Returordningar for avfall

Kort fortalt

Det finst ulike returordningar for ulike typar av avfall som skal gjenvinnast.

Beskrivelse

Det finst ulike returordningar for ulike typar av avfall som skal brukast om att. Kommunen har plikt til å ta imot visse typar avfall. Det gjeld òg produsent eller forhandlar.

  • Kasserte elektroniske og elektriske produkt (EE-avfall, inkluderer kuldemøbel)
    Kommunen skal sørgje for at det finst eit dekkjande tilbod for mottak av EE-avfall. Du kan òg levere EE-avfall til ein forhandlar. For hushalda er dette gratis. Leverer du næringsavfall til ein forhandlar, vil det ikkje koste noko dersom du samstundes kjøper ei tilsvarande mengd EE-produkt.
  • Miljøskadelege batteri
    Du kan levere batteria gratis i retur til forhandlaren når dei blir kasserte. Plikta er avgrensa til den kategorien batteri som forhandlaren sel.
  • Kasserte dekk
    Forhandlaren har plikt til å ta kasserte dekk gratis i retur.
  • Flasker og boksar (emballasje til drikkevarer)
    Utsalsstader har plikt til å ta imot ei rimeleg mengd returar av tomemballasje som går inn i ei panteordning og som dei sjølve forhandlar. Du kan krevje å få pantesummen utbetalt kontant
  • PCB-haldige isolerglasruter
    Isolerglasruter produserte fram til 1980 kan innehalde PCB og skal leverast inn som farleg avfall. Hushald kan levere PCB-ruter gratis til kommunalt avfallsmottak. Kommunen har plikt til å ta imot inntil 500 kg PCB-ruter per år per avfallseigar.
  • Mindre fritidsbåtar Båtar utan innanbordsmotor som ikkje er større enn 15 fot kan leverast vederlagsfritt til kommunen.

Målgruppe

Hushald og verksemder

Regelverk

Kommunen er pliktig til å ta imot visse typar avfall. Sjå blant anna
Forureiningslova kapittel 5
Avfallsforskrifta kapittel 1, 2, 3, 5 og 14.

Lover


2025 KF (Kommuneforlaget AS), Oslo, KF Tjenestekatalog.
Tjenestebeskrivelsene i KF Tjenestekatalog viser lovpålagte kommunale tjenester til innbyggere og næring. Beskrivelsene blir oppdatert fortløpende ved endringer i lover og sentrale forskrifter.
Tjenestebeskrivelsen er automatisk oppdatert 06.01.2025

Prisar

Sunnhordland Interkommunale Miljøverk (SIM) er skipa for å ivareta innhentinga og avfallsdeponeringa i distriktet. Alle husstandar skal sortera avfallet i bioavfall, papiravfall og restavfall. Føremålet med kjeldesortering er å ta vare på ressursane i avfallet, og unngå miljøulemper på fyllplassen. Alle bustader skal sortera avfallet i 5 grupper:

  • Bio-avfall (brunt lok)
  • Papiravfall (blått lok)
  • Restavfall (svart lok)
  • Glas og metallavfall oransje lok)
  • Plastemballasje (eigen sekk)

Standardløysing for bustad:

  • Abonnementsgebyr kr 1 338
  • Dunk for bioavfall kr 537,50
  • Glas- og metalavfall  kr 262,50
  • Dunk for papir kr 262,50
  • Dunk for restavfall kr 900 

Totalt for husstand som vel standardløysing er kr 3 300 inkl. mva. 

Kontrakt om heimekompostering gjev reduksjon i avgifta på kr 537,50 (inkl. mva). Felles bruk av dunkar kan gje ytterlegare reduksjon.

Det kan søkjast om fritak for dunkavgift ved bruksendring av eigedomen. Eventuelt fritak vert gjort gjeldande frå første terminskifte. 

Fritak for grunngebyr kan berre innvilgast ved at eigedom ikkje vert nytta permanent / varig.

Sekkerenovasjon/fritaksdunk etter søknad: Kr. 1 938 (inkl. mva. abonnementsgebyr kjem i tillegg.)

Fritak kjeldesortering: Det kan søkjast om fritak for kjeldesortering ved spesielle tilhøve, t.d. sjukdom/funksjonshemming. Det kan då gjevast løyve til å levera usortert avfall, med innlevering kvar 14. dag.

Betalingssatsar for andre renovasjonsløysingar finn du på SIM sine nettsider Lenke til et annet nettsted.

Ekstrasekk for restavfall kan kjøpast i rådhuset for kr. 100 per stk (inkl. tømingsavgift og mva)

Type bustad / tankTankstorleikÅrsgebyr 
(inkl. mva)
Heilårsbustad (tømming annakvart år)0 - 4,0 m31 062,50
4,1 - 9,5 m31 250
9,6 - 16,5 m33 075
Fellestank uavhengig av volum, gebyr per husstand 812,50
Slam, årleg tømming0 - 4,0 m32 075
4,1 - 9,5 m33 687,50
Felles tank, årleg tømming, pr husstand 1 112,50
Hytte/fritidshus (tømming kvart 4. år) 525
Felles tank fritid uavh. av volum pr. eining 375

Minireinseanlegg skal ha tøming kvart år.

Ekstra tømming/tilleggsarbeid vert fakturert direkte frå SIM.

Det er ikkje utarbeidd særskilt gebyrgrunnlag for avfallsavgift og slamtøming, då dette vert utført som leigd teneste av Sunnhordland Interkommunale Miljøverk (SIM).

Betalingssatsar for slamtømming av fellestank og tankar med større volum finn du her (Sim) Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu. 

Sist oppdatert

Fann du det du leita etter?