Driveplikt på landbrukseigedom - søknad om fritak
Kort fortalt
Eig du ein eigedom med jordbruksareal, har du plikt til å sørgje for at jorda blir driven i heile eigartida, anten sjølv eller til ein som leiger arealet, men du kan søkje om fritak.
Beskrivelse
Er du eigar av ein eigedom med jordbruksareal, har du plikt til å sørgje for at jorda blir driven i heile eigartida. Driveplikta kan oppfyllast ved at du sjølv driv arealet eller leiger bort arealet som tilleggsjord til ein annan landbrukseigedom for minimum ti år om gongen. Dersom du skal leige bort drifta, må du sende leigekontrakten til kommunen. Er du ny eigar, må du innan eitt år ta stilling til om du ønskjer å drive arealet sjølv eller leige det bort. For å få fritak frå driveplikta, må du sende søknad til kommunen. Kommunen kan gi fritak for ei viss tid eller varig. Det kan også stillast vilkår for fritaket.
Målgruppe
Eigarar av jordbruksareal (som omfattar fulldyrka jord, overflatedyrka jord og innmarksbeite)
Kriterier
Kommunen vil leggje vekt på:
- Kor viktig det er å halde jordbruksarealet i hevd
- Arealets storleik og avkastningsevne
- Om det er bruk for jordbruksarealet som tilleggsjord i det området der eigedomen ligg
- Søkjarens livssituasjon
Tilknyttede brosjyrer, dokumenter, kart og lignende
Regelverk
Sjå jordlova §§ 8 og 8aLover
Praktiske opplysninger
Vedlegg
Kart over eigedommen
Saksbehandling
Kommunen skal innhenta dei opplysningane som er nødvendige for å avgjera saka. Du vil få informasjon undervegs, og også rettleiing til å skaffa rette opplysningar, viss du treng det. Deretter fattast det eit vedtak.
Saksbehandlingstid
Kommunen skal behandle saka så snart som mogleg. Viss saka ikkje kan avgjerast innan ein månad, skal du ha skriftleg beskjed om grunnen til dette. Du skal samstundes få opplyst når det er venta at vedtaket blir fatta.
Klagemulighet
Både du som søkjar og andre med rettsleg klageinteresse kan klage viss du eller de er misnøgde med vedtaket. Fristen er tre veker frå vedtaket er teke imot. Forklar kva du er misnøgd med og kvifor du meiner vedtaket bør endrast. Viss du treng rettleiing, kan du vende deg til kommunen. Lèt kommunen avgjerda stå, blir saka sendt vidare til Statsforvaltaren som avgjer om klaga skal takast til følgje.
2024 KF (Kommuneforlaget AS), Oslo, KF Tjenestekatalog.
Tjenestebeskrivelsene i KF Tjenestekatalog viser lovpålagte kommunale tjenester til innbyggere og næring. Beskrivelsene blir oppdatert fortløpende ved endringer i lover og sentrale forskrifter.
Tjenestebeskrivelsen er automatisk oppdatert 19.12.2024
Prisar
Landbruk, havbruk og utsleppssaker
Landbrukssaker konsesjons- og delingssaker samt havbrukssaker
For handsaming av konsesjonssaker etter § 1a: kr 5 000 jf. gjeldande forskrift.
For handsaming av søknader om delingssamtykke etter §1 b: kr 2 000 (jf. gjeldande forskrift)
Havbrukssaker
Gebyr vert rekna per påbyrja time for sakshandsamar. For tida er taksten kr 1 300 per time, og eit minstegebyr på kr 5 000.
Relatert informasjon
Skjema
- Avtale om spreiing av husdyrgjødsel (word)
- Eigenerklæring om konsesjonsfridom ved overtaking av fast eigedom etter konsesjonslova
- Innmarksbeite som spreieareal gjødselvarer - Søknad om godkjenning (PDF)
- Konsesjon - søknad
- Kvittering for levert husdyrgjødsel
- Miljøtiltak i jordbruket - søknad om tilskot (SMIL)
- Tilskot til tiltak i beiteområde
- Jordlova - søknad om samtykke
Relaterte artiklar
- Deling av landbrukseigedom
- Konsesjon og buplikt - landbrukseigedom
- Eanandoalloopmodat - juohkin
- Landbrukseiendom - deling
- Landbrukseigedom - deling
- Driftsbygning i landbruket
- Konsesjon og buplikt - landbrukseigedom
- Driveplikt på landbrukseiendom - søknad om fritak
- Konsesjon og boplikt - landbrukseiendom
- Økologisk landbruk - direkte tilskott
- Tilskot til drenering - søknad
- Produksjonstilskot i jordbruket
- Regionalt miljøtilskott i jordbruket
- Bygdeutviklingsmidlar
- Spesielle miljøtiltak i jordbruket (SMIL)
- Erenoamáš birasdoaimmat eanandoalus (SMIL)
- Spesielle miljøtiltak i jordbruket (SMIL)
- Tilskot til tilak i beiteområde
- Landbruksveg - bygging
- Landbruksvei - bygging
- Bruk av gjødsel i jordbruket
- Bruk av gjødsel i jordbruket
- Nydyrking av areal til jordbruksformål
- Driftsbygning i landbruket
- Driftsbygning i landbruket
- Landbruksplan for Stord og Fitjar
- Nydyrking av areal til jordbruksformål
- Bu- og driveplikt
- Deling av eigedom (skilja ut tomt)
- Grensejustering
- Arealforvaltning
Sist oppdatert
