Skogplanting - tilskott

Kort fortalt

Er du skogeigar, kan du få tilskot til nyplanting, klargjering av mark eller suppleringsplanting.

Beskrivelse

Det er landbruksdirektoratet som utbetaler tilskotet, men kommunen som behandlar søknaden og fattar vedtak. For nyplanting og klargjering av mark kan du få dekka inntil 60% av dine kostnader. For suppleringsplanting kan du få dekka inntil 30 % av dine kostnader. Søknad om tilskot blir sendt inn når arbeidet er fullført og oversikt over kostnadene er klart.

Målgruppe

Skogeigarar

Kriterier

Alle skogeigarar som har meir enn 10 daa produktiv skog, og som har oppfylt kravet om minimum utplantingstal, kan søkje om tilskott.

Regelverk

Sjå § 4 i forskrift om miljøtiltak i skogbruket og § 5 i forskrift om berekraftig skogbruk

Lover

Praktiske opplysninger

Veiledning - hvordan få utført eller motta tjenesten

Gå til Skogfondssystemet via Altinn, for å søkje. Her blir du bedd om å logge inn. Du finn informasjon om korleis du loggar inn, på nettsidene til Altinn Lenke til et annet nettsted.. Dersom du ikkje har høve til å søkje digitalt kan du bruke skjema Utbetaling frå skogfond og søknad om tilskot til skogkultur (LDIR-909), for å sende søknad på e-post eller som brev. Du søkjer om tilskot til tettare planting samtidig og på same måte, anten digitalt eller på skjema, som du søkjer om refusjon av skogfond eller vanleg tilskot til nyplanting og suppleringsplanting. Forutan kravet om kartfesting ved tettare planting, så skal søknaden innehalde dei same opplysingane. Skogfondsystemet reknar sjølv ut om tiltaket kvalifiserer for tilskot til tettare planting.

Vedlegg

Nødvendig dokumentasjon skal følgje med søknaden om tilskot. Det er krav om kartfesting. Kopi av faktura for kjøp av planter og utført arbeid er vedlegg som skal følgje med søknaden.

Saksbehandling

Når kommunen har motteke søknaden, sjekkar dei opplysingane du har sendt inn. Dersom dei har behov for meir informasjon, kan dei be om dette. Kommunen behandlar søknaden og fattar vedtak.

Saksbehandlingstid

Kommunen/statsforvaltaren skal behandle saka så snart som råd. Dersom saka ikkje kan bli avgjort innan éin månad, skal du ha skriftleg melding om grunnen til dette. Du skal samstundes få opplyst når ein meiner at vedtaket blir gjort.

Klagemulighet

Du kan klage på vedtaket innan ein frist på tre veker frå du tok imot det. Klagen sender du til den instansen som har gjort vedtaket. Før opp kva du ønskjer endra i vedtaket og grunngje det. Klageinstans er statsforvaltaren for vedtak gjort av kommunen og Landbruksdirektoratet for vedtak gjort av statsforvaltaren. Før klagen blir sendt dit, skal den instansen som gjort vedtaket, vurdere om det er grunn til å endre det.


2022 KF (Kommuneforlaget AS), Oslo, KF Tjenestekatalog.
Tjenestebeskrivelsene i KF Tjenestekatalog viser lovpålagte kommunale tjenester til innbyggere og næring. Beskrivelsene blir oppdatert fortløpende ved endringer i lover og sentrale forskrifter.
Tjenestebeskrivelsen er automatisk oppdatert 01.03.2022

Relatert informasjon

Sist oppdatert

Fann du det du leita etter?