Privat grunnskuleopplæring i heimen
Kort fortalt
Foreldre kan velje å gi barnet si opplæring heime. Dette blir kalla privat grunnskuleopplæring i heimen. Opplæringa må følgje den same læreplanen som han i den offentlege skulen.
Beskrivelse
Som foreldre kan du velje å gi barnet ditt grunnskoleopplærig heime. Slik går du fram
- Meld frå til skulen at du ønskjer å ta barnet ut av skulen og gi privat opplæring i heimen.
- Legg ein plan for at opplæringa følgjer dei nasjonale læreplanane
- Hjemmeopplæring er pålagde å følgje det same formålet med opplæringa som ligg i opplæringslova § 1-3. legg ein plan for korleis du kan dokumentere at du følgjer desse prinsippa.
- Vis at du følgjer krava til timar og fag (opplæringslova § 1-6)
- Opplæringslova pålegg å gi elevane kunnskap om religionar og livssyn, men forbyr forkynning av ein enkelt religion (altså forkynning som del av opplæringa). Legg ein plan for korleis livssynsopplæringa skal gå føre seg.
Målgruppe
Foreldre til elevar i grunnskulen.
Kriterier
- Opplæringa må givast heime.
- Det er foreldra som skal gi opplæring.
- Det må vere mogleg for kommunen å føre tilsyn.
Pris for tjenesten
Gratisprinsippet i skulen gjeld ikkje for privat opplæring i heimen. Det betyr at du ikkje kan krevje at kommunen skal betale for læremiddel eller til dømes museumsbesøk.
Tilknyttede brosjyrer, dokumenter, kart og lignende
Regelverk
Dette er ei lovpålagd teneste. Sjå spesieltOpplæringslova §§ 1-3, 1-4, 1-6, 14-5, 14-7 og 22-5.
Lover
- Rundskriv om privat grunnskoleopplæring i heimen Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.
- Retten til privat hjemmeundervisning Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.
2025 KF (Kommuneforlaget AS), Oslo, KF Tjenestekatalog.
Tjenestebeskrivelsene i KF Tjenestekatalog viser lovpålagte kommunale tjenester til innbyggere og næring. Beskrivelsene blir oppdatert fortløpende ved endringer i lover og sentrale forskrifter.
Tjenestebeskrivelsen er automatisk oppdatert 27.05.2025
Sist oppdatert
