Finn planar i kart og planregister
I kartløysinga nedanfor kan du finna reguleringsplanar og kommuneplan. I tillegg kan du gå direkte i planregisteret og søkja på plannummer (planID) eller plannamn.
Stordkart Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu. er ei kartløysing for innbyggjarar i Stord kommune og inkluderer både planar og diverse temadata.
Planregister Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu. er eit register over planar i Stord kommune
Korleis finna planstatus for eigedomen din i kartløysingane
- Trykk på lenke til Planregister.
- Vel kommune.
- Søk så på gnr/bnr (døme: 44/428), eller på adresse i søkefeltet. Det vil komme opp liste under søkefelt med dei planar som gjeld for eigedomen.
- Trykk på plan i liste for å få tilgang til plandokument, og for å få opp kartvindauge som viser eigedomen din med aktuell plan.
- For å sjå neste plan i lista som gjeld for eigedomen, trykk på "til plansøk" og vel neste plan i lista. Gjenta frå pkt. 4.
- Om kartvindu: for å få nærare informasjon om kva føremål og t.d. omsynssoner som gjeld for eigedomen, trykk i kartvindauge.
Det visast då til høgre informasjon om planen og detaljar om reguleringsføremål som i bilete under.
NB!
Kommunen har framleis nokre reguleringsplanar som ikkje er digitalisert men som ligg som ei bildefil i kartløysinga. Det vil seie at ein ikkje vil få opp detaljert informasjon om kva føremål som gjeld for eigedomen din. Informasjon om reguleringsføremål må då lesast ut frå pdf filer av plankart og bestemmelser som ligg i planregisteret under plandokument.
Priser
Oppmåling
§ 5.1 Tidspunkt for gebyrfastsetting og fakturering
Gebyr blir fakturert ved fullført oppmålingsforretning, og blir rekna etter satsane som gjeld den dagen saka blir fremma for kommunen. Kommunen krev i tillegg dekka naudsynte tinglysingsgebyr og eventuell dokumentavgift. Innbetaling av gebyr kan krevjast før matrikkelføring og tinglysing vert gjennomført.
§ 5.2 Vinterforskrift
Den generelle handsamingsfristen på 16 veker for saker etter matrikkelforskriftens § 18 tredje ledd gjeld ikkje i perioden 1. desember – 30. mars.
§ 5.3 Grunngebyr
Kommunen fakturerer grunngebyr for alle saker, med mindre denne forskrifta angir noko anna. Grunngebyret skal dekkje dei generelle oppgåvene i sakshandsamingsprosessen som er uavhengig av kompleksitet og storleik på tiltaket, eksempelvis innregistrering av søknad, journalføring, fordeling av sak og arkivering.
Grunngebyr per søknad er kr 1 366,-
§ 5.4 Avbroten forretning
Ved avbroten forretning skal rekvirent betale 1/3 av gebyrsatsane.
§ 5.5 Gebyr for oppmålingsforretningar
Samla gebyr består av både sakshandsamingsgebyr for kontorarbeid og gebyr ved oppmåling i marka. Dersom saka ikkje krev oppmåling i marka, fakturerast berre sakshandsamingsgebyr.
Gebyr for kontorarbeid
Gebyret dekker kommunens sakshandsaming i samband med oppmålingsforretning, grensejustering, påvising av grenser, klårlegging av grenser mv., samt registrering i matrikkelen.
| Gebyr for sakshandsaming | Utrekningseining | Gebyr |
|---|---|---|
| Oppretting av grunneigedom og festegrunn | Per eigedom | Kr 27 446 |
| Tillegg for oppretting av fleire matrikkeleiningar | Per ny matrikkeleining | Kr 6 662 |
| Oppretting av uteareal på eigarseksjon, inntil to tilleggsdeler | Per eigarseksjon | Kr 16 388 |
| Tillegg for fleire tilleggsdeler utover to | Per tilleggsdel | Kr 4 397 |
| Oppretting av grunneigedom av heil teig | Per eigedom | Kr 16 788 |
| Arealoverføring | Per arealoverføring | Kr 22 117 |
| Matrikulering av eksisterande umatrikulert grunn | Per time | Kr 1 599 |
| Registrering av anleggseigedom | Per eigedom | Kr 22 117 |
| Punktfeste | Per punktfeste | Kr 15 855 |
| Oppretting av matrikkeleining utan fullført oppmålingsforretning | Per matrikkeleining | Kr 30 287 |
| Grensejustering | Per grensejustering | Kr 14 789 |
| Arealoverføring til offentleg veg | Per time | Kr 1 599 |
| Grensepåvisning/klarlegging av tidlegare koordinatorfesta grenser | Per søknad | Kr 11 059 |
| Klarlegging av grense for grunneigedom som ikkje er koordinatfesta i tidlegare forretning | Per søknad | Kr 15 854 |
Gebyr for feltarbeid
I saker kommunen må ut i marka kjem det oppmøtegebyr og gebyr per grensepunkt, i tillegg til gebyr for kontorarbeidet. Samanfallande grensepunkt telles som eit.
