Arealoverføring
Skal du overføre areal mellom tilstøytande matrikkeleiningar (eigedommar), må du søkja om arealoverføring etter plan- og bygningslova, jf. plan og bygningslova §20-1 bokstav. Arealoverføring opnar for å overføre større areal mellom to eigedommar enn kva som er mogleg ved ei grensejustering.
Bruk begge skjemaene «Søknad om løyve til tiltak utan ansvarsrett» pdf, 230 kB, åpnes i nytt vindu. og «Krav om matrikulering med rekvisisjon av oppmålingsforretning» pdf, 101 kB, åpnes i nytt vindu.. Krav om matrikullering må underskrivast av alle eigarar av eigedomane. Korleis grensene vert endra må visast på ein situasjonsplan. Søknaden må nabovarslast.
Arealoverføring må vere i tråd med gjeldande reguleringsplan og/eller kommuneplanen, jf. plan og bygningslova §26-1. Evt. kan det søkjast om dispensasjon.
Les meir om handsaming og krav til søknad om arealoverføring under deling av eigedom (frådeling).
Om søknaden vert godkjent vert saka sendt vidare til en landmåler for vidare gjennomføring. Før ei godkjent arealoverføring kan gjennomførast må det ryddast opp i eventuelle pengeheftelsar og urådigheiter som råkar eigedomen som skal avstå areal. Landmålaren vil informera om dette. Når alle nødvendige ting er ordna vil landmålaren innkalle partane til en oppmålingsforretning i marka.
Ulik eigar på dei involverte eigendomane
Om det er ulik eigar på kvar side av grensa, må skjemaet «Erklæring om arealoverføring Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.» fyllast ut. Skjemaet fungerer som skøyte og sikrar at arealet vert overført frå den tidligare til den nye eigaren. På skjemaet må det førast på kjøpesum og antatt marknadsverdi av arealet. Tinglysingen reknar ut dokumentavgift på 2,5 % av marknadsverdien.
Same eigar
Om same person eig begge dei involverte eigedomane er det ikkje naudsynt å fylla ut «Erklæring om arealoverføring». Det vert difor ikkje krav om dokumentavgift på overføringa. Eigar må signera på arealoverføringa i protokollen. Saka vert sendt vidare til tinglysing.
Priser
Oppmåling
§ 5.1 Tidspunkt for gebyrfastsetting og fakturering
Gebyr blir fakturert ved fullført oppmålingsforretning, og blir rekna etter satsane som gjeld den dagen saka blir fremma for kommunen. Kommunen krev i tillegg dekka naudsynte tinglysingsgebyr og eventuell dokumentavgift. Innbetaling av gebyr kan krevjast før matrikkelføring og tinglysing vert gjennomført.
§ 5.2 Vinterforskrift
Den generelle handsamingsfristen på 16 veker for saker etter matrikkelforskriftens § 18 tredje ledd gjeld ikkje i perioden 1. desember – 30. mars.
§ 5.3 Grunngebyr
Kommunen fakturerer grunngebyr for alle saker, med mindre denne forskrifta angir noko anna. Grunngebyret skal dekkje dei generelle oppgåvene i sakshandsamingsprosessen som er uavhengig av kompleksitet og storleik på tiltaket, eksempelvis innregistrering av søknad, journalføring, fordeling av sak og arkivering.
Grunngebyr per søknad er kr 1 366,-
§ 5.4 Avbroten forretning
Ved avbroten forretning skal rekvirent betale 1/3 av gebyrsatsane.
§ 5.5 Gebyr for oppmålingsforretningar
Samla gebyr består av både sakshandsamingsgebyr for kontorarbeid og gebyr ved oppmåling i marka. Dersom saka ikkje krev oppmåling i marka, fakturerast berre sakshandsamingsgebyr.
Gebyr for kontorarbeid
Gebyret dekker kommunens sakshandsaming i samband med oppmålingsforretning, grensejustering, påvising av grenser, klårlegging av grenser mv., samt registrering i matrikkelen.
