Planinformasjon

All planinformasjon er tilgjengeleg og gratis gjennom vår kartløysing Stordkart Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.

Prisar

§ 5.1 Tidspunkt for gebyrfastsetting og fakturering 

Gebyr blir fakturert ved fullført oppmålingsforretning, og blir rekna etter satsane som gjeld den dagen saka blir fremma for kommunen. Kommunen krev i tillegg dekka naudsynte tinglysingsgebyr og eventuell dokumentavgift. Innbetaling av gebyr kan krevjast før matrikkelføring og tinglysing vert gjennomført. 

§ 5.2 Vinterforskrift 

Den generelle handsamingsfristen på 16 veker for saker etter matrikkelforskriftens § 18 tredje ledd gjeld ikkje i perioden 1. desember – 30. mars. 

§ 5.3 Grunngebyr 

Kommunen fakturerer grunngebyr for alle saker, med mindre denne forskrifta angir noko anna. Grunngebyret skal dekkje dei generelle oppgåvene i sakshandsamingsprosessen som er uavhengig av kompleksitet og storleik på tiltaket, eksempelvis innregistrering av søknad, journalføring, fordeling av sak og arkivering. 

Grunngebyr per søknad er kr 1 366,-

§ 5.4 Avbroten forretning 

Ved avbroten forretning skal rekvirent betale 1/3 av gebyrsatsane. 

§ 5.5 Gebyr for oppmålingsforretningar 

Samla gebyr består av både sakshandsamingsgebyr for kontorarbeid og gebyr ved oppmåling i marka. Dersom saka ikkje krev oppmåling i marka, fakturerast berre sakshandsamingsgebyr.

Gebyr for kontorarbeid 

Gebyret dekker kommunens sakshandsaming i samband med oppmålingsforretning, grensejustering, påvising av grenser, klårlegging av grenser mv., samt registrering i matrikkelen. 

Gebyr for sakshandsamingUtrekningseiningGebyr
Oppretting av grunneigedom og festegrunnPer eigedomKr 27 446
Tillegg for oppretting av fleire matrikkeleiningarPer ny matrikkeleiningKr 6 662
Oppretting av uteareal på eigarseksjon, inntil to tilleggsdelerPer eigarseksjonKr 16 388
Tillegg for fleire tilleggsdeler utover toPer tilleggsdelKr 4 397
Oppretting av grunneigedom av heil teigPer eigedomKr 16 788
ArealoverføringPer arealoverføringKr 22 117
Matrikulering av eksisterande umatrikulert grunnPer timeKr 1 599
Registrering av anleggseigedomPer eigedomKr 22 117
PunktfestePer punktfesteKr 15 855
Oppretting av matrikkeleining utan fullført oppmålingsforretningPer matrikkeleiningKr 30 287
GrensejusteringPer grensejusteringKr 14 789
Arealoverføring til offentleg vegPer timeKr 1 599
Grensepåvisning/klarlegging av tidlegare koordinatorfesta grenserPer søknadKr 11 059
Klarlegging av grense for grunneigedom som ikkje er koordinatfesta i tidlegare forretningPer søknad Kr 15 854

Gebyr for feltarbeid 

I saker kommunen må ut i marka kjem det oppmøtegebyr og gebyr per grensepunkt, i tillegg til gebyr for kontorarbeidet. Samanfallande grensepunkt telles som eit. 

Gebyr ved oppmåling i markaUtrekningseiningGebyr
OppmøtegebyrPer oppmøteKr 6 908
Grensepunkt som vert målt og merka i markaPer grensepunktKr 1 599

§ 5.6 Endring av godkjent frådelingsvedtak 

Endring av godkjent frådelingsvedtak.

Ved ynskje om endring som rekvirent legg fram i forkant av oppmålingsforretninga eller på denne og som må godkjennast av planavdelinga kostar kr 7 042,- per endring. 

§ 5.7 Gebyr for anna fakturerbart arbeid 

AnnaUtrekningseiningGebyr
Arbeid med referanse til stadfestingsavtale om eksisterande grense eller stadbunden rett, jf. matrikkelforskrifta § 44Per timeKr 1 599
Utarbeiding av matrikkelbrev inntil 10 sider.Per brevKr 175,-
Utarbeiding av matrikkelbrev over 10 sider.Per brevKr 350,-

Gebyrpliktig arbeid etter matrikkellova som ikkje fell inn under andre føresegner i denne forskrifta, vert fakturert etter medgått tid. Timeprisen dekker sakshandsaming, støttefunksjonar og administrasjon. 

Anna fakturerbart arbeid Gebyr per time
Gebyr for medgått tid kontorarbeid.Kr 1 599
Gebyr for medgått tid feltarbeid.Kr 1 599

I spesielle saker/atypiske saker kan kommunen på forhånd bestemme at saken vert fakturert etter medgått tid.

§ 5.8 Gebyr for avslutta sak før vedtak, ved avvising og ved avslag

Gebyr for avslutta sak før vedtak, ved avvising og ved avslag

Vnr.

Sak

Utrekningseining

Gebyr

Vnr.Y

Sak som avsluttast/returnerast pga. vesentlege manglar

Per sak

kr 7 614

Vnr.Y

Sak som blir trekt før vurdering

Per sak

Grunngebyr

Vnr.Y

Sak som blir trekt av søkjar etter at kommunen har satt i gong handsaming, men før endeleg vedtak

Per sak

Grunngebyr + 50 % av saks- handsamings gebyr

Vnr.Y

Sak som kommunen avslår

Per sak

Fullt gebyr

Sist oppdatert

Fann du det du leita etter?