Det er ulike vilkår knytt til skjenkeløyve for for eitt enkelthøve (ope arrangement) og ambulerande skjenkeløyve (lukka lag).
Vilkår for skjenkløyve for eitt enkelthøve/del av året:
a) Søkar må vera over 20 år.
b) Det skal utpeikast ein styrar og reservestyrar for skjenkeløyvet og desse må vera over 20 år.
c) Det kan bli stilt vilkår om bestått kunnskapsprøve og innhenta vandeluttale for styrar og reservestyrar.
d) Lokalet/uteområdet må godkjennast for føremålet som går fram av søknaden.
e) Det skal leggjast fram godkjenning frå grunneigar/huseigar/utleigar.
f) Det kan bli sett vilkår om innmelding av omsett mengd alkohol til kommunen innan 3 veker etter arrangementet er gjennomført. Ved omsetnad som overstig minimumsgebyret, kjem det eit tilleggsgebyr etter fastsett årleg sats.
g) Vilkår og retningsliner som vert pålagt av andre mynde eller som går fram av Arrangementshandboka skal følgjast og vera innfridd innan vedtak om løyve.
h) For mindre arrangement kan kommunen gjera unntak frå internkontrollplikta når det vert vurdert urimeleg på bakgrunn av administrative/økonomiske omsyn og staden sin storleik.
i) Om styrar og reservestyrar har kunnskapsprøven, gjev skjenkeløyvet rett til innkjøp engros.
j) Når arrangement med alkoholservering skal finna stad, må lokalet/fellesområde vera stengt for barn og ungdom 1 time før og etter arrangementet.
k) Det kan bli sett vilkår om vakthald for å hindra at barn/ungdom får tilgang til skjenkeareal. Dette vil gå fram i vedtak om løyve.
For opne arrangement med skjenkeløyve for alkoholgruppe 1 og 2 må det vera 18 års aldersgrense.
For opne arrangement med skjenkeløyve for alkoholgruppe 3 må det vera 20 års aldersgrense.
Vilkår for ambulerande skjenkeløyve til lukka lag for eitt enkelthøve:
Med lukka lag vert det meint: At det alt innan skjenkinga byrjar, er samla ein krets av personer for eit bestemt føremål i eit bestemt lokale, til dømes bryllaup, konfirmasjon, jubileum m.m.
Deltakarane må ha ei eller anna tilknyting til den eller dei som inviterer til selskapet. Det er ikkje nok at ein før skjenkinga byrjar skriv seg på ei liste eller kjøper billettar. Det har inga betyding om talet på gjester er avgrensa, eller at arrangementet i innbydinga eller i ei annonse er omskrive som «lukka selskap/lag».
Med mindre èin eller fleire av følgjande føresetnader er til stade vil det ikkje vera naudsynt å søke om skjenkeløyve om ein skal ein arrangera eit lukka lag:
a) Ein leiger lokale som inkluderer èin eller fleire tenester frå utleigar t.d. vasking og servering.
b) Ein tek betaling for alkohol.
c) Lokalet der arrangementet skal haldast, har serveringsløyve.
For meir informasjon, sjå alkoholpolitiske retningsliner for Stord kommune for 2020-2024.