| Gebyr for sakshandsaming | Utrekningseining | Gebyr |
|---|---|---|
| Oppretting av grunneigedom og festegrunn | Per eigedom | Kr 27 446 |
| Tillegg for oppretting av fleire matrikkeleiningar | Per ny matrikkeleining | Kr 6 662 |
| Oppretting av uteareal på eigarseksjon, inntil to tilleggsdeler | Per eigarseksjon | Kr 16 388 |
| Tillegg for fleire tilleggsdeler utover to | Per tilleggsdel | Kr 4 397 |
| Oppretting av grunneigedom av heil teig | Per eigedom | Kr 16 788 |
| Arealoverføring | Per arealoverføring | Kr 22 117 |
| Matrikulering av eksisterande umatrikulert grunn | Per time | Kr 1 599 |
| Registrering av anleggseigedom | Per eigedom | Kr 22 117 |
| Punktfeste | Per punktfeste | Kr 15 855 |
| Oppretting av matrikkeleining utan fullført oppmålingsforretning | Per matrikkeleining | Kr 30 287 |
| Grensejustering | Per grensejustering | Kr 14 789 |
| Arealoverføring til offentleg veg | Per time | Kr 1 599 |
| Grensepåvisning/klarlegging av tidlegare koordinatorfesta grenser | Per søknad | Kr 11 059 |
| Klarlegging av grense for grunneigedom som ikkje er koordinatfesta i tidlegare forretning | Per søknad | Kr 15 854 |
Gebyr for feltarbeid
I saker kommunen må ut i marka kjem det oppmøtegebyr og gebyr per grensepunkt, i tillegg til gebyr for kontorarbeidet. Samanfallande grensepunkt telles som eit.
| Gebyr ved oppmåling i marka | Utrekningseining | Gebyr |
|---|---|---|
| Oppmøtegebyr | Per oppmøte | Kr 6 908 |
| Grensepunkt som vert målt og merka i marka | Per grensepunkt | Kr 1 599 |
§ 5.6 Endring av godkjent frådelingsvedtak
Endring av godkjent frådelingsvedtak.
Ved ynskje om endring som rekvirent legg fram i forkant av oppmålingsforretninga eller på denne og som må godkjennast av planavdelinga kostar kr 7 042,- per endring.
§ 5.7 Gebyr for anna fakturerbart arbeid
| Anna | Utrekningseining | Gebyr |
|---|---|---|
| Arbeid med referanse til stadfestingsavtale om eksisterande grense eller stadbunden rett, jf. matrikkelforskrifta § 44 | Per time | Kr 1 599 |
| Utarbeiding av matrikkelbrev inntil 10 sider. | Per brev | Kr 175,- |
| Utarbeiding av matrikkelbrev over 10 sider. | Per brev | Kr 350,- |
Gebyrpliktig arbeid etter matrikkellova som ikkje fell inn under andre føresegner i denne forskrifta, vert fakturert etter medgått tid. Timeprisen dekker sakshandsaming, støttefunksjonar og administrasjon.
| Anna fakturerbart arbeid | Gebyr per time |
|---|---|
| Gebyr for medgått tid kontorarbeid. | Kr 1 599 |
| Gebyr for medgått tid feltarbeid. | Kr 1 599 |
I spesielle saker/atypiske saker kan kommunen på forhånd bestemme at saken vert fakturert etter medgått tid.
§ 5.8 Gebyr for avslutta sak før vedtak, ved avvising og ved avslag
Vnr. | Sak | Utrekningseining | Gebyr |
|---|---|---|---|
Vnr.Y | Sak som avsluttast/returnerast pga. vesentlege manglar | Per sak | kr 7 614 |
Vnr.Y | Sak som blir trekt før vurdering | Per sak | Grunngebyr |
Vnr.Y | Sak som blir trekt av søkjar etter at kommunen har satt i gong handsaming, men før endeleg vedtak | Per sak | Grunngebyr + 50 % av saks- handsamings gebyr |
Vnr.Y | Sak som kommunen avslår | Per sak | Fullt gebyr |
Relatert informasjon
Skjema
- Byggesak / Deling - Tiltak utan ansvarsrett – søknad
- Byggesak - søknad om dispensasjon
- Byggesak - søknadspakke, basiskart, naboliste
- Eigarseksjonering - skjema
- Krav om samanslåing av tinglyste matrikkeleiningar
- Oppmåling / Deling - krav om matrikulering og rekvisisjon (PDF)
- Oppmålingsforretning - rekvisisjon - ikkje søknadspliktige tiltak (PDF)
- Planinformasjon
Relaterte artikler
- Grensejustering
- Samanslåing av eigedomar
- Samanslåing av matrikkeleiningar (eigedommar)
- Sammenslåing av matrikkelenheter (eiendommer)
- Matrikkel - retting
- Matrikkel - retting
- Arealoverføring
- Planinformasjon
- Arealforvaltning
- Kartportalar og digitale kart
- Finn planar i kart og planregister
- Deling av eigedom (skilja ut tomt)
- Klarlegging av grenser/grensepåvising
Sist oppdatert
