Driftsbygning i landbruket
Skal du føre opp ein driftsbygning på gardseigedomen din, må du søkje kommunen om løyve.
Arealet kan vere inntil 1000 m2 bruksareal (BRA). Du må òg søkje om løyve dersom du skal gjere omfattande endringar eller reparasjonar eller du ønskjer å rive bygningen.
Skal du byggje over 1000 m² driftsbygning, er han ikkje ein alminneleg driftsbygning etter lova, og du må sende inn full søknad etter pbl. § 20-1.
Vilkår
Nabovarsling må vere gjort
Tiltaket må oppfylle alle krava til tiltaket i plan- og bygningslova, slik som avstand til nabo, visuell utforming og tekniske krav
Tiltaket må ikkje vere i strid med arealdelen i kommuneplanen eller reguleringsplanen
Pris
Du betalar eit gebyr for saksbehandlinga.
Rettleiing
Du sender ein skriftleg søknad til kommunen. Det må gå fram om du søkjer om dispensasjon frå nokre av vilkåra (sjå over).
Vedlegg
- Situasjonskart
- Fagmessig utførte plan-, snitt- og fasadeteikningar
- Utgreiing/kvittering for nabovarsling og eventuelle nabomerknader
Kommunen kan krevje meir dokumentasjon dersom det er nødvendig.
Sakshandsaming
Ein søknad om løyve som ikkje medfører dispensasjon frå vilkåra, skal avgjerast av kommunen innan tolv veker. Byggjesaksgebyret skal reduserast med 25 % for kvar påbegynte veke tidsfristen overskridast.
Dersom det i tillegg ikkje har kome merknader frå naboar/gjenbuarar og det ikkje er nødvendig med fråsegner frå annan myndigheit, skal kommunen avgjere saka innan tre veker. Dersom kommunen ikkje har avgjort søknaden innan fristen har gått ut, reknast løyve for gjeve, forutsett at det du søkjer om, ikkje er i strid med reglane. Har det derimot kome protestar frå naboar/gjenbuarar, og kommunen ikkje har gjort vedtak innan trevekersfristen, kan du ikkje rekne løyve for gjeve.
Dersom søknaden er fullstendig og tiltaket ikkje er i strid med reglar og planar (sjå feltet Kriterium/vilkår), skal kommunen gje løyve innan ein bestemd frist (sjå under). Søkjaren og dei som eventuelt har kome med merknader, får eit skriftleg vedtak. Du får alltid ei grunngjeving dersom ein meiner at du kan bli misnøgd med vedtaket.
Klage
Dersom du er misnøgd med vedtaket, kan du klage til kommunen innan ein frist på tre veker frå du mottok det. Forklar kva du er misnøgd med og kvifor du meiner at vedtaket bør endrast. Treng du rettleiing, kan du vende deg til kommunen. Dersom kommunen lar vedtaket stå, blir saka sendt vidare til Fylkesmannen, som avgjer om klagen skal takast til følgje.
Priser
Landbruk, havbruk og utsleppssaker
Landbrukssaker konsesjons- og delingssaker samt havbrukssaker
For handsaming av konsesjonssaker etter § 1a: kr 5 000 jf. gjeldande forskrift.
For handsaming av søknader om delingssamtykke etter §1 b: kr 2 000 (jf. gjeldande forskrift)
Havbrukssaker
Gebyr vert rekna per påbyrja time for sakshandsamar. For tida er taksten kr 1 346 per time, og eit minstegebyr på kr 5 000.
Relatert informasjon
Skjema
- Avtale om spreiing av husdyrgjødsel (word)
- Eigenerklæring om konsesjonsfridom ved overtaking av fast eigedom etter konsesjonslova
- Innmarksbeite som spreieareal gjødselvarer - Søknad om godkjenning (PDF)
- Konsesjon - søknad
- Kvittering for levert husdyrgjødsel
- Miljøtiltak i jordbruket - søknad om tilskot (SMIL)
- Tilskot til tiltak i beiteområde
- Jordlova - søknad om samtykke
Relaterte artikler
- Deling av landbrukseigedom
- Eanandoalloopmodat - juohkin
- Landbrukseiendom - deling
- Landbrukseigedom - deling
- Konsesjon og buplikt - landbrukseigedom
- Driveplikt på landbrukseiendom - søknad om fritak
- Driveplikt på landbrukseigedom - søknad om fritak
- Økologisk landbruk - direkte tilskott
- Tilskot til drenering - søknad
- Produksjonstilskot i jordbruket
- Regionalt miljøtilskott i jordbruket
- Bygdeutviklingsmidlar
- Spesielle miljøtiltak i jordbruket (SMIL)
- Erenoamáš birasdoaimmat eanandoalus (SMIL)
- Spesielle miljøtiltak i jordbruket (SMIL)
- Konsesjon og boplikt - landbrukseiendom
- Tilskot til tilak i beiteområde
- Landbruksveg - bygging
- Landbruksvei - bygging
- Bruk av gjødsel i jordbruket
- Bruk av gjødsel i jordbruket
- Nydyrking av areal til jordbruksformål
- Driftsbygning i landbruket
- Driftsbygning i landbruket
- Landbruksplan for Stord og Fitjar
- Nydyrking av areal til jordbruksformål
- Bu- og driveplikt
- Deling av eigedom (skilja ut tomt)
- Grensejustering
- Arealforvaltning
Sist oppdatert
