Viktige mål for tenesta

Viktige mål for tenesta er å:

  • gje kvar enkelt brukar støtte og motivasjon
  • leggje til rette slik at kvar brukar opplever eit fellesskap
  • leggje til rette for kultur- og fritidstilbod ut frå kvar enkelt brukar sine føresetnader 

Me oppmodar alle som ynskjer å bli støttekontakt om å lesa grundig gjennom denne informasjonen.

Kva er støttekontakt?

Støttekontakt er eit tiltak som vert nytta mot fleire brukargrupper som har særlege hjelpebehov når det gjeld deltaking innanfor kultur og fritid.

Føresetnaden for å få vedtak om støttekontakt, er at vedkomande har behov for naudsynte helse- og omsorgstenester, med bakgrunn i somatisk eller psykisk sjukdom, skade eller liding, rusmiddelproblem, sosiale problem eller nedsett funksjonsevne. (Jmf. Lov om kommunale helse- og omsorgstenester § 3-1 jf. § 3-2 nr. 6 bokstav c). 

Tiltaket har ingen aldersgrense. Tenestemottakarane våre har i dag eit aldersspenn frå 6 til 96 år.

Målsetjinga for støttekontakttenesta er å hjelpe den enkelte til å få ei aktiv og meiningsfylt fritid. Gjennom samvær og aktivitet kan ein støttekontakt bidra til å auka tenestemottakaren si evne til å utfalda seg, meistra ulike livssituasjonar, auka trua på seg sjølv og bli kjent med nye menneske og miljø. 

Kven kan vera støttekontakt?

Ein støttekontakt skal ha fylt 18 år, men kan senda søknad inntil 6 månader før fylte 18 år. Han/ho må vera stabil og påliteleg, ha ein avklart livssituasjon og bør kunne binda seg for minst eitt år.

Støttekontakten må ha gode samarbeidsevner, respekt for andre menneske, ha overskot til å gje av seg sjølv, vera trygg på seg sjølv og ha evne til å etablera kontakt. Støttekontakten må kunne setja grenser for seg sjølv, brukaren og ev. andre.

Me ynskjer at det å vera støttekontakt skal vera gjevande og hyggjeleg også for støttekontakten, samstundes som det er viktig at tilbodet til tenestemottakaren blir både tenleg og forsvarleg. Difor er mellom anna alder, kjønn, personlegdom og interesser avgjerande når ein skal kopla rett støttekontakt og tenestemottakar. 

Me ynskjer også at støttekontaktane har ei oppdatert e-postadresse og at e-post blir lest med jamne mellomrom då e-post er ein viktig kommunikasjonskanal for oss. 

Dersom det ikkje omgåande er eit eigna oppdrag kan godkjende støttekontaktar stå på venteliste. Dette betyr slett ikkje at ein egnar seg dårleg som støttekontakt, men at det for tida ikkje er eit ledig, passande oppdrag. 

Det kan også i mange tilfelle vera naudsynt med sertifikat og tilgang til bil for å kunne utføra tenestene.

Hensikt og innhald i eit støttekontakt-oppdrag

Mange av tenestemottakarane våre veit godt kva dei ynskjer å gjera i fritida si og kva dei vil bruka støttekontakten sin til. Andre kan godt trenga nokre tips av og til. Det som er viktig å hugsa på, er at støttekontaktordninga er til for mottakarane av den og at det er ynskjer, draumar og behov som gjeld fritida deira som skal vera i fokus.

Som støttekontakt er det viktig at du ser etter mogelegheiter framfor avgrensingar, men også at dei aktivitetane og dei måla du og tenestemottakaren set dykk skal vera realistiske og oppnåelege. Det er viktig å ha fokus på meistring og på brukarmedverknad. I oppdrag kor ein arbeider med barn, unge eller utviklingshemma er godt samarbeid med foreldre og andre føresette ein føresetnad.

Evna til å kunne motivera til ulike aktivitetar og det å delta på sosiale arenaer kan også vera viktig. Føringar for hensikt og målsetjing med eit oppdrag vert som regel lagd i oppstartsfasen i samarbeid med tenestemottakar/føresette/pårørande og ansvarleg for tilbodet i Tilrettelagt fritid. Eit viktig mål er å bli kjent med nye menneske og miljø.

Dersom du ynskjer å vita meir om ulike aktivitetar i Tilrettelagt fritid eller treng tips til kva de kan gjera saman i oppdraget finn du lenker til dette her på nettsidene våre.

Under Tilrettelagt fritid finn du mellom anna både nyhende, informasjon om ordninga og ei eiga side med tips og informasjon retta mot deg som er støttekontakt/oppdragstakar. Me har også ei eiga lukka Facebookgruppe for støttekontaktane våre. 