| Gebyr ved oppmåling i marka | Utrekningseining | Gebyr |
|---|---|---|
| Oppmøtegebyr | Per oppmøte | Kr 6 908 |
| Grensepunkt som vert målt og merka i marka | Per grensepunkt | Kr 1 599 |
§ 5.6 Endring av godkjent frådelingsvedtak
Endring av godkjent frådelingsvedtak.
Ved ynskje om endring som rekvirent legg fram i forkant av oppmålingsforretninga eller på denne og som må godkjennast av planavdelinga kostar kr 7 042,- per endring.
§ 5.7 Gebyr for anna fakturerbart arbeid
| Anna | Utrekningseining | Gebyr |
|---|---|---|
| Arbeid med referanse til stadfestingsavtale om eksisterande grense eller stadbunden rett, jf. matrikkelforskrifta § 44 | Per time | Kr 1 599 |
| Utarbeiding av matrikkelbrev inntil 10 sider. | Per brev | Kr 175,- |
| Utarbeiding av matrikkelbrev over 10 sider. | Per brev | Kr 350,- |
Gebyrpliktig arbeid etter matrikkellova som ikkje fell inn under andre føresegner i denne forskrifta, vert fakturert etter medgått tid. Timeprisen dekker sakshandsaming, støttefunksjonar og administrasjon.
| Anna fakturerbart arbeid | Gebyr per time |
|---|---|
| Gebyr for medgått tid kontorarbeid. | Kr 1 599 |
| Gebyr for medgått tid feltarbeid. | Kr 1 599 |
I spesielle saker/atypiske saker kan kommunen på forhånd bestemme at saken vert fakturert etter medgått tid.
§ 5.8 Gebyr for avslutta sak før vedtak, ved avvising og ved avslag
Vnr. | Sak | Utrekningseining | Gebyr |
|---|---|---|---|
Vnr.Y | Sak som avsluttast/returnerast pga. vesentlege manglar | Per sak | kr 7 614 |
Vnr.Y | Sak som blir trekt før vurdering | Per sak | Grunngebyr |
Vnr.Y | Sak som blir trekt av søkjar etter at kommunen har satt i gong handsaming, men før endeleg vedtak | Per sak | Grunngebyr + 50 % av saks- handsamings gebyr |
Vnr.Y | Sak som kommunen avslår | Per sak | Fullt gebyr |
Relatert informasjon
Skjema
- Byggesak / Deling - Tiltak utan ansvarsrett – søknad
- Byggesak - søknad om dispensasjon
- Byggesak - søknadspakke, basiskart, naboliste
- Eigarseksjonering - skjema
- Krav om samanslåing av tinglyste matrikkeleiningar
- Oppmåling / Deling - krav om matrikulering og rekvisisjon (PDF)
- Oppmålingsforretning - rekvisisjon - ikkje søknadspliktige tiltak (PDF)
- Planinformasjon
- Oppstartsmøte for reguleringsplan - tinging
Relaterte artikler
- Reguleringsplan - rett til å fremje forslag
- Reguleringsplan - rett til å fremme forslag
- Reguleringsplan
- Start opp planarbeid
- Arealoverføring
- Planinformasjon
- Arealforvaltning
- Arealoverføring
- Kartportalar og digitale kart
- Deling av eigedom (skilja ut tomt)
- Grensejustering
- Klarlegging av grenser/grensepåvising
- Samanslåing av eigedomar
Sist oppdatert
