Her finn du timelista for støttekontaktar. Dette er den nye elektroniske timelista som vart innført i mars 2020, og me vil at alle som kan, nyttar denne lista og ikkje den gamle. Her finn du informasjon om og rettleiing i bruk av den nye timelista. Du må logga deg på med id-porten (bank-ID/bank-ID på mobil) for å opna lista.

Timelistene skal leverast kvar månad og innanfor rett kalenderår. Lista skal leverast så snart som råd etter den 20 i månaden. Lønsperioden går frå og med 21 den eine månaden til og med den 20 i påfølgande månad.

Om det er nokon som ikkje har tilgang til data eller smarttelefon, og av den grunn ikkje kan nytta den nye timelista, må desse ringa oss på 53 49 68 87/53 45 64 69 og be om å få tilsendt den gamle timelista i papirformat. Eller dei kan koma innom oss i kulturhuset og henta den.