Spesielle miljøtiltak i jordbruket (SMIL)

Kort fortalt

SMIL-ordninga er eit tilskot som går til miljøtiltak med lokal forankring.

Beskrivelse

Du kan søkje kommunen om tilskott til spesielle miljøtiltak i jordbruket. Føremålet er å fremje natur- og kulturminneverdiane i kulturlandskapet i jordbruket og redusere forureininga ut over det ein kan vente gjennom vanleg jordbruksdrift. Tilskot kan gå til

  • prosjektplanlegging
  • tiltak som varetek natur- og kulturminneverdiane i kulturlandskapet
  • tiltak som hjelper til å hindre eller redusere forureining.

Målgruppe

Føretak eller eigarar som driv og/eller eig ein landbrukseigedom. Landbrukseigedommar som er eigde og blir drivne av stat, fylke eller kommune fell utanfor ordninga, med mindre tiltaket er eit fellestiltak der ein eller fleire landbrukseigedommar som har krav på tilskott, er med.

Kriterier

Landbrukseigedomen må ha ein produksjon som er godkjent for tilskot.

  • Vilkåra i forskrift om produksjonstilskot og avløysartilskot (§§ 2, 3 eller 4) må vere oppfylt.
  • Vilkåra i forskrift om gjødselsplanlegging må vere oppfylt.
  • Det skal førast journal over plantevernmiddel som blir brukt.
  • Det må leggjast fram eit kart over dei disponible areala for jordbruk, men også areal med kulturminne, område som er viktige for biologisk mangfald eller miljøvern.

Samarbeidspartnere

Kommunen disponerer ei årleg tilskottsramme frå statsforvaltaren.

Regelverk

Kommunen pliktar å sørgje for denne tenesta. Sjå jordlova §§ 3 og 18. Sjå også forskrift om tilskot til spesielle miljøtiltak i jordbruket.

Lover

Praktiske opplysninger

Veiledning - hvordan få utført eller motta tjenesten

Søknader skal sendast inn digitalt med innlogging via ID-porten/Altinn.
Her er ein liten film som viser korleis du fyller inn det elektroniske skjemaet: Instruksjonsfilm for søkjar Lenke til et annet nettsted.. Alle brev som gjeld søknaden vil bli send til innboksen din i Altinn.

Vedlegg

Obligatorisk vedlegg:

  • Kart som viser arealet/objektet si plassering, der tiltaket skal gjennomførast.
Andre vedlegg som kan vere relevante:
  • Bilete som fortel noko om tilstanden til arealet/bygningen/objekt før tiltaket vert starta
  • Arbeidsteikningar som framstiller materiale og metodar og bilete av objektet/arealet
  • Skriftleg godkjenning frå grunneigar dersom du sjølv ikkje er eigar av eigedomen der tiltaket skal gjennomførast
  • Skriftleg avtale om gjennomføring av fellestiltak med fleire andre aktørar
  • Gjødslingsplan der dette er pålagt
  • Plantevernjournal der dette er pålagt
  • Meldingar frå fagfolk som tilrår tiltaket
  • Skjøtselsplanar og tilstandsregistreringar
  • Stadfesting frå andre finansieringskjelder.

Saksbehandling

Kommunen avgjer søknaden om tilskott og prioriterer søknader som ligg innafor tiltaksstrategien til kommunen. Har du fått innvilga tilskott, blir det utbetalt etter skriftleg oppmoding frå deg og når tiltaket har fått godkjent sluttrekneskapen. Du kan få utbetalt forskott på bakgrunn av godkjend dokumentasjon etter kvart som delar av tiltaket er utført.

Saksbehandlingstid

Kommunen vil behandle saka så snart som råd. Dersom saka ikkje kan avgjerast innan én månad, skal du ha skriftleg svar om årsaka til det, med opplysningar om når ein meiner at vedtaket vil bli gjort.

Klagemulighet

Du kan klage på vedtaket innan ein frist på tre veker frå du tok imot vedtaket. Klagen sender du til den instansen som har gjort vedtaket. I klagen skal du føre opp kva du ønskjer endra i vedtaket og grunngje det. Kommunen vil kunne gje deg rettleiing. Klageinstans er Statsforvaltaren. Før klagen blir send dit, skal den instansen i kommunen som gjorde vedtaket, vurdere om det er grunn til å endre det. Dersom vedtaket blir ståande, vil saka bli send til statsforvaltaren.


2023 KF (Kommuneforlaget AS), Oslo, KF Tjenestekatalog.
Tjenestebeskrivelsene i KF Tjenestekatalog viser lovpålagte kommunale tjenester til innbyggere og næring. Beskrivelsene blir oppdatert fortløpende ved endringer i lover og sentrale forskrifter.
Tjenestebeskrivelsen er automatisk oppdatert 26.06.2023

Prisar

Landbrukssaker konsesjons- og delingssaker samt havbrukssaker

For handsaming av konsesjonssaker etter § 1a: kr 5 000 jf. gjeldande forskrift.

For handsaming av søknader om delingssamtykke etter §1 b: kr 2 000 (jf. gjeldande forskrift)

Havbrukssaker

Gebyr vert rekna per påbyrja time for sakshandsamar. For tida er taksten kr 1 300 per time, og eit minstegebyr på kr 5 000.

Relatert informasjon

Sist oppdatert

Fann du det du leita etter?