Betalingsutsetting
Du kan søkja om å få ei kortvarig utsetting på betaling av eigedomsskatten. Ta kontakt med økonomiavdelinga via sentralbordet på 53 49 66 00.
Ettergjeving eller nedsetting
Du kan søkja om å få nedsett eller ettergjeve eigedomsskatten dersom du har kome i ein spesiell og uventa situasjon som gjer at det er urimeleg å betale eigedomsskatten. Nedsetting eller ettergjeving kan berre gjevast dersom særlege grunnar gjer at det vil vera svært urimeleg å krevja søkjaren for eigedomsskatt. Dette kan til dømes vera dersom:
Du nylig har mista inntekt på grunn av alvorleg sjukdom eller ulukke og ikkje har moglegheit til å betala. Det vil seia at du ikkje har sparepengar eller anna formue å betala med.
- Eigedomen plutseleg har mista verdi, til dømes etter ein brann.
Søknaden om å få ettergjeve eigedomsskatt må innehalda:
- Gards - bruks, feste - og seksjonsnummer til eigedomen. Dette står på eigedomsskattesetelen og fakturaen.
- Kvifor du meiner det er urimeleg å betala heile eller delar av eigedomsskatten.
- Siste skattemelding for å dokumentera inntekt og formue
- Anna relevant dokumentasjon
Etter at du har søkt:
Det er formannskapet som handsamar søknadar om ettergjeving. Dersom du får ettergjeve eller nedsett eigedomsskatten, gjeld dette berre for eitt år.