Fritak frå enkelte aktivitetar på grunn av livssyn

Kort fortalt

Elevar har rett til fritak frå aktivitetar i opplæringa som dei opplever som utøving av ein annan religion eller livssyn. Foreldre eller elevar over 15 år må sende skulen ei melding der dei ber om fritak, men treng ikkje å oppgi nokon grunn.

Beskrivelse

Enkelte aktivitetar i skulen kan opplevast som utøving av ein annan religion eller ein kultur, eller at delar av undervisninga verkar støytande eller krenkjande. I så fall kan foreldra eller elevar over 15 år, be om fritak. Å be om fritak betyr at du ikkje treng å søkje om noko, det held å seie frå at du vil fritakast. Kompetansemåla i faget står ved lag sjølv om du får fritak frå enkelte aktivitetar. Det betyr at du må gjennomføre andre aktivitetar som skal sikre like mykje undervisning som dei andre elevane får. Generelt sett skal det ikkje vere nødvendig å be om fritak frå den vanlege KRLE-opplæringa, då ho ikkje inneheld noka form for utøving av religion eller forkynning av religion.

Målgruppe

Elevar i grunnskulen.

Kriterier

Retten til å få fritak tek utganspunkt i opplevinga foreldra eller eleven har, men det skal vere ei rimeleg felles forståing av at aktiviteten kan stri mot eit anna livssyn. Eit døme er å ete svinekjøtt.

Regelverk

Dette er ei lovpålagd teneste. Sjå spesielt
Opplæringslova § 14-6 og § 24-5.

Lover

Praktiske opplysninger

Veiledning - hvordan få utført eller motta tjenesten

Fram til du er 15 er det foreldra dine som sender ein skriftleg meldig til skulen om fritak. I meldinga skriv de kva fag eller aktivitetar eleven skal fritakast for. De treng ikkje oppgi ein grunn. Elevar som har fylt 15 år kan sende melding sjølv.


2024 KF (Kommuneforlaget AS), Oslo, KF Tjenestekatalog.
Tjenestebeskrivelsene i KF Tjenestekatalog viser lovpålagte kommunale tjenester til innbyggere og næring. Beskrivelsene blir oppdatert fortløpende ved endringer i lover og sentrale forskrifter.
Tjenestebeskrivelsen er automatisk oppdatert 19.12.2024

Sist oppdatert

Fann du det du leita etter?