Avslutning av oppdraget og oppseiing

Av og til kan eit oppdrag bli avslutta i avtaleperioden dersom tenestemottakaren sine behov har endra seg. Oppdraget kan også bli avslutta dersom tenestemottakaren ikkje får fornya vedtaket sitt eller vedkomande flyttar frå kommunen eller døyr. I tillegg kan det bli avslutta dersom ein av partane ynskjer å avslutta det.

Det er viktig at avslutninga vert gjennomført på ein ryddig og tenleg måte og at tenestemottakar vert førebudd i god tid.

Det er ei gjensidig oppseiingstid for oppdrag som støttekontakt på 14 dagar.

Det skal sendast skriftleg oppseiing til Tilrettelagt fritid. Tenestemottakar skal informerast så snart som råd. 

Dersom du pga. eksamen, reiser, feriar, sjukdom etc. blir forhindra frå å gjennomføra avtalt kontakt, må dette meldast til tenestemottakar snarast mogeleg. Avtalen kan ev. flyttast dersom dette er mogeleg. Ved lengre fråvær må dette meldast til Tilrettelagt fritid.  

Oppfølging og rettleiing

Som støttekontakt hos Tilrettelagt fritid har du alltid høve til å kontakta oss om saker som gjeld rettleiing og oppfølging av deg og ordninga du arbeider innafor.

Det vil også kunna bli gitt rettleiing av andre personar som står i nær relasjon til tenestemottakar der dette er naudsynt. Ansvarleg kontaktperson i Tilrettelagt fritid legg då til rette for at slik rettleiing kan finna stad. Rettleiing er viktig både for eigen trivsel og for kjensla av å meistra oppdraget, men også i høve til kvalitet og det forsvarlege i tilbodet til tenestemottakar.

Tilrettelagt fritid følgjer opp med jamne mellomrom, men det er viktig at du også tar kontakt dersom du har behov for rettleiing utover dette.

To gonger i året skal du levera rapport på eige skjema. Tidspunkt for innlevering er 20. mai og 20. november. Dette skjemaet er elektronisk og du får det tilsendt i e-post i god tid før det skal sendast inn. Om du ikkje har tilgang til data, kan du få skjemaet i papirformat ved å venda deg til oss. Me ynskjer likevel at flest mogeleg nyttar det elektroniske skjemaet.  

Kartleggjing, illustrasjon

 

Her finn du kurset Mangfald og moglegheiter. Og her finn du forstyrringar innan autismespekteret hos personar med utviklingshemming.

Vi oppmodar alle støttekontaktane våre til å sjå gjennom rettleiinga, og gjerne koma med tilbakemeldingar på denne type nettbasert opplæringsressurs. 

Teiingslovnad

Som støttekontakt har du teiingsplikt og må difor skriva under på ein teiingslovnad før oppdraget startar. Hensikta med teiingslovnaden er å hindra at andre får tilgang til personlege opplysningar om tenestemottakar. Brukarar av helsetenester har rett til vern. Teiingslovnaden omfattar alle typar informasjon om tenestemottakar og pårørande, tilhøve som du er blitt kjent med både direkte og indirekte. Dette kan t.d. vera sjukdomstilhøve, familietilhøve, økonomi og andre personlege opplysningar.

Krav til teiingslovnaden er heimla i både helsepersonellova og forvaltningslova og ein kan bli straffa med fengsel og bøter for å bryta den. Brot på teiingslovnad er også sakleg grunn til oppseiing. Teiingslovnaden gjeld også etter at du har avslutta oppdraget ditt for oss. 

Det er ikkje brot på teiingslovnaden å gje rapport til kontaktperson i Tilrettelagt fritid. I enkelte tilfelle kan du ha opplysningsplikt til hjelpeapparatet. Ved tvil skal du forhøyra deg med ansvarleg kontaktperson i Tilrettelagt fritid. 

Her finn du eit lite hefte om teieplikt.

Teieplikt, illustrasjon

Politiattest

Støttekontaktar utfører teneste etter helse- og omsorgstenestelova, og skal levera politiattest som nemnt i helse- og omsorgstenestelova §  5-4.

Du vil, etter intervju hos oss, få tilsendt ei stadfesting frå oss som du skal leggja ved elektronisk søknad til politiet. Du må logga deg på med bankID når du skal søkja. 

Politiattesten må vera levert til oss før du kan starta i eit eventuelt oppdrag. 

Stord kommune si haldning til rusmidlar

Som støttekontakt skal du stå fram som ein god rollemodell. Bruk av alkohol eller andre rusmidlar i oppdraget vert ikkje akseptert. 

Oppdragsavtale

Ved igangsetjing av eit oppdrag vil det bli skrive oppdragsavtale. Ein støttekontakt reknast ikkje som fast tilsett i Stord kommune, men som oppdragstakar for kommunen.

Oppdragsavtalen vil mellom anna innehalda namn på støttekontakt og tenestemottakar, omfang (timetal) for oppdraget, kor lenge det skal gjelda, godtgjering for det samt annan utgiftsdekning. I nokre tilfelle vil målsetjinga med oppdraget vera nærare spesifisert. 

