjerda at saka vert fakturert etter medgått tid. 

Gebyr for medgått tid etter eierseksjonsloven er kr 1 427,- per time.

Landbrukssaker konsesjons- og delingssaker samt havbrukssaker

For handsaming av konsesjonssaker etter § 1a: kr 5 000 jf. gjeldande forskrift.

For handsaming av søknader om delingssamtykke etter §1 b: kr 2 000 (jf. gjeldande forskrift)

Havbrukssaker

Gebyr vert rekna per påbyrja time for sakshandsamar. For tida er taksten kr 1 346 per time, og eit minstegebyr på kr 5 000.

Relatert informasjon

Sist oppdatert

Fant du det du var på jakt etter?