Offentlege pålegg og restriksjonar i plante- og husdyrproduksjon - erstatning
Kort fortalt
Landbruksstyresmaktene kan gi forskjellige pålagde oppgåver som skal hindre sjukdom og skade hos planter og dyr. Du kan søkje om erstatning for økonomiske tap i samband med gjennomføring av offentlege pålegg i plante- og husdyrproduksjon.
Beskrivelse
Erstatningsordninga skal sikre at landbruksføretak ikkje lir tap fordi dei får pålegg frå det offentlege som eit ledd i å oppnå trygg mat og miljøvennleg produksjon. Du kan få erstatning for
- produksjonstap av plantar og husdyr
- saneringstiltak
- tap i ein pålagt opphaldsperiode
- produksjonstap ved flytterestriksjonar på bier
- nedfôringskostnader osb. på grunn av radioaktivitet
Målgruppe
Verksemder innan landbruket som
- er registrerte i Einingsregisteret
- er registrerte som meirverdigavgiftspliktige
- kan levere årsoppgåve som landbruksføretak
- er husdyreigar
Kriterier
- Verksemda skal ikkje ha valda tapet forsettleg eller grovt aktløyst
- Verksemda har oppfylt varslingsplikta
- Verksemda har gjennomført pålagte tiltak
- Tapet ikkje kan dekkjast gjennom ei allmenn forsikringsordning eller på annan måte
Regelverk
Lover
Praktiske opplysninger
Veiledning - hvordan få utført eller motta tjenesten
Du søkjer om erstatning ved å fylle ut eit skjema frå Landbruksdirektoratet.
Vedlegg
- Kopi av offentleg pålegg eller restriksjon
- Stadfesting på at heile eller delar av pålegget eller restriksjonen er gjennomført
- Dokumentasjon over tap
- Annan nødvendig dokumentasjon
Saksbehandling
Statsforvaltaren skal innhente dei opplysningane som er nødvendige for å avgjere saka. Deretter blir det gjort eit vedtak. Til vanleg får du ei grunngjeving samstundes med vedtaket. Du får alltid ei grunngjeving dersom ein trur at du blir misnøgd med vedtaket. Dersom grunngjevinga ikkje følgjer med, kan du få ho ved å vende deg til statsforvaltaren før klagefristen for vedtaket går ut.
Saksbehandlingstid
Statsforvaltaren skal behandle saka så snart som mogleg. Dersom saka ikkje kan avgjerast innan éin månad, skal du ha skriftleg melding om grunnen til det. Du skal samstundes få opplyst når ein ventar at vedtaket blir gjort.
Klagemulighet
Dersom du er misnøgd med vedtaket, kan du klage til statsforvaltaren innan ein frist på tre veker frå du tok imot det. Forklar kva du er misnøgd med og kvifor du meiner at vedtaket bør endrast. Dersom du treng rettleiing, kan du vende deg til statsforvaltaren. Dersom statsforvaltaren lèt vedtaket stå, blir saka sendt vidare til Statens landbruksforvaltning, som avgjer om klagen skal bli teken til følgje.
2021 KF (Kommuneforlaget AS), Oslo, KF Tjenestekatalog.
Tjenestebeskrivelsene i KF Tjenestekatalog viser lovpålagte kommunale tjenester til innbyggere og næring. Beskrivelsene blir oppdatert fortløpende ved endringer i lover og sentrale forskrifter.
Tjenestebeskrivelsen er automatisk oppdatert 22.03.2021
Sist oppdatert
