Kystforvaltning og sjøtransport

Det er Fiskeri- og kystdepartementet som har ansvaret for farleiene på sjøen, fyr, merker og lostjenesten.
 
Hamnesektoren, som Stord Hamnestell høyrer til innunder, består av både store og små hamner. Dei store hamnene fungerar som sentrale nav i regionale og nasjonale transportnettverk, og det er difor ei sentral oppgåve å leggja til rettes for at desse fungerar som effektive terminalar i transportkorridorane og logistikkjeden.

Og, meir transport på sjø er miljøvennleg og tar tungtrafikken av vegen.

Stord Kommune er i hamnesamanheng rekna for å vera eit av knutepunkta i Sunnhordland.
Stord Hamnestell har to losse og lastehamner, Leirvik Hamn og Stord Hamn Eldøyane, samt fleire andre kaiar og tilhøyrande kai-areal. Eldøyane vart i 2011 og 2013 oppgradert for å kunna ta imot større båtar og laster. Vidare har REN AS etablert seg med beredskapslager for sjøkabel på ISPS-området til Stord Hamn, Eldøyane.  Både Leirvik Hamn og Stord Hamn, Eldøyane er certifiserte ISPS-hamner, dvs. klassifisert i henhold til "International Code of the Security of Ships and of Port Facilities".

Sjøfart

Godsterminalen på Eldøyane

Godsterminalen for Stord og Sunnhordland ligg på Eldøyane. Her er to kaiar som er 50 og 80 meter lange, kai-pir og puller og ei minimumsdjupne på 9 meter.

Anlegget har 2500 m2 innelager og 10 000 m2 utelager. Vidare er det tollager og spedisjon, samt tilbod om hamnetenester i samband med lasting, lossing og mellomlagring.

Stord Hamn Eldøyane vart i 2011 og 2013 oppgradert for å kunne ta imot større lastebåtar. Både Leirvik Hamn og Stord Hamn, Eldøyane er certifiserte ISPS-hamner, dvs. klassifisert i henhold til "International Code of the Security of Ships and of Port Facilities".

Skipstrafikk

Følg med på skipstrafikken i Stord Kommune sitt hamneområde: MarineTraffic: Global Ship Tracking Intelligence | AIS Marine Traffic