Stord kommune som forvaltningsorgan

Tenestestader, kontor og andre som førebur saker og fattar vedtak, utgjer forvaltningsorgana i kommunen. Slike organ skal hjelpa til å sikra rettane til innbyggjarane.

For å kunne utføre oppgåvene som er lagt til forvaltningsorgana i kommunen er det naudsynt å ha tilgang til forskjellige typar opplysningar om den som treng eller har rett til hjelp. Naudsynte opplysningar kan verte henta frå den einskilde brukar eller frå andre der forvaltningsorgana i kommunen kan henta inn opplysningar med heimel i lov.

Opplysningane skal berre nyttast til det føremålet dei er innhenta, med mindre det er heimel for anna handsaming av opplysningane.

Dersom ikkje forvaltningsorganet har heimel i lov til å innhenta opplysningar frå deg, er det frivillig å gje opplysningar til kommunen sine forvaltningsorgan. Ver merksam på at dersom du vel å ikkje gje opplysningar, kan du misse retten til hjelp frå kommunen sine forvaltningsorgan.

Rett til personvern og teieplikt

Alle som utfører teneste for eit forvaltningsorgan, pliktar å hindre at andre får tilgang eller kjennskap til det han eller ho får vite om nokon sine personlige tilhøve. Dette gjeld og andre opplysningar som skal haldast hemmeleg av omsyn til den som opplysninga gjeld.

I enkelte saker er teieplikta særskilt streng.

Lov om behandling av personopplysningar

Denne personvernerklæringa følgjer reglane i Lov om behandling av personopplysningar (personopplysningsloven) av 20.07.2018, med tilhøyrande føresegn.

Rådmannen i Stord kommune er etter lova handsamingsansvarleg i Stord kommune. Det daglege ansvaret for pliktene til den handsamingsansvarlege er lagt til kommunen sine einingsleiarar.

Rett til informasjon om handsaminga av personopplysningar

Alle som ber om det, skal få vite korleis opplysningane om eigen person vert handsama.

Du har rett til innsyn

Du har rett til å kontakta einingane våre og be om å få veta kva opplysningar dei har om deg, kva opplysningane skal nyttast til, og kor dei er innhenta frå. Dette gjeld så vel elektroniske som manuelle register. Du skal få svar innan 30 dagar.

Du skal kunne krevje at feilaktige eller mangelfulle opplysningar om deg vert retta.

I utgangspunktet skal me av eige tiltak rette opplysningar som er mangelfulle eller feil. Men det er ikkje alltid lett for den som handsamar store mengder opplysningar å bli klar over at noko manglar eller er feil.

Me tilrår at innsynsretten vert brukt og at du gjev melding til eininga det gjeld om feil og manglar.

Du kan krevje at opplysningar om deg som ikkje er naudsynt for forvaltninga, vert sperra eller sletta.

Me slettar eller sperrer opplysningar som ikkje lenger er naudsynte for føremålet med registreringa. Dette gjeld ikkje dersom anna lovgjeving pålegg oss å oppbevare opplysningane. Til dømes kan dette gjelda rekneskapslova og arkivlova.

Du skal kunne utøve dine rettar gratis.

Når du ber om innsyn, retting og sletting, er dette gratis.

Vidareformidling

Me skal ikkje selje, bytte eller på anna vis vidareformidle informasjon av nokon art, om deg, til tredjepart utan at du samtykkjer til dette.

Informasjonstryggleik

Me har etter personopplysningslova ansvar for å syte for at personopplysningane er tilstrekkeleg sikra.

Me har, mellom anna etter prioriteringar frå risikoanalysar, innført rutiner som skal gje naudsynt tryggleik.

Me sikrar at berre dei som treng tilgang til opplysningane for å utføre arbeidsoppgåver har tilgang til dei. Vidare sikrar me at opplysningar ikkje kan endrast eller slettast av andre enn dei som er autorisert til å gjere dette.

Me sikrar at personopplysningane er tilgjengelige når det er naudsynt for å utføre våre arbeidsoppgåver, for å gje deg best mogleg tenester.

Me går gjennom rutinene våre periodisk slik at tryggleiken til ei kvar tid skal vere så god som mogleg. Dersom vi oppdagar at ei rutine ikkje er følgt, vert dette grundig følgt opp.

Kontakt med Stord kommune om personvern

Dersom du har fleire spørsmål om handsaming av personopplysningar kan du ta kontakt med tryggleiksansvarleg Siren Eldøy Hinderaker eller personvernombod Haldis Lauksund på telefon 53 49 66 00 eller post@stord.kommune.no.