Bompengar - privat veg
Kort fortalt
Det er ikkje lov å setje opp bom på ein privat veg utan samtykke frå kommunen. Kommunen vel òg storleiken på bomavgifta.
Beskrivelse
Kommunen kan gje samtykke til at eigarar av privat veg kan krevje inn bompengar for å bruke vegen. Kommunen fastset storleiken på avgifta og kan gje vilkår for bruken av bompengane. Kommunen fastset òg om det skal krevjast tilleggsavgift når bompengane ikkje blir betalte, og storleiken på tilleggsavgifta.
Kriterier
Kommunen vurderer om det er rimeleg å krevje bompengar og ser det opp mot
- omfanget av ferdselen
- slitasjen
- kostnadene ved vedlikehald
- storleiken på bompengebeløpet
Regelverk
Sjå spesielt veglova § 56.Lover
Praktiske opplysninger
Veiledning - hvordan få utført eller motta tjenesten
Søknad om samtykke til å krevje bompengar av utanforståande blir fremja av vegeigaren eller veglaget, det vil seie dei som eig vegen og held han i stand. Kommunen kan gje rettleiing.
Saksbehandling
Kommunen skal innhente dei opplysningane som er nødvendige for å avgjere saka. Deretter blir det gjort eit vedtak. Til vanleg får du ei grunngjeving samstundes med vedtaket. Du får alltid ei grunngjeving dersom ein trur at du blir misnøgd med vedtaket. Dersom grunngjevinga ikkje følgjer med, kan du få ho ved å vende deg til kommunen før klagefristen for vedtaket går ut.
Saksbehandlingstid
Kommunen skal behandle saka så snart som mogleg. Dersom saka ikkje kan avgjerast innan éin månad, skal du ha skriftleg melding om grunnen til det. Du skal samstundes få opplyst når ein ventar at vedtaket blir gjort.
Klagemulighet
Dersom du er misnøgd med vedtaket, kan du klage til kommunen innan ein frist på tre veker frå du tok imot det. Forklar kva du er misnøgd med og kvifor du meiner at vedtaket bør endrast. Dersom du treng rettleiing, kan du vende deg til kommunen. Dersom kommunen lar vedtaket stå, blir saka sendt vidare til kommunens eige klagenemnd, som avgjer om klagen skal takast til følgje.
2020 KF (Kommuneforlaget AS), Oslo, KF Tjenestekatalog.
Tjenestebeskrivelsene i KF Tjenestekatalog viser lovpålagte kommunale tjenester til innbyggere og næring. Beskrivelsene blir oppdatert fortløpende ved endringer i lover og sentrale forskrifter.
Tjenestebeskrivelsen er automatisk oppdatert 04.05.2020
Relatert informasjon
Sist oppdatert
