Forvaltning

På regionalt nivå er det fylkeskommunen som forvaltar kulturminnevernet. På lokalt har kommunen avsvaret med heimel i plan- og bygningslova.

Kulturminner er kjelder til kunnskap om fortida og skal representera eit tverrsnitt av fortida. 

Ulike typar kulturminne kan vera:

  • Kulturminne knytt til jordbruk og sjøbruk
  • Teknisk utnytting av vassdrag
  • Bergverk, industri og handverk
  • Handel og service
  • Offentlege bygg og anlegg
  • Fornminne
  • Kulturlandskap
  • Materielle krigsminne
  • Naturformasjonar det knyter seg særlege tradisjonar til
  • Ferdselsårer og kommunikasjon

Ønskjer du å søkja om tilskot til vern?

Dersom du er eigar av eit kulturminne, så kan du søkja om tilskot til vern.

Klikk her for å gå til søknadsskjema for tilskot

Kulturminneplan

Eining for kultur arbeidar for tida med ein ny kulturminneplan saman med ei ressursgruppe.

Klikk her for å lesa om planprogrammet og framdrift.