Eigarseksjonering/reseksjonering

Kort fortalt

Seksjonering er å dela ein eigedom i fleire nytteeiningar. Du kan t.d. søkja om å gjera ein del av ein bustad om til leilegheit. Reseksjonering er ein ny oppdeling av ein eigedom som allereie er seksjonert. Du må søkja kommunen om seksjonering eller reseksjonering.

Beskrivelse

Eierseksjonering er ein måte å organisera sameie av fast eigedom på. Ein eigarseksjon vil vera ein eiga juridisk eining som kan omsetjast og vert lånt uavhengig av resten av eigedomen eller nytteeiningane. Eierseksjonering eignar seg blant anna for oppdeling av bustadsblokker og horisontaldelte to- og firemannsboliger.

Målgruppe

Hus- og bygningseigarar

Kriterier

  • Det må knytast einerett til bruk av nytteeininga
  • Du må laga ein sameiebrøk for kvar seksjon
  • Nytteeininga si hoveddel må vera ein klårt avgrensa og samanhengande del av ein bygning på eigedomen
  • Viss det er fleire nytteeiningar på eigedomen, må alle vera del av seksjoneringen
  • Du kan berre søkja for éin grunneigedom
  • Den seksjonerte bustaden må vera ein lovleg bustad etter reglene i plan- og bygningsloven
  • Det må vera mogleg å oppretta parkeringsplass.
  • Du må oppgje om eininga skal brukast til bustad eller næring.

For eksisterande bygningar må pålagde bygningsmessige tiltak gjennomførast før seksjonering eller reseksjonering kan skje.

Pris for tjenesten

Kommunen kan ta eit gebyr som skal dekka kostnadene til saksarbeidet.

Regelverk

Sjå spesielt § 12, § 13 og § 14 i eierseksjonslova.
Sjå blant anna matrikkellova § 6 Krav om oppmålingsforretning før matrikkelføring

Lover

Praktiske opplysninger

Veiledning - hvordan få utført eller motta tjenesten

Når du skal seksjonera ein eigedom må du fylla ut eit begjæringsskjema. Kommunen handsamar seksjoneringssaken og fører seksjoneringen i matrikkelen. Deretter sender kommunen melding til tinglysing. Kvar seksjon får då oppretta eit eige grunnboksblad. Se veiledning til utfylling av søknadsskjema: Veiledning til utfylling av søknadsskjema for seksjonering (pdf) Lenke til et annet nettsted.Veiledning til utfylling av søknadsskjema for reseksjonering (pdf) Lenke til et annet nettsted.

Vedlegg

  • sameiets vedtekter
  • situasjonsplan
  • planteikningar
  • viss søknaden gjeld utearealer, må du leggja ved rekvisisjon til oppmålingsforretning
  • egenerklæring.

Saksbehandling

Kommunen skal innhenta dei opplysningane som er nødvendige for å avgjera saka. Du vil få informasjon undervegs, og også rettleiing til å skaffa rette opplysningar, viss du treng det. Deretter fattast det eit vedtak.

Saksbehandlingstid

Kommunen skal handsama saka innan 12 veker. Nyttar kommunen meir enn 12 veker, reduserast seksjoneringsgebyret med 25 prosent av det totale gebyret for kvar påbyrja veke tidsfristen ikkje blir overhalden.

Klagemulighet

Dersom du er misnøgd med vedtaket, kan du klage til kommunen innan ein frist på tre veker frå du tok imot det. Forklar kva du er misnøgd med og kvifor du meiner at vedtaket bør endrast. Treng du rettleiing, kan du vende deg til kommunen. Dersom kommunen lèt vedtaket stå, blir saka sendt vidare til statsforvaltaren, som avgjer om klagen skal takast til følgje.

Tjenestebeskrivelsen er automatisk oppdatert 19.12.2024

Prisar

§ 4.1 Grunngebyr 

Kommunen fakturerer grunngebyr for alle saker, med mindre denne forskrifta angir noko anna. Grunngebyret skal dekkje dei generelle oppgåvene i sakshandsamingsprosessen som er uavhengig av kompleksitet og storleik på tiltaket, eksempelvis mottakskontroll, innregistrering, journalføring, fordeling av sak og arkivering. 

Grunngebyr per søknad kr 3 564,-

§ 4.2 Mangelfull søknad 

Dersom søknad ikkje følgjer krava i eierseksjonsloven § 11 og kommunen må sende mangelbrev, kjem det eit tilleggsgebyr frå og med det andre mangelbrevet, på kr 2 759,- per brev.

§ 4.3 Oppretting av eigarseksjonar 

Oppretting av eigarseksjonar, nybygg og eksisterande byggGebyr
For ein til fire seksjonar, per søknad.Kr 13 564.-
Frå fem seksjonar, tillegg per ny seksjo.nKr 1 725.-

§ 4.4 Reseksjonering 

ReseksjoneringUtrekningseiningGebyr
For ein til fire seksjonarPer søknad Kr 19 082,-
Frå fem seksjonar, tillegg per ny seksjonPer seksjon Kr 2 069,-

§ 4.5 Sletting/oppheving av seksjonert sameige 

Det er sakshandsamingsgebyr for å slette seksjonar på ein eigedom på kr 4 598,- per søknad.

§ 4.6 Tilleggsgebyr 

Gebyr kjem i tillegg til sakshandsamingsgebyret. 

TilleggsgebyrUtrekningseiningGebyr
Gebyr for synfaringPer synfaringKr 3 104,-
Gebyr produksjon av ny planteikningPer planteikningKr 2 759,-
Tilleggsgebyr ved seksjonering av anleggseigedomPer sakKr 4 598,-
Pålegg om reseksjonering etter § 22 eierseksjonsloven.Per sakKr 9 426,-

§ 4.7 Gebyr for avslutta sak før vedtak, ved avvising og ved avslag

Gebyr for avslutta sak før vedtak, ved avvising og ved avslagGebyr per sak
Sak som vert avvistKr 7 357,-
Sak som blir trekt før vurderingGrunngebyr
Sak som blir trekt etter at kommunen har satt i gong handsaming, men før endeleg vedtakGrunngebyr + 50 % av sakshandsamingsgebyr
Sak som kommunen avsluttar på grunn av manglande oppfølging frå søkerGrunngebyr + gebyr for mangelbrev
Sak som kommunen avslårFullt gebyr

§ 4.8 Gebyr for anna fakturerbart arbeid 

Gebyrpliktig arbeid etter eierseksjonsloven som ikkje fell inn under andre føresegner i dette kapitelet, vert fakturert etter medgått tid. Timeprisen dekkjer blant anna sakshandsaming, støttefunksjonar og administrasjon. I spesielle saker/atypiske saker kan kommunen på førehand avgjerda at saka vert fakturert etter medgått tid. 

Gebyr for medgått tid etter eierseksjonsloven er kr 1 379,- per time.

Sist oppdatert

Fann du det du leita etter?