I eit oppdrag som støttekontakt pliktar du å tenka på tenestemottakar sin tryggleik i ulike aktivitetar, samt å nytta godkjent tryggleiksutstyr (t.d. barnesete i bil der dette er påkravd). Vidare vert det forventa og kravd at du har teikna vanleg forsikring for heim og innbu. Materielle skader på personlege eignendelar vert ikkje dekka av kommunen sin forsikringsavtale.

Som oppdragstakar er du ikkje omfatta av ordinære kommunale forsikringsordningar ved yrkesskade og sjukdom. Denne type forsikringar er oppdragstakar sitt eige ansvar. Du er likevel dekka av særskild ulukkesforsikring som er inngått av Stord kommune for den tida du er i oppdrag for kommunen.

Tildelt timetal og omfang

Tenestemottakarar som får tilbod om støttekontakt/bistand til fritidsaktivitet har eit skriftleg vedtak kor det står kor mange timar pr. veke som er gitt. Vedtaket skal evaluerast årleg og oppdragsavtale kan bli endra i etterkant av evaluering. 

Tenestemottakar og du som støttekontakt avtaler mellom dykk når de skal vera saman, men det vil alltid bli gjennomført eit oppstartsmøte i forkant av eit tilbod. Her vil om ynskjeleg ansvarleg kontaktperson hos Tilrettelagt fritid delta saman med deg og tenestemottakar samt ev. pårørande/føresette. På dette oppstartsmøtet vil dei første avtalane bli gjort og rammene rundt tilbodet bli avklart. 

Det er viktig at du gjer tydelege og konkrete avtalar med tenestemottakar om når og kor de skal møtast, og når samværet skal vera slutt. Må ein avtale endrast skal dette gjerast så tidleg som mogeleg, og det skal då helst lagast ein ny avtale samstundes. 

Det er mogeleg å spara opp og overføra timar innanfor same lønsperiode, men ikkje frå ein lønsperiode til ein annan utan enn ved spesiell avtale med Tilrettelagt fritid. Dette må naturlegvis også alltid avklarast med tenestemottakar. Ein lønsperiode er frå og med 21. i eine månaden til og med 20. i neste.

Føring av timeliste, godtgjering og utgiftsdekning

Her finn du timelista for støttekontaktar. Her finn du informasjon om og rettleiing i bruk av den nye timelista. Du må logga deg på med id-porten (bank-ID/bank-ID på mobil) for å opna lista.

Om det er nokon som ikkje har tilgang til data eller smarttelefon, og av den grunn ikkje kan nytta den nye timelista, må desse ringa oss på 53 49 68 87/53 45 64 69 og be om å få tilsendt den gamle timelista i papirformat. Eller dei kan koma innom oss i kulturhuset og henta den.

Som støttekontakt mottek du ei godtgjering pr. time samt utgiftsdekning pr. månad.

Godtgjeringa følgjer tariff som ufaglært etter dokumentert ansiennitet.

Utgiftsdekninga er tenkt brukt til aktivitet, mat, drikke. Tenestemottakar skal alltid dekka sine eigne utgifter, inkludert utgifter til transport, herunder også utgifter til parkering og ev. bompengar. Det må  avtalast pris pr. kilometer ved bruk av privat bil. 

Timelistene skal leverast kvar månad og innanfor rett kalenderår.

Timelistene må vera levert så snart som råd etter den 20. i kvar månad for at løn skal bli utbetalt den påfølgande 12. Løna (godtgjeringa) vert utbetalt gjennom kommunen sitt lønssystem og du vil få tilsendt lønsslipp frå kommunen, med informasjon om kva utbetalinga omfattar. Lønsslipp vert sendt til din digitale postkasse.

 

Kalender med klokke

Tilrettelagt fritid har ikkje høve til å godtgjere for fleire timar enn det som er gitt i vedtak og oppdragsavtale. Det vert ikkje gitt overtid, kvelds/natt eller helgetillegg.

Dersom tenestemottakar ikkje ynskjer å nytta seg av støttekontaktavtalen, vert det ikkje utbetalt godtgjering. Om støttekontakten blir avvist ved oppmøte eller tenestemottakar avlyser med mindre enn 48 timars varsel, vert det betalt for oppmøte med 2 timar. Om støttekontakten blir avvist fleire gonger etter kvarandre, må han/ho ta kontakt med Tilrettelagt fritid for å vurdera tilbodet før det vert laga nye avtalar med tenestemottakar .

Dersom tenestemottakar har følgjekort (ledsagarbevis) vil dette legitimera at vedkomande er avhengig av følgjeperson. Ved framvising av beviset vil følgjeperson kunna få gratis eller redusert inngangsbillett. Spør arrangør dersom du lurer på om følgjeprovet kan nyttast.

Her finn du meir informasjon om følgjekort.