Informasjon frå skulen til foreldre

Kort fortalt

Som forelder kan du forvente å få informasjon frå skulen rundt opplæringa generelt, skulereglane og aktuelle og konkrete saker. Informasjonen vil bli gitt både ved enkelthøve og løpande gjennom heile året.

Beskrivelse

Du kan forvente at skulen vil informere om

  • rettane til elevane og pliktar
  • rettane til elevane rundt skulemiljøet, både det fysiske og det psykososiale miljøet
  • skulereglane og kva som skjer ved brot på reglane
  • reglar om fritak frå fag
  • daglege rutinar
  • opplæringa
  • generelt
  • moglegheiter for å få opplæring i og på samisk, kvensk og morsmålsopplæring.
Skulen kan også varsle om enkeltsaker som går føre seg, til dømes om skulemiljøet ikkje er trygt og godt. Elevrådet og arbeidsmiljøutvalet skal få all informasjon dei treng for å kunne ta ei aktiv rolle i skuledemokratiet. Informasjonen blir gitt til deg på fleire måtar. Det kan vere i foreldremøte, direkte kontakt frå lærer eller på ulike digitale flater.

Målgruppe

Foreldre til elevar i grunnskulen.

Kriterier

Skulen skal ikkje basere seg på at informasjon skal formidlast frå elevane til foreldra. Er det foreldre som ikkje snakkar norsk, skal skulen sørgje for tolk eller omsetjing. Skulen skal sørgje for at barn som har delt bustad, skal få informasjon til begge heimar.

Regelverk

Dette er ei lovpålagd teneste. Sjå spesielt
Opplæringslova § 10-8.

Lover


2024 KF (Kommuneforlaget AS), Oslo, KF Tjenestekatalog.
Tjenestebeskrivelsene i KF Tjenestekatalog viser lovpålagte kommunale tjenester til innbyggere og næring. Beskrivelsene blir oppdatert fortløpende ved endringer i lover og sentrale forskrifter.
Tjenestebeskrivelsen er automatisk oppdatert 29.05.2024

Sist oppdatert

Fann du det du leita etter?