Medlemmar
Politiske medlemmer vart valde i utval for oppvekst og kultur 05.03.24, utval for rehabilitering, helse og omsorg 06.03.24 og utval for byutvikling 07.03.24:
Frå utval | Medlem | Varamedlem |
---|---|---|
Utval for oppvekst og kultur | Anne Kristin Aaseth (H) | Inger Christin Hystad Barane (Ap) |
Utval for rehabilitering, helse og omsorg | Ingeborg Hageberg (Krf) | Remi Sjo (Frp) |
Utval for byutvikling | Guro Betten (V) | Leif Steinar Alfsvåg (Krf) |
Medlem | Varamedlem |
---|---|
Veronica Ivanov | Simone Ziegler Strauss Shakib Badr |
Awa Rahimpour | |
Myroslav Shaladonov |
Val av kontaktutval
Kontaktutvalet består av 6 medlemmer og varamedlemmer. Dei tre politiske medlemmene, ein frå kvart politisk utval, vert oppnemnd av utvala sjølv. Leiar vert vald mellom dei politisk oppnemnde, nestleiar vald blant alle medlemmene.
Tre av medlemmene vert vald blant innvandrarar og flyktningar tilhøyrande kommunen. Medlemmene skal utgjera eit representativt mangfald t.d. kjønn og alder.
Kommunedirektøren har ansvar for nominasjonsprosessen.
Møteinnkallingar og møteplan
Kontaktutvalet skal kvar haust vedta møteplan for komande år, med inntil 4 møter årleg.
Utvalsmøter - Møtekalender alle utval (elementscloud.no) fram til og med 2023
Oppgåver
Kontaktutvalet skal ha som oppgåver å:
- Sikre formidling av kunnskap om og status for innvandrarar og flyktningar i lokalsamfunnet.
- Utvalet kan gje høyringsuttalar i politiske saker som gjeld flyktningar og innvandrarar.
Kontaktutvalet kan også:
- Ta initiativ til tverrkulturelle arrangement/tiltak i Stord.
- Ha fokus på integrering generelt, likestilling og kvinner og barns kår.
Sekretariat for kontaktutvalet
Kontaktutvalet sin leiar har ansvar for saklista og at den vert sendt ut i forkant av møta. Utvalet sin leiar peikar ut kven som skal føra møtereferat.