Renovasjon

Kort fortalt

Det er kommunen som tømmer hushaldsavfall frå der du bur, og som har ansvaret for å leggja til rette for kjeldesortering. Som eigar av ein eigedom betaler du kommunen eit renovasjonsgebyr.

Beskrivelse

Avfallet ditt blir henta regelmessig og så godt det lèt seg gjera, utan sjenerande støy, lukt eller støv. Avfallsbehaldarane blir sette tilbake der dei var og grinder, portar og dører skal lukkast. Kommunen skal sørgja for kjeldesortering og innsamling av avfall frå

  • Mat
  • Plast
  • Papp og papir
  • Glass og metall
  • Hager og hekkar
  • Tekstiler.
Kommunen er pliktig til å henta matavfall, plastavfall og papiravfall heime hos deg. Kommunen kan krevja at glas og metall, hageavfall og tekstilavfall blir levert ved returpunkt eller gjenvinningsstasjonar.

Målgruppe

Private hushald.

Pris for tjenesten

Renovasjonsgebyret er fastsett i kommunal forskrift.

Tilknyttede brosjyrer, dokumenter, kart og lignende

Regelverk

Dette er ei lovpålagd teneste. Kommunen fastset ei renovasjonsforskrift som omtaler ordninga og rettar og plikter for kommunen, abonnenten og renovatøren.
Sjå
Forurensingsloven § 30 Kommunal innsamling av husholdningsavfall
Avfallsforskrifta kapittel 10a.

Lover

Praktiske opplysninger

Veiledning - hvordan få utført eller motta tjenesten

Kommunen skal leggja til rette for kjeldesortering, medan alle hushald er pliktige til å sortera rett. Nokre døme på kva som høyrer inn under dei ulike avfallstypane er:

Matavfall

Kaffegrut, tørkepapir, skrottar, rekekall, feitt og matolje.

Plastavfall

Plastemballasje som du har skylt heilt tomt for restar, som sjampoflaske, innpakning for fisk eller kjøtt, druebeger, isboks, bobleplast

Papiravfall

Bok med mjuk perm, avis, vekeblad, brødposar i papir.

Glasavfall

Glassemballasje som du har skylt heilt tomt for restar, som syltetøyglas, glasflaske, hudkremkrukke i glas, medisinglas.

Metallavfall

Metallemballasje som du har skylt heilt tomt for restar, som hermetikkboksar, påleggstube i metall, syltetøylokk, drikkeboks utan pant, aliminiumsform.

Hageavfall

Gress, ugras, hageplantar, greiner, røter.

Tekstilavfall

Tekstiler skal sorterast anten som brukbare eller som øydelagde. Døme er bukser, sengetøy, handkle, skjerf, vottar, hattar, gardiner.

Klagemulighet

Ta kontakt med kommunen dersom avfallet ditt ikkje blir tømt.


2025 KF (Kommuneforlaget AS), Oslo, KF Tjenestekatalog.
Tjenestebeskrivelsene i KF Tjenestekatalog viser lovpålagte kommunale tjenester til innbyggere og næring. Beskrivelsene blir oppdatert fortløpende ved endringer i lover og sentrale forskrifter.
Tjenestebeskrivelsen er automatisk oppdatert 09.01.2025

Prisar

Sunnhordland Interkommunale Miljøverk (SIM) er skipa for å ivareta innhentinga og avfallsdeponeringa i distriktet. Alle husstandar skal sortera avfallet i bioavfall, papiravfall og restavfall. Føremålet med kjeldesortering er å ta vare på ressursane i avfallet, og unngå miljøulemper på fyllplassen. Alle bustader skal sortera avfallet i fem grupper:

• Bio-avfall (brunt lok)
• Papiravfall (blått lok)
• Restavfall (svart lok)
• Glas og metallavfall oransje lok)
• Plastemballasje (eigen sekk)

Standardløysing for bustad:

  • Abonnementsgebyr kr 1 283
  • Dunk for bioavfall kr 569
  • Glas- og metalavfall  kr 230
  • Dunk for papir kr 278
  • Dunk for restavfall kr 1 283 

Totalt for husstand som vel standardløysing er kr 3 641 inkl. mva. 

Kontrakt om heimekompostering gjev reduksjon i avgifta på kr 569 (inkl. mva). Felles bruk av dunkar kan gje ytterlegare reduksjon.

Det kan søkjast om fritak for dunkavgift ved bruksendring av eigedomen. Eventuelt fritak vert gjort gjeldande frå første terminskifte. 

Fritak for grunngebyr kan berre innvilgast ved at eigedom ikkje vert nytta permanent / varig.

Sekkerenovasjon/fritaksdunk etter søknad: Kr. 1 586 (inkl. mva. abonnementsgebyr kjem i tillegg.)

Fritak kjeldesortering: Det kan søkjast om fritak for kjeldesortering ved spesielle tilhøve, t.d. sjukdom/funksjonshemming. Det kan då gjevast løyve til å levera usortert avfall, med innlevering kvar 14. dag.

Betalingssatsar for andre renovasjonsløysingar finn du på SIM sine nettsider Lenke til et annet nettsted.

Ekstrasekk for restavfall kan kjøpast i rådhuset for kr. 60 per stk (inkl. tømingsavgift og mva)

Type bustad / tankTankstorleikÅrsgebyr 
(inkl. mva)
Heilårsbustad (tømming annakvart år)0 - 4,0 m31 100
4,1 - 9,5 m31 318
9,6 - 16,5 m33 070
Fellestank uavhengig av volum, gebyr per husstand 769
Slam, årleg tømming0 - 4,0 m32 261
4,1 - 9,5 m34 396
Felles tank, årleg tømming, pr husstand 1 539
Hytte/fritidshus (tømming kvart 4. år) 566
Felles tank fritid uavh. av volum pr. eining 385

Minireinseanlegg skal ha tøming kvart år.

Ekstra tømming/tilleggsarbeid vert fakturert direkte frå SIM.

Det er ikkje utarbeidd særskilt gebyrgrunnlag for avfallsavgift og slamtøming, då dette vert utført som leigd teneste av Sunnhordland Interkommunale Miljøverk (SIM).

Betalingssatsar for slamtømming av fellestank og tankar med større volum finn du her (Sim) Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu. 

Sist oppdatert

Fann du det du leita etter?