Landbruksplan for Stord og Fitjar
Landbruksplan for Stord og Fitjar kommunar vart vedteken av Fitjar kommunestyre 4. oktober 2017 og Stord kommunestyre 24.05.2018.
Landbruksplanen skal ivareta fleire hovudfunksjonar:
- Den skal gi tydelege signal om kva som er viktige areal og ressursar for landbruket
- Få fram kva landbruksnæringa har å seia for verdiskaping, sysselsetjing, busetjing, kulturlandskap og anna næringsliv
- Planen skal elles gi føringar for kommunen som landbruksmynde i høve til korleis økonomiske og juridiske verkemiddel skal forvaltast
- Planen skal vera eit forvaltingsverktøy, og klargjera kva for prinsipp som skal leggjast til grunn ved handsaming av einskildsaker
- Planen skal også gjera tydeleg landbruket sitt ansvar i høve til miljøverdiar, tilrettelegging for friluftsliv, biologisk mangfald, landskapsverdiar og kulturmiljø
- Planen skal vera eit viktig sektorinnspel til andre kommunale planar, i særleg grad til kommuneplanen.
Kommunestyret gjorde følgjande vedtak i saka:
Stord kommunestyre viser til utkast til «Landbruksplan for Stord og Fitjar 2017 – 2025» og vedtek planen med slikt tillegg:
- Kommunestyret vil understreka dei positive effektane av bynært landbruk for folkehelse og trivnad, og vil i anna plan- og utviklingsarbeid ta særskilt omsyn til samspelet mellom landbruk, byutvikling og naturopplevingar.
- Kommunestyret ynskjer ein nullvisjon for omdisponering av dyrka mark i Stord kommune, der målet er at dyrka mark ikkje skal omdisponerast til andre føremål.
Prisar
Landbruk, havbruk og utsleppssaker
Landbrukssaker konsesjons- og delingssaker samt havbrukssaker
For handsaming av konsesjonssaker etter § 1a: kr 5 000 jf. gjeldande forskrift.
For handsaming av søknader om delingssamtykke etter §1 b: kr 2 000 (jf. gjeldande forskrift)
Havbrukssaker
Gebyr vert rekna per påbyrja time for sakshandsamar. For tida er taksten kr 1 346 per time, og eit minstegebyr på kr 5 000.
Relatert informasjon
Skjema
- Avtale om spreiing av husdyrgjødsel (word)
- Eigenerklæring om konsesjonsfridom ved overtaking av fast eigedom etter konsesjonslova
- Innmarksbeite som spreieareal gjødselvarer - Søknad om godkjenning (PDF)
- Konsesjon - søknad
- Kvittering for levert husdyrgjødsel
- Miljøtiltak i jordbruket - søknad om tilskot (SMIL)
- Tilskot til tiltak i beiteområde
- Jordlova - søknad om samtykke
Relaterte artiklar
- Næringsareal
- Driftsbygning i landbruket
- Konsesjon og buplikt - landbrukseigedom
- Deling av landbrukseigedom
- Landbrukseiendom - deling
- Landbrukseigedom - deling
- Driveplikt på landbrukseiendom - søknad om fritak
- Driveplikt på landbrukseigedom - søknad om fritak
- Eanandoalloopmodat - juohkin
- Tilskot til drenering - søknad
- Produksjonstilskot i jordbruket
- Regionalt miljøtilskott i jordbruket
- Bygdeutviklingsmidlar
- Spesielle miljøtiltak i jordbruket (SMIL)
- Erenoamáš birasdoaimmat eanandoalus (SMIL)
- Spesielle miljøtiltak i jordbruket (SMIL)
- Økologisk landbruk - direkte tilskott
- Konsesjon og boplikt - landbrukseiendom
- Tilskot til tilak i beiteområde
- Bruk av gjødsel i jordbruket
- Bruk av gjødsel i jordbruket
- Landbruksveg - bygging
- Landbruksvei - bygging
- Nydyrking av areal til jordbruksformål
- Driftsbygning i landbruket
- Driftsbygning i landbruket
- Nydyrking av areal til jordbruksformål
- Avdeling for byggdrift
- Kjøp og sal av kommunal eigedom
- Bu- og driveplikt
- Deling av eigedom (skilja ut tomt)
- Grensejustering
- Arealforvaltning
Sist oppdatert
Kontakt
Eining for arealforvaltning
Landbruksfagleg leiar
Aase Rygg Heskestad Nøttveit
Telefon: 940 08 451
