Høgskulen på Vestlandet
Høgskulen på Vestlandet har fem campusar – i Sogndal, Førde, Bergen, Stord og Haugesund.
På Stord-avdelinga er det høve til å ta lærarutdanning, barnehagelærarutdanning, sjukepleiarutdanning, masterutdanning og etter- og vidareutdanning, sjå alle her Bachelor-, master- og forskarutdanningar - Høgskulen på Vestlandet (hvl.no)
Meir informasjon www.hvl.no og www.sammen.no/no/stord
Ledige stillinger | Jobb for student og nyutdanna - HVL Jobbsøkeportal (studentpavestlandet.no)
Helsetenester
Studentar har rett til dei same helsetenestene som andre innbyggjarar.
Helsestasjon
På helsestasjon for ungdom kan du få råd og rettleiing om mellom anna rus, seksualitet, kjønnssjukdommar, psykiske problem og kosthald. Du kan også bli vist vidare til spesialist. Helsestasjonen er ei delteneste til den vanlege helsestasjonsverksemda.
Målgruppa er ungdom opp til 20 år og studentar ved Høgskulen på Vestlandet. Opningstid er onsdagar frå kl 18.00 til 20.00. Helsestasjon for ungdom følgjer skuleruta, og held stengt i sommarferie, haustferie, juleferie, vinterferie og påskeferie.
Fastlege
Alle studentar bør ha fastlege på den staden dei bur mesteparten av tida. Difor oppfordrar Stord kommune til at du finn deg ein fastlege her. Du kan fritt velja mellom fastlegar som har ledig kapasitet på listene sine. Fastlege finn du på Helsenorge.no.
Kultur og underhaldning
Kulturhuset
Midt i Leirvik sentrum ligg Stord kulturhus med bibliotek, kino, teater, konsertar, utstillingar, med meir.
Kunst
Det finst fleire kunstgalleri på Stord. I Leirvik sentrum er det to salsgalleri, i tillegg har fleire kunstnarar private galleri heime.
Uteliv
På utestadane kan du få med deg quizkonkurransar, konsertar, dans og liknande. Det finst ein eigen sundagsjam som går føre seg ein gong i månaden utanom sommarsesongen. Enkelte restaurantar og hotell kan og tilby dans og musikk.
Museum
Sunnhordland Museum arrangerer aktivitetar som til dømes omvising, forteljarstund, strikkekafé og framsyningar for barn og vaksne. www.sunnhordland.museum.no
Meir informasjon
Meir informasjon om Kva som skjer på Stord finn du på: aktivitets- og arrangementsoversikten vår
Sport og fritid
Lag og organisasjonar
I Stord er det over 400 lag og organisasjonar som tilbyr mange ulike fritidsaktivitetar.
Til aktivitets- og arrangementsoversikt
Idrettsanlegg
Det største idrettsanlegget ligg på Vikahaugane med banar for fotball, friidrett, tennis, handball og sandvolleyball. Her er også kunstisbane.
I Sagvåg finst fotball- og friidrettsbane, klatrehall, parkouranlegg og sandvolleyballbane.
I Prestagardsskogen er det pistolskytebane, sandvolleyballbane, fleirbrukshall og utandørs anlegg for fotball.
Symjehall
I Stord kulturhus er det symjehall med 25 m basseng, barnebasseng, badstove og vassklie. Ved Stord rehabiliteringssenter er det varmtvannsbasseng. Meir om desse anlegga her:
Symjehallen i kulturhuset
Varmtvassbasseng i Rehabililteringssenteret
Andre anlegg
I området ved Fjellstova er det lysløpe for skiidrett. Stord har også motocrossbane, fleire skytebanar, bowlingarena, lysløyper og eit nett av skogsvegar og turstiar.
Kollektivtransport
Her kan du finna informasjon om ulike transportselskap, ruter og rutetider.
Lokale bussruter
Lokale ferjeruter
Ferjer langs E-39
Snøggbåtar
Kystbussen Bergen-Stavanger
Flybillettar Stord-Oslo
Taxi - Leirvik Taxi AS, tlf 53 49 50 00 / Stord Taxisentral, tlf. 07000