Farleg avfall
Kort fortalt
Farleg avfall skal ikkje blandast med anna avfall, men blir levert til nærmaste gjenvinningsstasjon.
Beskrivelse
Kommunen skal sørgje for at det finst mottak der du kan levere farleg avfall. Sørg for at emballasjen er tydeleg merka med opplysingar om innhaldet. Eksempel på farleg avfall frå hushald er:
- Reingjeringsmiddel
- Måling
- Lim
- Lakk
- Sprayboks
- Lysstoffrøyr
- Løysemiddel
- Bilpleiemidel
- Bilolje
- Båtpleiemidel
- Skismørjing med fluor/fluorkarbon
- Skirens
- Bekjempningsmiddel
- Naglelakk
- Naglelakkfjernar
Målgruppe
Hushald og verksemder med mindre mengder farleg avfall.
Kriterier
Kommunen si plikt avgrensar seg til å ta imot inntil 1000 kg totalt per år per avfallseigar.
Pris for tjenesten
For hushald er det gratis å levere farleg avfall. Renovasjonsavgifta dekkjer dette. Verksemder må betale gebyr når avfallet blir levert.
Tilknyttede brosjyrer, dokumenter, kart og lignende
Regelverk
Dette er ei lovpålagd teneste, sjå avfallsforskrifta kap. 11. Vedlegg 1 til kapittel 11 definerer kva for avfallstypar som er farleg avfall.Forskrifter
Praktiske opplysninger
Veiledning - hvordan få utført eller motta tjenesten
Ha ein fast plass til avfallet fram til du skal levere det. Behald originalemballasjen, dersom det er mogeleg. Finn nærmaste mottak innanfor kommunen.
2021 KF (Kommuneforlaget AS), Oslo, KF Tjenestekatalog.
Tjenestebeskrivelsene i KF Tjenestekatalog viser lovpålagte kommunale tjenester til innbyggere og næring. Beskrivelsene blir oppdatert fortløpende ved endringer i lover og sentrale forskrifter.
Tjenestebeskrivelsen er automatisk oppdatert 04.03.2021
Sist oppdatert
