Alle med sals- og skjenkeløyve må betale eit årleg løyvegebyr til kommunen og pliktar derfor å sende inn ei omsetningsoppgåve ved årsskiftet med opplysningar om:

  • faktisk omsett mengde alkohol i året som har gått
  • forventa mengde omsett alkohol i året som kjem

Løyvegebyret er basert på forventa mengde omsett alkohol, dvs. jo meir alkohol du budsjetterer med å selge, jo høgare blir gebyret.

Kommunen kan gjere etterrekneskap og etteroppgjer. Dette betyr at du kan bli etterfakturert dersom du har høgare omsetning enn innmeldt i fjor, eller få tilbakebetalt delar av gebyret dersom du har lågare omsetning enn innmeldt.

Ved opphøyr eller sal av verksemda må du sende omsetningsoppgåve så snart du har dei endelege omsetningstala.

Skjema


Alkoholforskriften kapittel 6.