Deling av landbrukseigedom
Dersom eigaren av ein landbrukseigedom ynskjer å overdra delar av eigedomen til nokon andre vil det vere naudsynt med løyve frå landbruksstyresmaktene.
Omtale
Ein eigedom som du nytter eller kan nytte til jordbruk eller skogbruk, kan berre delast etter samtykke frå kommunen. Kommunen skal blant anna ta omsyn til
om ein deling kan føre til drifts- eller miljømessige ulemper for landbruket i området
kva for godkjende planar som finst for arealbruk etter plan- og bygningslova
kulturlandskapet
Det er viktig å merkje seg at sjølv om eitt eller fleire vilkår for deling er oppfylt, gjev ikkje det nokon automatisk rett til samtykke. I utgangspunktet er det forbode å dele landbrukseigedommar. Føremålet med dette forbodet er å sikre at ressursgrunnlaget for driftseininga ikkje blir redusert.
Målgruppe
Dei som har grunnboksheimel til landbrukseigedom, eller som ein trur kan vere den faktiske eigaren til eigedommen.
Vilkår
Kommunen kan gje samtykke til deling
dersom samfunnsinteresser av stor vekt talar for det
dersom deling er forsvarleg ut frå omsynet til den avkastninga eigedommen kan gje
Kommunen kan setje vilkår som er nødvendige for å ivareta formålet i lova.
Rettleiing
Du sender søknad om å få dele landbrukseigedomen til kommunen. Beskriv eigedomen og plasseringa av det arealet du søkjer om å dele av.
Sakshandsaming
Kommunen har plikt til å behandle saka så snart som mogleg. Dersom saka ikkje kan avgjerast innan éin månad, skal du ha skriftleg svar om årsaka til det, med opplysningar om når ein kan vente at vedtaket vil bli gjort.
Klage
Du kan klage på vedtaket innan ein frist på tre veker frå du mottok vedtaket. Klaga sendar du til den instansen som har gjort vedtaket. I klaga skal du føre opp kva du ønskjer endra i vedtaket og grunngje det. Kommunen vil kunne gje deg rettleiing. Klageinstans er Fylkesmannen. Før klaga blir sendt dit, skal den instansen i kommunen som gjorde vedtaket, vurdere om det er grunn til å endre det. Dersom vedtaket blir ståande, vil saka bli sendt til Fylkesmannen.
Priser
Landbruk, havbruk og utsleppssaker
Landbrukssaker konsesjons- og delingssaker samt havbrukssaker
For handsaming av konsesjonssaker etter § 1a: kr 5 000 jf. gjeldande forskrift.
For handsaming av søknader om delingssamtykke etter §1 b: kr 2 000 (jf. gjeldande forskrift)
Havbrukssaker
Gebyr vert rekna per påbyrja time for sakshandsamar. For tida er taksten kr 1 346 per time, og eit minstegebyr på kr 5 000.
Relatert informasjon
Skjema
- Avtale om spreiing av husdyrgjødsel (word)
- Eigenerklæring om konsesjonsfridom ved overtaking av fast eigedom etter konsesjonslova
- Innmarksbeite som spreieareal gjødselvarer - Søknad om godkjenning (PDF)
- Konsesjon - søknad
- Kvittering for levert husdyrgjødsel
- Miljøtiltak i jordbruket - søknad om tilskot (SMIL)
- Tilskot til tiltak i beiteområde
- Jordlova - søknad om samtykke
Relaterte artikler
- Eanandoalloopmodat - juohkin
- Landbrukseiendom - deling
- Landbrukseigedom - deling
- Driftsbygning i landbruket
- Konsesjon og buplikt - landbrukseigedom
- Driveplikt på landbrukseiendom - søknad om fritak
- Driveplikt på landbrukseigedom - søknad om fritak
- Økologisk landbruk - direkte tilskott
- Tilskot til drenering - søknad
- Produksjonstilskot i jordbruket
- Regionalt miljøtilskott i jordbruket
- Bygdeutviklingsmidlar
- Spesielle miljøtiltak i jordbruket (SMIL)
- Erenoamáš birasdoaimmat eanandoalus (SMIL)
- Spesielle miljøtiltak i jordbruket (SMIL)
- Konsesjon og boplikt - landbrukseiendom
- Tilskot til tilak i beiteområde
- Landbruksveg - bygging
- Landbruksvei - bygging
- Bruk av gjødsel i jordbruket
- Bruk av gjødsel i jordbruket
- Nydyrking av areal til jordbruksformål
- Driftsbygning i landbruket
- Driftsbygning i landbruket
- Landbruksplan for Stord og Fitjar
- Nydyrking av areal til jordbruksformål
- Bu- og driveplikt
- Deling av eigedom (skilja ut tomt)
- Grensejustering
- Arealforvaltning
Sist oppdatert
