Landbrukseigedom - deling
Kort fortalt
Å dele ein eigedom betyr å endre grensene til eigedomen. Dersom eigedomen blir brukt eller kan brukt til jordbruk eller skogbruk, må du søkje kommunen om godkjenning.
Beskrivelse
Ein eigedom som kan brukast til jord- eller skogbruk og gi grunnlag for lønnsam drift, kan ikkje delast utan samtykkje. Dette gjeld både når eit areal blir fysisk delt frå ein eigedom, og ved forpakting, tomtefeste og anna leige eller bruksrett som gjeld for meir enn 10 år. Delingsvedtaket gjeld også for eigedom som består av fleire gards- og bruksnummer, forutsett at dei utgjer ei driftseining.
Målgruppe
Dei som har grunnboksheimel til landbrukseigedom eller kan dokumentere ein privatrettsleg rett til eigedommen
Kriterier
Kommunen kan gje samtykke til deling dersom delinga legg til rette for ein tenleg og variert bruksstruktur i landbruket.
Ein skal da vurdere
- om omsynet til vern av arealressursane blir sikra
- om det er ei driftsmessig god løysing
- om det kan føre til drifts- eller miljømessige ulemper for landbruket i området
Sjølv om desse landbruksomsyna ikkje talar for deling, kan ein likevel tillate deling dersom det er naudsynt av omsyn til busetjinga i området.
Pris for tjenesten
Kommunen kan krevje eit gebyr for behandling av søknaden.
Tilknyttede brosjyrer, dokumenter, kart og lignende
Regelverk
Sjå spesielt jordlova § 9 Bruk av dyrka og dyrkbar jord og § 12 Deling.Lover
Praktiske opplysninger
Veiledning - hvordan få utført eller motta tjenesten
Du må søkje om å få dele landbrukseigedommen. Søknaden sender du til kommunen der eigedommen ligg. Gjer greie for eigedommen og plasseringa til det arealet du søkjer om å dele av.
Saksbehandling
Du vil få beskjed om at kommunen behandlar saka di, og du vil få høve til å uttala deg. Kommunen skal innhenta alle nødvendige opplysningar for å avgjera saka, og du har rett til å sjå dokumenta i saka. Vedtaket vil innehalda grunngivinga til kommunen, korleis dei kom fram til avgjerda, og kven som har vore involvert i behandlinga. Vedtaket vil bli sendt til deg skriftleg.
Saksbehandlingstid
Kommunen skal behandle saka så raskt som råd. Dersom saka ikkje kan avgjerast innan éin månad, skal du ha skriftleg svar om grunnen til det med opplysning om når ein meiner at vedtaket blir gjort.
Klagemulighet
Du kan klage dersom du er misnøgd med vedtaket. Fristen er tre veker frå du fekk vedtaket. Forklar kva du er misnøgd med og kvifor du meiner vedtaket bør endrast. Dersom du treng rettleiing, kan du vende deg til kommunen. Lèt kommunen avgjerda stå, blir saka send vidare til statsforvaltaren, som avgjer om klagen skal bli teken til følgje.
2025 KF (Kommuneforlaget AS), Oslo, KF Tjenestekatalog.
Tjenestebeskrivelsene i KF Tjenestekatalog viser lovpålagte kommunale tjenester til innbyggere og næring. Beskrivelsene blir oppdatert fortløpende ved endringer i lover og sentrale forskrifter.
Tjenestebeskrivelsen er automatisk oppdatert 06.01.2025
Prisar
Landbruk, havbruk og utsleppssaker
Landbrukssaker konsesjons- og delingssaker samt havbrukssaker
For handsaming av konsesjonssaker etter § 1a: kr 5 000 jf. gjeldande forskrift.
For handsaming av søknader om delingssamtykke etter §1 b: kr 2 000 (jf. gjeldande forskrift)
Havbrukssaker
Gebyr vert rekna per påbyrja time for sakshandsamar. For tida er taksten kr 1 300 per time, og eit minstegebyr på kr 5 000.
Relatert informasjon
Skjema
- Avtale om spreiing av husdyrgjødsel (word)
- Eigenerklæring om konsesjonsfridom ved overtaking av fast eigedom etter konsesjonslova
- Innmarksbeite som spreieareal gjødselvarer - Søknad om godkjenning (PDF)
- Konsesjon - søknad
- Kvittering for levert husdyrgjødsel
- Miljøtiltak i jordbruket - søknad om tilskot (SMIL)
- Tilskot til tiltak i beiteområde
- Jordlova - søknad om samtykke
Relaterte artiklar
- Driftsbygning i landbruket
- Konsesjon og buplikt - landbrukseigedom
- Konsesjon og buplikt - landbrukseigedom
- Eanandoalloopmodat - juohkin
- Landbrukseiendom - deling
- Driveplikt på landbrukseiendom - søknad om fritak
- Driveplikt på landbrukseigedom - søknad om fritak
- Konsesjon og boplikt - landbrukseiendom
- Deling av landbrukseigedom
- Bygdeutviklingsmidlar
- Spesielle miljøtiltak i jordbruket (SMIL)
- Erenoamáš birasdoaimmat eanandoalus (SMIL)
- Spesielle miljøtiltak i jordbruket (SMIL)
- Tilskot til drenering - søknad
- Økologisk landbruk - direkte tilskott
- Produksjonstilskot i jordbruket
- Regionalt miljøtilskott i jordbruket
- Tilskot til tilak i beiteområde
- Landbruksveg - bygging
- Landbruksvei - bygging
- Nydyrking av areal til jordbruksformål
- Bruk av gjødsel i jordbruket
- Bruk av gjødsel i jordbruket
- Driftsbygning i landbruket
- Driftsbygning i landbruket
- Landbruksplan for Stord og Fitjar
- Nydyrking av areal til jordbruksformål
- Deling av eigedom (skilja ut tomt)
- Grensejustering
- Bu- og driveplikt
- Arealforvaltning
Sist oppdatert
